Oppgradering frå versjon 7 til 8 av OpenMediaVault

Har hatt gåande server med OpenMediaVault i 7 år no. Tidlegare oppgraderingar har gått bra. I dag gjekk ikkje oppgraderinga heilt perfekt. Det første var at eg har skifta ut disken som systemet ligg på for ei stund tilbake. Det medførte at oppgraderinga ikkje kunne plassere oppstartslastaren. Takka vere gode tilbakemeldingar i løpet av oppgradering, var det enkelt å løyse opp utfordringa med føreslegen kommando. Deretter gav eg kommandoen reboot og systemet starta på nytt.

Alt kom tilsynelatande opp att som normalt. Eg skulle logge meg på nettlesargrensesnittet, men her fekk eg ei kort feilmelding med 502 OK. Uansett kva eg gjorde, kom eg ikkje inn. Brukarnamn og passord var korrekt, ja. Eg prøvde å leite i loggar, men fann ikkje noko som var til hjelp. Må nok innrømme at lesing av loggar ikkje er noko eg gjer ofte. Av gamal vane gjekk eg vidare til foruma til OpenMediaVault. Slike forum er ei gullgruve uansett system eller applikasjon dei støttar. Etter nokre kjappe søk fann eg liknande historiar som peikte på konfigurasjonen av php og nginx. Det vart tilrådd å køyre eit par kommandoar for å sjekke og rydde opp:

omv-salt deploy run nginx phpfpm
nginx -t

Ser ut til at dette retta problema, no får eg til å logge inn i nettlesargrensesnittet.

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.