Slepp forbi!

Kom over denne artikkelen på TV2: https://www.tv2.no/nyheter/innenriks/lastebilsjafor-siri-28-ber-bilturister-vise-hensyn/17863783/

Eg har køyrt litt rundt no i fellesferien og kjenner meg att i trafikkbilete. Det har vorte vesentleg meir utfordrande opp gjennom året. Det er uhorveleg mange bubilar, nokre personbilar dreg campingvogner og det er mange leigebilar på vegene. Med andre ord det er mange ulike type turistar på vegene. Nokre køyrer for første gong eller ein av dei få gongene i året ein større bil.

I går var eg på retur frå ein lengre tur. Ca 5 mil heimefrå kom eg bak ein bubil som femte bil. Bubilen holdt 50-60 km/t i 80-sona. Her på Vestlandet er strake strekker sjeldan og vegane er ofte smale. Etter ei rask visualisering av den næraste mila konkluderte eg med at her ville det vere vanskeleg å arbeide seg fram i køen for å forsere hindringa. Bubilen viste ikkje teikn til å ville køyre ut og sleppe personbilane som følgde forbi. Eg valde å ta av og køyre «gamlevegen» for å sleppe køen frå meg. Orkar ikkje å ligge bak i rykk og napp, langt under fartsgrensa fordi den/dei framfor ikkje taklar svingete veger.

Etter avstikkaren kom eg ut att på hovudvegen og jaggu kom eg bak nok ein bubil, denne gong som fjerde bilen. Same erfaring som bubilen og køen eg valde å sleppe frå meg, det gjekk i 50 – 60 km/t i 80-sona. Når vi kom til ei 70-sone med rettare veg, forsvann han i 80 km/t. Nærma vi oss svingar, minka farten att. Bilane som hadde lege mellom bubilen og meg, hadde teke av frå vegen dei siste kilometerane og eg var no rett bak. Sidan vi ville kome til eit parti med mange svingar, gav eg teikn til at eg ville forbi med lyshornet. Bubilføraren viste ingen teikn. Litt etter brukte eg lydhornet, men ingen reaksjon. Føraren passerte fleire stadar han kunne køyre ut og virka heller å forsøke å auke farten. Vi kom til partiet med svingar og der starta bubilen å kappe svingane. Etter eit par svingar blinka eg godt med lysa, bubilen sakka av farten slik at eg kom meg forbi.

Når eg køyrer bil, held eg alltid full kontroll med det som kjem bak meg. Dersom det er køyretøy som tek meg att, gjer eg alltid mitt for å sleppe dei forbi så raskt som mogleg. Eg vel å gjere for andre det eg vil at andre skal gjere for meg. Er det å vise omsyn for mykje å forlange?

One thought on “Slepp forbi!

Legg att svar til Arild Bjørk Avbryt svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.