Alle gode ting er tre?

I dag var avtalen med forhandlar å hente ut lånebil i 14-tida for ei lengre feriereise. Like før kl 9 ringde telefonen min. Forhandlar lurte på om eg kunne kome til kl 11. Dei hadde fått inn ny ICCU/ladestyringseining til bilen min og ville montere den. Heldigvis har eg ein slik jobb som gjer at eg kan kaste meg rundt, køyre knappe 2 timar og plukke opp att der eg slapp. No kryssar eg fingrane for at den tredje ICCUen bilen har hatt aldri utviklar ein defekt. Eg er lei.

Medan eg sat der oppe tikka det inn ei melding frå Hyundai Motor Norway om eg kunne vurdere det siste verkstadbesøket mitt. Det var servicen 9. mai, gjekk eg ut ifrå. Når dei vel å pirke i ein gretten bjørn/kunde, skal eg jammen klore frå meg. Dei fekk ein kort versjon av det under.

Forhandlar gjer som godt han kan, og er fanga mellom borken og veden. Mi harme er retta mot Hyundai Norge, som ikkje vil ta ansvar for noko knytt til problema med ICCU. No har det kosta meg 1500 km ekstra køyring som utgjer gode 22 timar i bil att og fram. Og det er ikkje slik at reparasjonar kan takast utanom mi arbeidstid.

Hyundai er vel kjent med problemet, men har ikkje rekt ut ei hand til kundane. Dei let forhandlarane ta støyten. Nei, Hyundai, har de levert langt under pari kvalitet, må de stå rakrygga og ordne opp. Slik det er no står kundehandsaminga til stryk. Som kunde er eg IKKJE NØGD, for å stave det ut med store bokstavar. Eg veit ikkje om eg kan eller vil tilrå folk å kjøpe Hyundai i dag. Alt ekstra trøbbel og bortkasta fritid slit på humøret og ikkje minst tilliten til bilen. Eg forventa meg eit problemfritt bilhald med service kvart andre år eller 30 000 km.

Til og med ein 1984 Skoda 120 GLS eg «piska» att og fram til Oslo i studietida, for snart 40 år sidan, var langt meir driftssikker enn Ioniq 6en min. Skodaen kasta aldri inn handklede, sjølv om han ofte låg opp mot turtallsperra.

Hyundai kan hente inn att situasjonen ved å vise at dei set pris på kundane sine. Eg meinar at alle vi som har vore utsett for vanskane burde fått «eit plaster på såret» for ulempene og irritasjonen defekte ICCU(ar) har skapt. For min del kunne eg sett føre meg kompenasjon av denne typen:

  • 3 servicar kostnadsfrie for kunden
  • 3 år gratis lading på Charge MyHyundai

Hyundai, ikkje la ideane mine vere avgrensande og gjerne kombiner. Overrask oss kundar med noko postitivt. Som sagt kundehandsaminga hittil står til stryk. Frå botn kan det berre gå oppover.

2 thoughts on “Alle gode ting er tre?

    • Har snart kjørt 20 000 km etter skifte av andre ICCU i mai. Alt fungerer som det skal hittil med bilens tredje ICCU. For å unngå overraskelser på tur har jeg opprettet en laderegel: Alltid hurtig-lade! Unngår at ICCU belastes med konvertering av vekselstrøm til likestrøm for lading av hovedbatteri.

      PS! Har ikke sjekket nærmere, men ifølge The Ioniq Guy har Hyundai utvidet garantien på ICCUen i Korea til 10 år, om jeg husker rett. Ser videoen har blitt medlemsvideo, men jeg så den før han la det bak betalingsveggen. Håper at vi også få utvidet garanti på den i Norge.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.