På kvelden dagen før vitja vi Utah Beach. I dag sto alle stadane frå Carentan-les-Marais til Ouistreham på planen. Først gjekk turen til byen Grandcamp-Maisy og monumentet over fransk flymannskap som mista livet frå landgangen i juni 1944 fram til krigen enda. Det som fasinerte mest med plassen var den enorme forskjellen mellom flo og fjøra sjø. Når vi var der, var det langt å gå til du møtte sjøen. Båthamna er slusa slik at når det er fjøra sjø, har båtane vatn å ligge i. I tillegg var det eit imponerande fisketorg ved hamna med mykje forskjellig til sals.
Før vi forlot Grandcamp-Maisy vart det tid til eit stopp ved fredsstatua Statue de La Paix. Pointe du Hoc er eit obligatorisk stopp, eit sentralt og viktig punkt oppe på klipper som måtte takast for å sikre invasjonen i juni 1944. Artilleriet der ville kunne ha gjort stor skade. Gamle bunkerar og restar av bygningar står att saman med minnesmerker. Dei som inntok dette forsvarsverket måtte ta seg opp vel 30 meter frå stranda under konstant beskytning.
Deretter køyrde vi til Omaha Beach, ei lang strand med fleire minnesmerke. Vi stoppa først ved det store minnesmerket for landgangen. Etter å ha vore der og vandra på stranda sette vi oss i bilen og køyrde i austleg retning og kom til område der ingenørtroppar hadde gått i land for å sjekke moglegheita for ein landgang på strendene både med tanke på om sanden bar og om ein kunne kome seg opp og vidare i terrenget. Dette skjedde i skjul før sjølve landgangen.
Neste stopp vart Juno Beach, ei anna stor landgangsstrond i juni 1944. På vegen dit køyrde vi også gjennom områda og landsbyar som vart namngitt Gold Beach. Som mange andre strender vi opplevde på turen, var Juno Beach ei lang strand der mange omkom i den første bølja som landa. Eit stor kross er reist der og ein finn restar av gamle bunkersar.
Siste strandområde vi vitja var den austlegaste stranda for landgangen mot byen Ouistreham, kalla for Sword Beach. Her står det eit minnesmerke av ein skotte. Er ikkje vanskeleg å forstå kven som deltok på landgangen her. Sett i lys av dagens aktivitet er det vanskeleg å sjå for seg stranda full av hinder og tyske styrkar forsvarar seg mot dei som kjem i land.
Nett som vandringa mi konsentrasjonleirar i Polen og Tyskland i 2014, vert det noko spesielt å oppleve områda der mange måtte ofre livet for å slå ned på nazismen og fasismen som hadde manifistert seg i Europa. Det er berre så synd at den same nasjonalismen gror fram rundt om oss. Den som ikkje lærer av historia, er dømt til å gjenta ho.