Skagasete er ein støl på 589 moh på Hermansverk. Du kan skimte sæl/hytter mot himmelen frå Njøs og frametter Gjerde og Moene. For å kome opp på Skagasete eksisterer det minst 3 alternativ. Den vanlegaste turen er å starte på Kvålen og gå via Haoahaug. Eit lengre alternativt er å følgje traktorvegen til Skagasete. Eit tredje alternativ er å starte på toppen av Dalenfeltet.
På turen via Haoahaug følgjer du ikkje traktorvegen, men tek av, opp skogen, like etter grindene ved starten av Njøsadalen. Litt over Haoahaug møter du på stien som kjem opp frå Dalenfeltet. Stien til Skagasete frå Haoahaug er tydeleg. På turen passerer du gamle kvilesel/kvilehytter, løer på attgrodde teigar, nyrydda teigar, kraftliner og forbi gamle almar. Seinvåres og på seinsommaren kan du møte sauer. Dei er van med at eigarane kjem med noko til dei, så det kan verte litt styr når lam og sauer kjem deg brekande i møte. Om sommaren kan det gå kyr eller hestar ved stien. Dei er meir beskjedne og bryr seg lite om at du kjem pesande forbi.
Turen er eit godt alternativ for dei som synes at Bjørgahaug blir litt for bratt og luftig eller dei som ønskjer at turen skal ta litt lenger tid. Her er det ingen stupbratte berg du må gå langs og turen har noko svakare stigning. Bjørgahaug ligg på ca 300 moh med 240 høgdemeter å gå. Skagasete ligg på 589 moh og frå Kvålen skal du opp i underkant ca 450 høgdemeter. Dei skal fordelast over ein dobbel så lang tur, men eg skal lova deg at du vil få sveitte. Du bør rekne med 45 min til timen, som er vel dobbel tid av turen til Bjørgahaug. Frå Skagasete kan du halde fram vidare til Lusaskard på 1000 moh eller du kan gå mot Hottadalen.
Turen til Skagasete er delt opp i to deler:
- Kvålen til Haoahaug
- Haoahaug til Skagasete