De som ikke husker fortiden, er dømt til å gjenta den.
George Santayana
For 10 år sidan, ei flott, varm veke i september reiste eg til Polen og Tyskland. Her gjekk eg i restane av det som er og var Auschwitz-Birkenau, Ravensbrück og Sachsenhausen. I tillegg besøkte eg Stasi-fengselet i Berlin.
Før reisa hadde eg lese fleire bøker og sett dokumentarar om forløpet og sjølve krigen. Eg dekka begge sider, både dei som kjempa mot og lei under regimet samt dei som kjempa for regimet. Eg ville prøve å forstå korleis det kunne skje og kva som låg bak mellom anna ideoleogien om at ei menneskerase var å foretrekke.
Om du skal gjere ei reise i løpet av livet, skal du ta turen til Auschwitz-Birkenau, Ravensbrück og Sachsenhausen. Du kan sjå mykje på TV, men det er noko heilt anna å gå rundt på områda og i bygningane der dei grusomme handlinga skjedde. Utstillingar av t.d. reisegods, klede og hår gjer inntrykk. Å spasere rundt på området og i bygga for å få eit inntrykk over korleis dei mindreverdige vart handsama tek pusten frå deg. Å stå ved jernbana der folk blei transporterte inn i kvegvogner, sortert i dei som kunne arbeida og dei som måtte rett i «dusjen»/gasskammeret er garantert å gi det frysningar ned ryggen. Vi må heller ikkje gløyme dei grusomme forsøka Joseph Mengele i Auschwitz-Birkenau.
Oppspelet til denne perioden var at den økonomiske tilstanden i Tyskland var elendig etter oppgjeret etter første verdskrig. Prisstigninga var skyhøg, folk såg etter ein sterk leiar. Etter eit mislukka statskupp, valde Hitler å gå fram på demokratisk vis. Partiet auka oppslutning og med overtalinga si makt og hjelp av rike støttespelarar, greidde han å navigere seg i posisjon og få fullmakter der han, som Rikskansler, kunne styre eineveldig. Dei som ikkje fall inn bak han, vart henretta slik som under de lange knivers natt. Nokon måtte naturlegvis få skulda for alt det som var gale. Den gongen var det jødane, men heller ikkje andre «mindreverdige» vart skåna.
To år etter reisa skjedde det noko over dammen som fekk uroa eg følte der nede til å vakne igjen. Over dei neste 4 åra vart ho ikkje mindre. 6. januar 2021 med storminga av kongressen var totalt uventa, eit dårleg organisert forsøk på eit statskupp. Historia gjentek seg.
Eg trudde det var det siste vi såg til denne personen. Han ville aldri kome i posisjon att. Å, kor feil eg kunne ta. Partiet han representerer hadde i løpet av dei 4 åra vorte nikkedokker bak han. Ingen av riskrettsakene fekk konsekvensar. Historia gjentek seg.
I dag, ved hjelp av rike støttespelarar og misnøye med prisstigning, innvandring og folk som ikkje fell inn under ordinære rammer, har han blitt president igjen. Støttespelarar har laga til Prosjekt 2025, eit kart over kva ein kan forvente seg. Eg kan dra fram rettlaus internering av det ein meinar er ulovlege innvandrarar, fjerning av undervisningsdepartementet. Vitskap blir erstatta av kristenfundamentalistisk styring og sensur. Presidenten skal få utvida fullmakter som gjer at han kan kontrollere f.eks. Justisdepartementet. Einevelde er nært å tenkje seg. Historia gjentek seg.