Tirsdag publiserte Justis- og beredskapsdepartementet ei pressemelding, basert på ei vurdering frå Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM). Ein fråråder appane TikTop og Telegram på tenesteeininga (telefonar, nettbrett, pc og Mac) i departementa. Det tok ei stund før eg la merke til den vedlagde vurderinga frå NSM.
TikTok har eg ikkje noko forhold til og valde difor å konsentrerte meg om Telegram. Eg var spent på kva NSM hadde funne ut om Telegram, som har base i Dubai. Telegram vart etablert av ein russar tilbake i 2013, men i 2014 forlot teamet Russland til fordel for Tyskland. På grunn av utfordringar med opphaldsløyve, flytta basen til Dubai. Eg har kopiert ut det som er bakgrunnen for kvifor Telegram blir frarådd:
Vi viser til Etterretningstjenestens trusselvurdering i Fokus 2023 som fremhever at Russland og Kina er de fremste trusselaktørene mot norske sikkerhetsinteresser. Vi har derfor i denne besvarelsen avgrenset oss til å vurdere applikasjonene TikTok og Telegram som har tilknytning til disse landene. Dette betyr ikke at andre applikasjoner ikke kan utgjøre en tilsvarende risiko.
…
Det tas forbehold om at Telegram ikke er analysert av NSM og vi har ingen solide kilder, analyser eller observasjoner som særskilt utpeker Telegram som meldingstjeneste i negativ retning ut ifra et teknisk perspektiv. Vurderingene er i hovedsak støttet på informasjon fra tredjeparts åpne kilder…
- Russland er ein trusselaktør, ja, men selskapet er ikkje i Russland. Grunnleggaren er russar, som forlot Russland i 2014, etter å ikkje ville etterkome pålegg frå styresmaktene knytt til den russiske tenesta Vkontakte. Telegram og Vkontakte er to forskjellige produkt. Han måtte kvitta seg med Vkontakte når han forlot Russland. 1. mars 2023 vart Telegram saman med alle andre utanlandske meldingstenester forbudt på dei russiske styringsmaktene sine einingar.
- NSM tek forbehold: Ein har ingen solide kilder, analyser eller observasjoner.
- Neste setning peikar på at NSM støttar seg på informasjon frå tredjeparts, åpne kjelder utan å liste opp sine kjelder. Som akademikar veit du at du alltid skal oppgi kjelder, utan kjelder har du ingenting. Dette overraskar meg. NSM er full av folk med master (>=5 år på høgsskule/universitet).
Mi vurdering:
Vurderinga av Telegram utført av NSM er ikkje verd tida det tok å skrive ho. Eg har brukt 3 timar i dag på å prøve å finne noko som kunne underbygge ståstaden til NSM, men har ikkje greidd å finne kjelder som gir meg grunn til å mistru Telegram.
Som med alle andre meldingstenester er det opp til deg kor mykje du vil gi appen løyve til og kva du vil kommunisere om. Spør deg sjølv alltid om appane treng tilgang til lokasjon, kontaktar eller alle bildene dine.