På min Pixel 8 fekk desemberoppdatering av Android 16 uventa konsekvensar. Den trådlause nettverksdelen samt Blåtann får eg ikkje lenger slå på. Med det ryk moglegheita til å:
- spele trådlaust musikk til musikkanlegg eller headset
- «caste» video til TV
- fjernstyring av ulike eingar via Blåtann
- gjenfinning av Blåtann-merker
- trådlaus Android Auto
- bruke telefonen som nettverksrouter på reis
- og sikkert andre ting eg har gløymt…
Eg har brukt timar på å gå gjennom rettleiingar og råd for korleis ein kan fikse alt frå enkel restart til det å slette/nullstille all konfigurasjon av nettverk og blåtann. Har sett gjennom postingar i fellesskapet til Google samt registrerte saker i Android issue tracker og kan konkludere med at eg ikkje er åleina med dette problemet. Ei nullstilling av telefonen vil ikkje heller hjelpe meg. Men før eg hadde gjort noko slikt måtte eg kjøpt meg ein ekstra telefon, slik at eg får overført kontrollert dei delene som eg er avhengig av tryggleiksmessig.
Eg er djupt skuffa og vonbroten over kvalitetssikringa til Google. Har tidlegare hatt Google-telefon, ein Nexus 5. Det er nokre år sidan, men eg var framme på Styggevatnet i Jostedalen ein sommar. Eg tok bilete frå demninga av området rundt og brått gjekk telefonen i svart. Telefonen var død, fekk ikkje slått han på lenger. Bileta eg tok på turen tok telefonen med seg til dei «digitale jaktmarker».
Min Pixel 8 har eg hatt i knappe to år no. Før desemberoppdateringa har eg ikkje hatt noko å setje fingeren på. Men eg synes det er ytterst merkeleg at Google greier å øydelegge for sin eigen telefon-serie på denne måten. Kor er kvalitetskontrollen? No tel eg på knappane med å melde overgang til Apple. Har hatt iPhone og iPad og kan ikkje hugse noko tilsvarande frå den kanten.

