Retur til Spotify

For eit knapt år sidan valde eg å gå over til Youtube Music. Tidlegare betalte eg både for Youtube (berre videoar) og Spotify, men Youtube kutta det rimelegaste abonnementet og pakka det saman med Youtube Music. Prisen var grei samstundes som det var flott at eg kunne halde fram og støtte dei som laga videoar på Youtube. No når prisen vart auka frå kr 119 til kr 169, valde eg å prøve Spotify igjen.

Youtube Music er kaos, her får du rått og rote

Ta for eksempel Elvis Presley og samanlikn Youtube Music og Spotify:

Youtube Music er eit komplett kaos av ulike «ompakka» versjonar, medan Spotify er reinare med det eg oppfattar som offisielle utgivingar. Test ut Youtube Music, sorter frå nyaste til eldst, og sjå kor langt du må bla før du kjem til Moody Blue-albumet frå 1977. Kaoset er ikkje det som gjer at eg går tilbake til Spotify.

Normalisering av volum er juvelen til Spotify!

Legg merke til den nederste lina i bilete på toppen. Spotify kan normalisere volum mellom spor. Eit spor som er miksa med lågt volum blir justert opp, medan eit spor som er miksa med eit høgt volum blir justert ned. Youtube Music tilbyr ikkje dette.

Det er ikkje få gonger eg har lytta til eit lågt miksa spor/album i Youtube Music og bytt til eit nyare album som er miksa med kraftig volum. Til tider har eg lurt på om øyrevoksen har losna og hjarta har hoppa over eit slag. Nokre gonger har eg titta over på passasjeren for å sjå om han/ho framleis er i live….

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.