Overraska over ein vesentleg mangel i Android

kontotillatelser

Sidan eg testar Chromebook, er det naturleg å vurdere korleis det ville vore å flytte alle dokumenta til Google Drive. Eg ser ein vesentleg mangel med Android. Av bilete over ser du at telefonen GT-I9295 har full kontotilgang når han er kopla opp mot Google-kontoen din. Eg treng berre installere Google Drive og så koplar applikasjonen seg automatisk opp mot Google Drive utan spørsmål om brukarnamn og passord.

Korleis er telefonen din sikra? Ein enkel PIN-kode eller ingen sikring. Får nokon tilgang til telefonen eller nettbrettet som er kopla opp mot kontoen er det ikkje mykje som låser einheiten. Får dei kjennskap til PIN-koden eller korleis du låser opp einheten, har dei full tilgang til dine data på din Google Drive.

Dette likar eg ikkje og undersøkte om eg kunne setje eigen låsekode på Google Drive i Android, men det går ikkje. Løysinga er å installere ein tredjeparts applikasjon som tilbyr dette. Eg valde AppLock. Basisfunksjonalitet med å låse applikasjonar med eigen PIN-kode er gratis. Eg har låst ein del appar, inklusiv Google Drive. Skal eg bruke dei må eg inn med ein anna PIN-kode enn det eg brukar som skjermlås. Berre pass på at du låser moglegheiten for å avinstallere AppLock. Dersom du ikkje gjer det, er det berre å avinstallere AppLock og ein har tilgang til alt som AppLock hadde låst ned.

Eg synes det er dårleg at Google ikkje har implementert slik låsefunksjonalitet for applikasjonar i Android.

Chromebook

samsung-chromebook-2Microsoft er kongen på haugen på pc. Google ligg an til å endre noko på dette. Chromebook som køyrer Chrome OS er ikkje fullverdige PCar som vi er van med, men fungerer meir som terminalar opp mot applikasjonar som vert køyrt på plattformen til Google. Med nettilgang har du full tilgang til kontaktar, e-post, kalendar, kontorpakke med meir. Alt er gratis og du treng ikkje vere redd for virus. Du loggar deg på maskina og får tilgang til alt ditt og kan installere små appar som køyrer i Chrome OS. Oppdateringar skjer i bakgrunn.

Etter ei halv veke med Chromebook ser eg at eg kunne meir eller mindre levd med den. Alt det eg i hovudsak driv med kan løysast via denne plattformen. Skrivaren min støtta Google Cloud Print og var enkel å kople til slik at eg kan skrive ut frå maskina.

Om det er noko som ikkje fungerer, må det vere Keepass-løysingane i Chrome-appane. Eg kan lese Keepass-basen, men ikkje skrive til han. Det kan løysast ved at eg overfører den til ei online teneste som LastPass. Eg har ikkje teke stilling til det enno, men er svært skeptisk. Ei teneste som tek vare på brukarane sin innloggingsinformasjon må vere eit stor målskive. Eg må i det minste gjere grundige undersøkingar rundt tenesta og korleis ho er sikra og sikrar informasjonen. Her er 101 ute om uvedkommande får tak i det som er lagra i tenesta.

Bilete kan eg redigere via ulike appar og det fungerer heilt fint til lett bruk. Videoredigering har det tidlegare vore ein del. Det er ikkje noko for ei Chromebook, med mindre det er tenester du kan laste opp råmaterialet til og redigere hos. Sidan denne aktiviteten i dag er på så godt som null-nivå, vil det ikkje tale til ulempe for Chromebook.

Kort sagt: Til vanleg, enkel bruk er Chromebook tilstrekkeleg, om du ikkje er hekta på spesialfunksjonalitet som berre fins til Windows.

 

Tur: Nordtoppen av Stav

Stav nordspiss 023

Med utgangspunkt i Stavsete vil du ved å svinge nordvestover, opp lia mot Stavafjellet, kome til det eg anser for å vere den mest spektakulere oppturen i Leikanger.

