I dag var det nok ein artikkel om Harastølen og dagens eigarar. Neste år er det 20 år sidan ein byrja å prate om å gjere noko på Harastølen. Opp gjennom åra har det vore mange idealistar som har vilja gjere noko. Noko har også vorte gjort, men skal vi sei at lufta har gått ut av ballongen for mange.
Gjennom alle desse åra har eg hatt den haldninga at dei som har prøvd seg ikkje har hatt eit snev av realisme kor mykje det vil koste å skape noko der oppe. Å gjenbruke bygningane der til hotell i «særklasse» samt skape eit fint grøntområde i stil med hotellet vil koste hundervis av millionar.
Om ein hadde greidd å få orden på bygga og området rundt, må ein spørje seg om det er nok med eit hotell eller om ein må gjere noko i området som gjer at eit opphald blir ei oppleving, ikkje berre eit hotell. Det er ei gamal, attgrodd langrennsløype like før du kjem opp, men her må ein nok tenkje seg noko a la Hemsedal eller Myrkdalen for å kunne ha heilårsdrift. Slikt kostar pengar og vi snakker om fleire hunder millionar for å skape skianlegg med sommaraktivitetar for å kunne sikre året rundt drift.
Vegen opp til Harastølen er laga i ei svunnen tid. Han er smal, bratt, går gjennom bustadfelt og har avgrensa akseltrykk med store deler grusdekke som renn vekk i regnet og snøsmeltinga. Skal ein kunne tilby noko spesielt der oppe må ny veg på plass. Ny veg vil koste kommunen grovt stipulert tresifra millionar. Greit nok at Luster har (hatt) romsleg økonomi, men som andre må dei prioritere. Å satse på det som hittil har vore luftslott sit langt inne, vil eg tru.
Hittil har ingen av aktørane som har vore innom Harastølen hatt kapitalen og ryggraden til å gjennomføre nødvendige investeringar. Heller ikkje har dei greidd å skaffe kapital i tida dei har hatt hand om området. Det ser heller ikkje ut til at dagens eigarar har noko å fare med. Må legge til at eg sjekke opp selskapa når eg først høyrde om dei. Mi vurdering på det tidspunktet var at dei ikkje hadde ressursane til noko. Det var heller ikkje noko som gav inntrykk av at dei ville kunne få det.
Eg står fast på det eg har sagt heile tida: Det vil ALDRI bli noko økonomisk levedyktig på Harastølen!