
USA = Terroristar og USA = Russland. Begge land driv med krigskriminalitet. Begge land er oligarki. Dei rike kjøper seg ein diktator som let dei drive på som dei vil. Dei «folkevalde» og utøvande viser blind lojalitet til diktatoren og får skumme fløyten og leve i sus og dus. Dei hardarbeidande sit att strippa og fattige, forrådt av løgner og lovnader.
Nei, USA er eit land eg lenge ikkje har funne å lite på. Grunnlaget for invasjonen av Irak tilbake rundt tusenårsskiftet var det første klare teiknet. Då Trump kom ned rulletrappa var eg sikker på at dette ikkje ville gå bra. Angrepet på kongressen tidleg i januar 2021 fjerna all tvil.
1776 til 2026 er 250 år som meir eller mindre fungerande demokrati. Etter 250 år er det slutt. Ein tragisk ende til eit land utan framtidsvisjon, klamrande til fordums makt og teknologi. Der Kina har jobba seg ut av fattigdom og blitt teknologisk leiande, har USA kvilt på laubæra og dulla seg inn i ein fantasi om at ein kan kome tilbake til velmaktsdagane etter andre verdskrig. Dei har gløymt at framgang skjer ved å fortløpande tilpasse seg. Det som ein gong var lurt, kan vise seg å vere fatalt i det lange løp. Ein kan ikkje fornekte livets løp på mange ulike plan.
Ideen om at når det regnar på presten, dryp det på klokkaren gjeld ikkje. «Dryp nedover-økonomien» er ei stor løgn. Amerikanarane har levd på denne løgna for lenge. Ein er nøydd å ha ei fordeling som tek vare på alle som bidreg og dei som ikkje kan bidra. Når dei det dryp/regnar på har anlagt gedigne høgdebasseng, vil ikkje noko drype vidare til andre, spesielt når «vatnet» kan slusast ut til andre skatteparadis.