Mi lydbok-reise starta tilbake i mai/juni 2023. Ein kollega tilrådde det varmt og det tok ikkje lenge før eg forstod kvifor.
På ei lang reise nordover, heilt til Nordkapp i midten av juni 2023, vart lydbok ein viktig følgesvenn på køyreturen. Det fine med appane er at du kan stille inn farten på lesinga. Når eg køyrer, likar eg å auke lesefarten med 50-70%. Nei, det blir ikkje teikneserie-stemmer av å auke farten på lesinga. Prøv sjølv på Youtube og auk farten på ein nyhendekanal om du ikkje trur meg. Lyttar eg heime, i ro og fred, kan eg doble farten på avlesinga. Nokre gonger skulle eg gjerne ha auka farten meir, alt avhengig av kven som les boka. Uansett gjer det fokuset mitt sylskarpt.
Merksemd er viktig når du køyrer bil frå tidleg morgon til seint på kveld (7-21). Å vere engasjert i forteljinga gjer meg meir merksam på trafikkbildet. Eg hugsar framleis kva slags bok eg lytta på tidleg ein morgon på veg frå Steinkjer, eit lite stykke nordom Snåsa, når ein elg valde å kryssa vegen. Eg hugsar kva eg høyrde på til og frå Nordkapp, frå Olderfjord. Den spissa merksemda som følgje av at eg lyttar på lydbøker er nesten skremande.
Gjennom dei siste 2,5 åra har eg lytta meir på lydbok enn på musikk. Rundt 150 bøker er «fortært». Eg har prioritert fakta, historie og biografiar. Romanar og anna fiksjon har det blitt lite av. Planen min er å ta for meg av dei gamle klassikarane frå Knut Hamsun med meir. Om du ønskjer å lese meir litteratur kan eg ikkje varmare tilrå at du prøver ut lydbøker frå BookBeat, Fabel, Storytel eller Nextory. Det kan kombinerast med så mykje. Multitasking har aldri vore lettare…