Tur: Fadnastølen etter traktorvegen

Fadnastølen er den heimste stølen på austsida av Njøsadalen. Det er fleire måtar å kome dit som gir deg gode moglegheiter til å variere turane dine. Den vanlegaste turen til Fadnastølen er stien over Åsen. Eit lengre alternativ er å starte på Njøs og gå langs Seljeskredfjellet og Bjørnshovden.

I nærleiken av tusenårsskiftet vart det oppretta ein traktorveg til Fadnastølen. Du følgjer traktorvegen inn Njøsadalen i ca 1 km like forbi Pyttane og Bøllamannbrui. 40 meter etter Bøllamannbrui tek du til høgre inn på traktorvegen til Fadnastølen. Vegen kryssar stien frå Vetlagjerdet til Fadnastølen like under Åsen og held fram mot fjellet der han slynger seg opp forbi beiteteigar. Den øverste teigen heiter Fleken. Følgjer du vegen til endes, kjem du ut på austre del av Fadnastølen. For å koma opp til den øvre delen med litt utsikt, held du fram nordover langs bekken, før du kryssar han ved det øverste hytta/sælet. Skal du opp Kvannskar til Bergsete eller Havrane, kryssar du ikkje bekken, men held fram nordover, langs bekken, til du tek av i retning fjellet.

I bileteserien min har eg fokusert på korleis du enklast kan kome til turpostkassen til Syril plassert ved Tunga, på nedre del av vestre Fadnastølen. Eit par hundre meter før traktorvegen sluttar, i ein slak høgresving, ca 50 meter etter øvre grinda inn til teigen Fleken, tek du av og følgjer ein sti gjennom skogen. Du må krysse ein bekk ca 50 meter frå vegen. Er vassføringa stor, kan det vere lurt å gå tilbake og følgje vegen litt lenger før du går inn på austre del av Fadnastølen, ved dei første hyttene/sæla, og kryssar der. Du vil kome inn att på stien før neste bekk.

Kan du passere den første bekken, fører stien deg vidare til bekken som kjem frå Gamlestølen, området under kraftlina, lenger framme, og kløyver Fadnastølen. Om våren kan vassføringa verta i mesta laget. Du kjem lettare over om du går nordover til den øvre delen av Fadnastølen og krysse like ved den øverste hytta/sælet. Kjem du deg over bekken her nede, har du att 50 meter til Tunga og turpostkassen.

For å koma opp på øvre Fadnastølen, frå Tunga, går du nordover gjennom ein ørliten granskog, over marka opp til sælet/hytta øverst på Fadnastølen. Her får du den beste utsikta. Held du fram 50 meter forbi hytta, vil du sjå stauren med skilt som peikar mot Tuftahaug.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.