Dei siste månadane har eg jobba med å flytte over frå Microsoft til Linux. Det utløysande eller dråpen som fekk begeret til å renne over, var Windows Recall for dei nye Copilot+ PCane. Her er litt utdjupande forhistorie:
For den kraftigare videoredigeringsmaskin, traff eg på eit lite problem. Eg fekk ikkje utnytta kreftene i Intel Arc A730M til konvertering av video til det lisensfrie format som AV1 med Opus-lydspor. I innlegget utgong bestemmer grafikkort har eg skildra det eg trudde kunne vere svaret. Eg har søkt råd på produsenten sine brukarforum, men har konkludert med at eg er unik. Det er taust som i graven.
Ubuntu 24.04 har kome i punktversjon 1 slik at det meste av småfeil i starten skal vere rydda or vegen. Eg valde difor å gjere eit nytt forsøk og no fungerer alt som det skal. Arbeidsflyten min blir som i Windows.
Å installere Ubuntu er enkelt frå ein minnepinne. Eg er rimeleg nøgd med standard oppsett av Ubuntu 24.04, men har gjort nokre tilpassingar:
- «Dock» eller «apphylle» har eg flytta frå venstre side til midten, nede på skjermen som i MacOS.
- Gnome Extensions sørger for:
- alfabetisk sortering av appane i totaloversikta samt
- skjuling av topplina når eg maksimerer program.

Ubuntu satsar på app-distribusjon gjennom Snap. Appane køyrer i eit sandkassemiljø som eg opplevde så strengt at appar eg nyttar i videoredigeringa ikkje fekk dra nytte av maskinvarekoding. Eg la heller til rette for Flatpak, som blir nytta av mange andre distrusjonar. Utvalet er større, appar var i nyare versjonar og ting fungerte som det skulle, inkludert maskinvarekoding av video.
- LibreOffice erstattar Microsoft Office.
- Evolution erstattar Outlook.
- Krita erstattar Paint.net og Photofiltre i Windows.
- Syncthing erstattar Microsoft OneDrive med synkronisering på tvers av einingar, inkludert telefon og nettbrett.
- Microsoft OneDrive koplar eg til automatisk ved hjelp av rclone.
- Cryptomator sørger for å kryptere alt eg lagrar i OneDrive som backup. Microsoft har ingen tilgang til innhaldet.
- Shotcut redigerer eg video med.
- Handbrake konverterer video til endeleg arkiveringsformat AV1/Opus ved hjelp av Intel Quick Sync i Intel Arc A730M.
- VLC taklar alle videoformat.
- KeepassXC held styr på passorda mine.
- Firefox er nettlesar.
- OBS Studio vert sporadisk nytta til opptak av skrivebord.
- Skulle eg få lyst til å spele, har eg erfaring med at Steam og Proton fungerer godt på mine eldre spel.