Ei over, ei att

Lenovo IdeaPad 5 Pro med AMD Ryzen 7 5800U er over på Ubuntu 24.04. Til vanleg arbeid er ho still med lang batteritid. Om eg vil kan eg redigere video med ho på same måte som under Windows. Det integrerte grafikkortet i prosessoren har maskinvarestøtte til koding av H.264- og H.265-video. Shotcut kan nytte denne støtta til raskare å eksportere video samt at det flyt betre når du redigerer. CPUen slepp å stå for all «løftinga».

Eg starta i går ettermiddag med å få over på Ubuntu 24.04 den nye og kraftigare berbare maskina mi. Ho har ein Intel i7-12700H samt eit kraftig Intel Arc-grafikkort. Intel, som AMD, skal vere det beste valet under Linux, men eg har støtt på ei utfordring. Shotcut ser berre det integrerte skjermkortet i prosessoren, Intel Xe Graphics. Eg oppdaga det i dag, midt på dagen, etter at eg hadde sett opp alt anna. Vel, vel arbeidet er ikkje bortkasta, men eg må løyse denne nøtta først.

Maskina er kjøpt med bakgrunn i at ho har eit dedikert Intel Arc-grafikkort, som gir maskinvarestøtte til den nye, frie og opne videostandarden AV1. Ingen må betale lisens for å bruke AV1. For H.264/5-video må ein betale lisens til dei som sit på rettane. AV1 er moderne og avansert, som gir betre bilete og mindre filer enn H.264/5-variantane. Baksida er at AV1 er langt tyngre. Utan maskinvarestøtte, som Intel Arc har, må du «ta kalendaren i bruk» om du skal kode om video med berre prosessoren.

Over tid vil H.264/5-støtta bli fjerna frå TV, operativsystem osv. Det skjer ikkje i dag eller morgon, men det er eit spørsmål om det forsvinn i løpet av neste tiåret. Eg har langt over 1000 videoar frå før ungane og fram til i dag. Alt skal omkodast til AV1 (fri videokodek) og Opus (fri lydkodek) for å sikre at om eg nærmar meg 80, kan eg framleis kunne sjå tilbake på minna frå 90-talet og tusenårsskiftet med eit smil.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.