Når du skal kvitte deg med ei datamaskin eller eit lagringsmedium, er det sikrast å øydelegge det fysisk ved å skru det ut av maskina, demontere einingen og knuse det skikkeleg. Eit problem er å vite kva du skal øydelegge. Kor mange veit korleis ein lagringseining i ein pc ser ut? Ei maskin sitt design blir meir framtredande i dag. Enkelte maskiner er det umogleg å få ut lagringseininga av. MacBook Air med fastlodda lagringseining er ei slik.
I Parted Magic finn du verktøy for å fjerne data frå lagringseiningar. Før du set i gong er det viktig å vite litt om Linux som Parted Magic brukar. I Linux finn du ikkje stasjonsbokstavar som C, D osv. Filsystemet i Linux startar på / eller den såkalte rota og byggjer ut derifrå.
I Linux er diskar og partisjonar omtala som device og slike er organisert under mappa /dev. For ei maskin med ein intern disk vil disken sitt device bli refert til som sda. Nummereringa for diskar er at ein brukar alfabetet i den siste bokstaven (sd[a-z]) slik at andre diskar vil bli få namn som sdb, sdc eller sdd osv. Ein ekstern usbdisk vil alltid kome blant dei siste.
Vanlegvis har ei datamaskin ein eller to diskar. Du vil kome langt med å slette sda og eventuelt sdb.
- Start maskina med Parted Magic
- Skift språk til norsk
- Start Erase Disk frå startmenyen under inndelinga System Tools
Eg har valt å bruke den enklaste og raskaste varianten som fyller verdien null til kvar einaste del på disken. Nokon vil hevde at det ikkje er godt nok, men slik eg ser det må ein fram med spesialverktøy for å kunne «sniffe fram» data. Ibas har nok utstyr for å sniffe i magnetisk varisjonar, men elles er det nok svært få som har tilgang til slikt. Vil du bruke eit sikrare alternativ enn berre nulling, kan du velje nwipe frå menyen til Erase Disk. Nwipe er sett opp til å gjere 3 overskrivingar med tilfeldige data som til slutt blir avslutta med skriving av verdien null med påfølgjande verifisering på at eininga er nulla.
Under følgjer skjermbilete på korleis du går fram med den enklaste varianten:
Det aller siste bilete inngår ikkje i Erase Disk. Her har eg starta ein terminal (kalla Ledetekst i Windows) frå oppgavelina nederst. Eg har skrive kommandoen fdisk -l /dev/sda for å sjekke om disken har innhald i «innhaldslista» i starten av disken. Klare indikasjonar på at disken er nulla er at Disk identifier står til 0x00000000 og at Disk /dev/sda doesn’t contain a valid partition table.