Eg viser til innlegget 10 månadar med Android. For nokre dagar sidan gjekk systempartisjonen til S2 så full at oppdatering av appar byrja å svikte, 3 månadar sidan sist. Eg byrja å skjøne det i desember og har sidan forsøkt å spare på lagringsplassen. Fleire gongar har eg sjekka opp dei få appane eg nyttar, tømt lager og flytta det som kan flyttast til SD-kortet. Men det har hatt same effekt som å pisse når ein ligg i kald sjø.
Sidan ingen av forventa brukarhandlingar har fungert, har eg levd i den tru at problemet skuldast at Android ikkje ryddar opp filer til systemet. Løysinga på dette måtte være å låse opp («root») Android slik at ein kan gå inn i filsystemet og slette filene. Slikt kan ha sine uheldige konsekvensar sidan ein fjernar/svekkar basisforsvaret i Android som gjer telefonen meir sårbar for tvilsom kode. I mine auge var telefonen defekt. Ein kan ikkje setje seg ned 4 gonger i året og nullstille telefonen og setje han opp att.
Etter at telefonen vart skifta ut gjorde eg søk på nettet og det viser seg at problemet er kjent og stammar frå oppdateringa til Android 4.1.2 som, om eg hugsar rett, kom i fjor sommar. Her er nokre lenker som omtalar det:
- http://community.vodafone.com.au/t5/Android/Device-storage-issue-After-updating-SGalaxy-S2-to-4-1-2-Please/td-p/200516
- http://forums.androidcentral.com/samsung-galaxy-s-ii/272384-galaxy-s2-cannot-download-updates-new-apps.html
Problemet kjem av at loggar og crashdumpar som ikkje blir rydda opp. Ei mogleg løysing blir skissert som ikkje krev at ein låser opp Android. Eg har diverre ikkje fått testa ho, men ho kan vere verd eit forsøk:
- «Ring» *#9900#
- Velg “Delete dumpstate/logcat” i menyen
Menyen er tilgjengeleg i nyare S-versjonar. Har du tilsvarande problem er det forsøket verd. Å nullstile telefonen for å setje han opp att frå grunn av er arbeidskrevjande og mildt sagt irriterande. Eg er særdeles skuffa over Samsung sidan dei ikkje har greidd å rette problemet. Ei oppdatering burde vore på plass for lenge sidan.
Samsung, dette er kvalitetsmessig langt under pari!