Første bulken…

I litt under eitt år har eg hatt ein liten, nsvak bulk på nedre del av venstre dør på bilen eg kjøpte i mai 2022. Eit lite uhell når eg bøygde meg inn for å nå lenger inn i bilen for hente ut varer. Utruleg ergerleg når bilen var 2-3 månadar gamal. Eg fekk ein pris å eit par tusen kroner for å rette bulken med limuttrekk lokalt. Dei kunne ikkje garantere at det blei som nytt. Eg valde å vente det an. I vinter og vår kika eg på alternativ. Med lokal Biltema kjøpte eg inn limpistol og verktøy for bulkoppretting.

Som ny på område, må det testast på ein eldre bil. Vår bil nummer 2 er snart 14 år gamal og nokon har smelt ei dør i han og etterlete ein bulk i venstre bakdør. Ingen lappe eller nokon som ville gjere opp for seg. Ein grei test for uttrekking av bulk. I dei første forsøka var eg litt forsiktig, ikkje for mykje lim på det som skulle festast på lakken. Det var justert og dei siste to-tre gongen hadde eg nok lim på. Resultatet var at det vesentleg av bulken vart trekt ut. Det er ikkje perfekt, men du må jobbe litt for å sjå att restane av skaden.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.