Turen til Stokksete kan du ta frå to stadar, parkeringplassen på Kleppa eller frå Skahaug, like over byggefelta på Røysa. Begge stiane passar ypperleg for ungar. Her risikerer du ikkje å falle ned frå høge berg om du skulle trø feil.
Sommartstien til Stokksete frå Kleppa følgjer ikkje skiløypa. På veg mot Damefall, går stien vestom Damefall. Du slepp myrane og vått terreng, som det er litt meir av i skiløypa, men turen er litt lenger. Er det ein periode med tørrver, kan du gå opp skiløypa og spare deg for ein del tid. Vil du gjere litt meir av turen, kan du går ne til Raudmålsgrindi. Like over ho går det ein sti tilbake mot parkeringsplassen på Kleppa. Her er det viktig at du lyttar godt etter. Stien kjem ut på leirduebana. Du har ikkje lyst til å spasere inn midt i hagledrivene, men fortvil ikkje. Når du nærmar bana, vil det vere mogleg å ta av i god tid før og kome ut på ein sikker plass.
Turen til Stokksete frå Kleppa er splitta i tre deler:
- Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – Bilete 002 – 016
- Frå krysset der du kan ta av til Smørkletten til kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell Bilete 002 – 007
- Frå kryss med sti til Rjupeskar og Kjeringafjell til Stokksete