Tur: Hest

Grinde og høgdegarden Engjasete er eit godt utgongspunkt for mange turar. Tidlegare har eg teke for meg turane til stølen Orrasete, som er kort og tek 15-20 minutt og ypperleg for nybyrjarar og familar med småbarn. Eit anna og litt lengre alternativ er turen Hedlesetnipa for å nyte utsikta utover fjorden. Dersom du doblar distansen frå Hedlesetnipa, vil du kome til stølen Dalsbotnen. Tek du deg ein god pause på Dalsbotnen og igjen doblar turen, vil du kome deg opp på fjellet Hest som ligg på 1360 moh. Samla bør du rekne med at turen frå Engjasete til Hest tek deg mellom 3 og 4 timar opp. Nedatt går det raskare, ca 2 til 2,5 timar.

Hest ser du frå Dalsbotnen. For å kome dit må du opp, det eg vil kalle, tre platå. For å kome til det første platået, følgjer du stien opp til Fagereivatnet. Stien er tydeleg i lia bak sela, eit stykke til høgre for elva som renn frå vatnet. Det blir ei kort stigning. Oppe ved Fagereivatnet, tek du peiling på Hest og siktar deg inn på austre ryggen. Hald til høgre for vatnet. Stigninga til det neste platået er nok ein del lengre enn frå Dalsbotnen til Fagereivatnet, men vel så bratt. Når du er oppe, er det igjen å ta peiling mot austre rygg fjellet Hest. Ved å legge turen litt til høgre på den slake stigninga fram til det siste platået like under ryggen Hest, kan sjå ned Gildalen og over mot Kjeringafjellet, Kaldekletten, Voggebreen m.m. på austsida av Huksdalen.

Ved foten av austre ryggen av Hest, går du opp på gras/mose, som skil seg tydeleg fram frå steinørkenen. Cirka halveges opp ryggen, snur du nasen vestover mot varden på Hest. No skal du kunne få auge på små steinvardar, som guidar deg mot varden. Går du tidleg på året, kan du satse på å gå opp snøen og kome opp nærare varden. Oppe på Hest er det berre å nyte utsikta 360 grader. Her ser du i vest Storholten og Vassvarden. I sør ser du mot Vik og fjella der, Vangsnes, Mælen, Feios, Borlaug. Innover fjorden ser du langt inn til fjella på Frønningen, Storhugen, Bjørgahaug, Mjellhaugane, Skriki. Og austover langs ryggen på Hest ser du Fagreggi, Smørkletten, enden av Eitrebotn, Kjeringafjellet, Kaldekletten og Voggebreen.

I nord ligg andre toppar å lokkar. Ved å følgje steinørkenen nordover over/ved Midteggi, endar du opp på sørspissen på Stav på 1456 moh. Frå der startar ei lang vandring ned Trodalseggi til Vassvarden, Storholten, Daurmålhaug, Skarde, garden Rud til du står på kaien på Hella. Totalt tid på denne turen frå Engjasete må du rekne 8 til 9 timar.

Turen til Hest er delt opp i fire deler:

  1. Engjasete til Orrasete
  2. Orrasete til Hedlesetnipa
  3. Hedlesetnipa til Dalsbotnen
  4. Dalsbotnen til Hest

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.