Frå Stavsete følgjer du eit rekkje/sti opp over mot Stavafjellet frå det vestlegast sælet. Omtrent halvveges opp i lia forsvinn det, men du held berre fram oppover. Den første knubben du går opp på ligg på 1168 moh og deretter er det å jobbe seg fram, i nordleg retning, til Stavafjellet på ca 1400 moh.

Her startar den store utfordringa. Mellom Stavafjellet og nordtoppen på Stav går det ei egg. Denne eggja var grensa mellom Leikanger og Balestrand kommune. Etter kvart som du nærmar deg Stav blir ho smalare. På det smalaste er egga 3 meter breid og loddrett på kvar side. På nordsida vil du  falle inn i gamle Balestrand kommune. På sørsida ned i steinur i gamle Leikanger kommune. Her gjeld det å ha stålnerver og la tankane svive rundt noko heilt anna.

Eg gjorde nokre forsøk, men kom berre eit stykke inn på det smale partiet før det låste seg mentalt. Ein del av meg bad meg om å halde fram, men delen som styrte beina protesterte vilt og eg vart ståande frosen i ein posisjon. Det enda med at eg fann det best å setje meg ned og heller krabbe eit stykke tilbake. Det var heller ikkje hjelp at eg på veg tilbake til sikrare posisjon, trakka på ei stor helle som balanserte og vippa litt. Restane av mot fordufta som dogg i sommarsol.

20.08.2020 valde eg på nytt å utfordre mine demonar. Ja, det er 6 år sidan forrige forsøk, men eg har valt å halde meg vekke frå anleggsområdet under kraftutbygginga. No når utbygginga snart er ferdig, var det på tide å med eit nytt forsøk, med støtte av gode kollegaer.

Før kryssinga valde vi taktikk. Eg gav meg sjølv «skylappar» mot nord og konsentrerte meg om personen som gjekk framfor. Etter ei vellukka traversering av eggja eller «Stavabrui», kom eg opp på nordspissen av Stav. Toppen er flat og vid. Skal du få utsikt må du gå til ytterkantane i alle retningar. A gå rundt den vesle varden er ikkje nok. Etter brui var toppen eit lite antiklimaks.

Tilbake til dei med aversjonar mot høgder, fins det alternativ. Ein kan halde seg nedom Stavabrui og gå mot sørspissen av Stav og kome seg opp på nordspissen frå sørsida. Som du ser av bilete slepp du å gå på ei skarp egg:

Engjasete-Hella-039

Turen til nordtoppen av Stav via Stavafjellet er delt i tre deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete
  3. Stavsete til eggja mellom Stavafjellet og Stav

Tur: Skarholten

Skarholten 035

Skarholten er eit av dei høgaste punkta i Leikanger kommune på 1543 høgdemeter. Fjelltoppen ligg i nordaustleg del av kommunen, nord for vassreservane våre.

Den enklaste måten å gå til Skarholten er via Huks-/Grindsdalen der du går fram til Stavatjørni før du går opp ryggen til Skarholten. Stavatjørni ligg på ca 1000 høgdemeter og du går borti i lia til aust for vatnet og følgjer eit tydeleg rekkje/sti oppover eit stykke. 500 meter opp i lia blir det meir utydeleg, men det er enkelt å følgje ryggen oppover. Cluet er å følgje gras og mose oppover til du kjem til «steinørkenen». På den første delen av stigning er det lurt å halde seg i nordleg del av ryggen. Går du for tett på Fossadalen, i sør for Skarholten, vil du risikere å gå litt opp og ned. Det er betre å halde ei jamn stigning oppover enn å tape høgdemeter.

