Tur: Raumålsgrinda frå stadion

Turen til Raumålsgrinda frå stadion (barneskulen) er eit godt alternativ til å gå inn Henjadalen. Turen stiller ikkje store krav til fottøy. Joggesko er greit nok.

I høve turen inn Henjadalen til Fivelhola eller Flya, er turen opp til Raumålsgrinda under halvparten i distanse – ca 2,5 km. Ulempa er at det er 370 høgdemeter som skal forserast på den kortare distansen.

Frå stadion føl du vegen inn Henjadalen eit par hunder meter, til du kjem til Skiva. Her er det skilta og stien forlet vegen. Du går opp gjennom skogen, forbi Hovdavegen, til Heggedalene over teigar, hogstfelt og gjennom skog. I Heggedalene følgjer du grusvegen opp til siste krappe venstresving. Der forlet du vegen i botnen av Raumålsbakkane for å følgje stien i kant med granfeltet oppover til du nærmar det Raumålsgrinda. Det kan til tider vere litt fuktig like før grinda, men du får heller gå i ytterkant av det våte.

På heimturen, ned til Heggedalene, kan du takka vere hogsten i 2012 nyta utsikta ned mot Hermansverk og innover fjorden. Slik utsikt har du ikkje når du går heim att Henjadalen.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.