Ikkje gamal nok for SUV

Etter å ha køyrt kombi, stasjonsvogner og sedan sidan eg fekk førarkort, valde eg våren 2022 å gå for ein stor SUV – Byd Tang. Ei vesentleg side av valet mitt var at det var ein bil som ikkje hadde invaderande førarstøtta som eg heile tida måtte slå av. Du kan lese meir om bilen her: https://bjrk.no/tag/byd-tang/. Lista er kronologisk med det nyaste på topp. Det er lurt å starte lesinga i botn for å få rett kronologi etterkvart som eg har teke opp ting.

Køyremessig er bilen topp til å vere SUV. I løpet av tida eg har eigd han har eg vore på turar i alle dei landfaste landa i Norden. Bilen har vore på det sørligaste punktet på den skandinaviske halvøy, Smygehuk. I tillegg har han vore på det nordlegaste punktet, Nordkapp.

Etappen i videoen er på heile 870 km!

For å «setje krona» på reisa, tok eg også turen til utløpet av Grense Jakobselv. Bilen har vore berre meter frå Russland.

12 timar bak rattet er ikkje noko problem. Ei god natts svevn og du er klar neste dag. Eg har til og med overnatta i bilen. Det er berre å legge ned bakseta, blåse opp ei luftmadrass og legge seg til. Du kan slå to fluger i ein smekk ved samtidig la bilen stå og lade på ein ordinær ladar over natta. Ja, det er god plass til meg, ein kar på over 1,90 på sokkelesten, med bagasje. Med 509 hk fordelt på 2,4 tonn, må dette vere den kjappaste campingbilen du kan finne. Det er ingen grunn til at du skal få deg hale opp ein fjellovergang.

Bilen har sju seter og passar ypperleg til ein famile med ungar. Han kan dra 1500 kg, om du monterer hengarfeste. Ver merksam på at du må skaffe deg førarkort i klasse B96 eller BE for å dra noko så tungt. 1500 kg hengar + 2400 kg bil blir langt over 3500 kg.

Dei lova programvareoppdateringane til infotainmentsystemet har ikkje kome til førespegla tid for oss som var tidleg ute. Det vesentlege er på plass som DAB, Spotify og navigasjon. Registrerer i grupper rundt bilen at det startar å trille inn nye oppdateringar no seinhaustes, mellom anna som skal auke kompatibiliten med ladarar og norsk språk på infortainment.

Infotainmentsystemet er Android-basert og med god hjelp av internett har eg fiksa det eg sakna sjølv. På turane høyrer eg på lydbøker via Fabel-appen. Under ladepausar kan eg fyre opp NRK TV og sjå siste episode i favorittserien. Gjennom Sverige hadde eg Sveriges Radio sin app å lytte på, sidan DAB-dekninga hos vår søta bror er avgrensa til rundt større byar. Trådlaus Apple Carplay og kabla Android Auto har eg fått på plass. Med andre ord er moglegheitene for «skreddarsaum» av infotainment-systemet på plass. Eg vil hevde at det er få bilar du kan få det til på.

Hittil har eg ikkje kunne bruke Tesla 250 kw-ladarar, berre 150 kw-ladarar. Tesla er som oftast rimelegare, men bilen har 800 volts batteri og Tesla nyttar 400 volt. Det betyr at du ikkje får meir enn i underkant av 80 kw frå ein Tesla-ladar, sidan bilen ikkje kan ta mot meir enn 170 amper uavhengig av volt. Sikt deg heller inn mot andre 180 kw eller meir, f.eks Ionity, CircleK, Eviny, Mer og fleire. Med rett ladar kan bilen ta mot rett under 120 kw fram til 64% og deretter nett under 90 kw til 84%. Etter dette i underkant av 50 kw fram til 98%. Ladekurva er med andre ord trinnvis flat. Ho bykser ikkje opp til ein minutt-kort høg effekt for så å dale raskt. Rekn med rundt 40 minutt frå 10% til 84%. Ypperleg til ein god beinstrekk og/eller måltid på reisa, jfr over.

Kan legge til at LFP-batteriet tåler mykje meir lading i tal økter og ladenivå enn dei tradisjonelle NMC-batteria. Minst ein gong i veka skal du lade batteriet til 100%. Her treng du ikkje tenke på å halde laderutinene dine innafor 20% – 80% på heimeladaren. Berre plugg bilen i ladaren og gløym det. Bilen ladar med inntil 7 kw på 1-fase og 32A sikring frå vekselstraum. Rekn med 12 timar frå heilt tomt batteri til fullt batteri. På reise vil du ikkje få meir enn 3,5 eller 7 kw dersom du let bilen stå på ladar med vekselstraum med 11 kw eller 22 kw i 3-fasar.

Etter å ha kjøpt ein eldre coupe kom saknet etter å køyre bilar der eg er tettare på bakken tilbake. Det er ikkje mange modellar av denne typen innafor det elektriske markedet. Eg har testa Byd Han og Hyundai Ioniq 6. Begge ypperlege bilar, men sistnemnde drog det lengste strået. Køyremessig noko kvassare, men ikkje minst beinplassen i baksete er tilbake på Skoda Superb-nivå eller betre. I tillegg har Hyundai lynkjapp hurtiglading, på over 200 kw. Med ein 800-volts ladar er ladetida halvert i høve Han og Tang. Ulempa med begge bilane er at det er små bakluker. Det er ikkje så farleg sidan vi har ein anna bil med stor bakluke. Eg kan legge ned bakseta slik at eg kan få med meg skiposen når eg skal ein tur i bakken eller løypa. Det viktigaste er at lengsla mi blir tilfredsstilt.

Byd Tang blir ikkje bytt ut fordi det er noko feil med bilen. Finansielt er det komplett idiotisk, men det får no så vere. For å sitere Lemmy: You win some, lose some. Livet er tross alt eit pokerspel.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.