Når du er i starten på «steinørkenen», vil du legge merke til områder med snøkvit kvartstein. Mot slutten kan du ta ein titt ned i Fossadalen og går du over på nordleg side av ryggen kan du sjå ned i Ryssebotn og bort på Ryssebotnrana. I austleg ende av Ryssebotnrana, som ligg nord for Skarholten, kan du skimte varden på 1604 høgdemeter. Det er «tre-punkten» der grensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger kommune møtes. Omtrent rett aust for Skarholten, bak vestlege delen av Myrdalsbreen, kan du skimte varden på 1570 høgdemeter der grensa mellom Sogndal og Leikanger kommune møtes. Om du kunne ha gått ned breen på baksida av varden, ville du kome ned i Gunvordalen i Sogndal kommune. Vender du deg gradvis mot sør har du utsyn over Myrdals- og Voggesbreen i søraust. Nedanfor Voggebreen kan du skimte Friksdal. Vest for Friksdal ser du heim Friksdalseggi mot Kaldekletten og Kjeringafjell.

Du må rekne med 3 til 4 timar på turen opp til Skarholten. Eg parkerte i nærleiken av Myklebru og brukte noko under 3 timar. Hadde eg parkert heilt heime ved den gamle skytebana, reknar eg med at det ville teke 4 timar og 30 minutt. Når eg no kjenner ruta, kan eg nok korte ned på gangtida noko. Første gongen blir det ofte pausar for å vurdere alterative trasear.

Etter bileta mine skal det ikkje vere store utfordringa å gå nord om breen og bort til Synnevaskjer, ned Trastadalen og heim Henjadalen. Vel du ein slik tur må du setje av ein heil dag og ta med godt med niste og godsaker. Drikke kan du fylle mange stadar på turen.

Turen til Skarholten er delt i fire deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete
  3. Stavsete til Stavatjørni
  4. Stavatjørni til Skarholten

Tur: Stavatjørni

Oversiktsbilete
Stavatjørni under med Stav, Stavafjellet og Sevrisbotn i horisonten

Stavatjørni ligg nesten til endes i Grindsdalen på ca 1000 meter over havet. Du har berre eit lite stykke att å gå nordover før du er på veg ned i Strupen og Rommedal.

Turen fram dalen frå Stavsete går etter privat grusveg. Du kan velje om du kryssar det gamle brua eller følgjer vegen litt lengre til den nye.

For å kome inn på stien går du opp til den vestlegaste hytta, gråblå på bileta og tek 90 grader mot høgre, passerer nokre gamle steinmurar og så er du meir eller mindre på stien. Den første bakken er kort før det flatar ut frametter dalen.

På austsida av elva, framover dalen frå Stavsete vil du sjå Kaldekletten, nord for Kjeringafjell. Nord om Kaldekletten ha du Svinadalen, Svinadalseggi, Fossadalen og til slutt Skarholten. I vest kan du sjå nordspissen av Stav, Stavafjellet, Sevrisbotn og Husbyggjefjellet. I nord/nordvestleg retning ser du Romhesten. På toppen av desse fjella går grensa mellom Leikanger og Balestrand.

Dalen er ein stor U-dal og sidene innbyr til turar. Her er det mange toppar som er lett tilgjengelege. Dyrelivet på sommaren er spredte sauer og det er lett å gå på ryper opp etter sidene. Desse luringane kan setje eit støkk i deg sidan dei først lettar når du nesten kan trakke på dei.

Turen fram til Stavatjørni passar ypperleg som ein litt lengre tur for nybyrjarar og familiar. Betal 50 i bompengar og køyr eit stykke fram Huksdalen. Det er ein klar fordel om du har bil med noko bakkeklering. Vassflasker kan fyllast der elva kjem ned frå Gildalen, Stavsete eller i elva frametter dalen. På Stavsete passar det med ein liten rast før ein går dei ca 2,5 siste kilometerane som berre stig 200 høgdemeter fram til Stavatjørni. Ved vatnet tek du ein lengre rast. Her er det ingen mobildekning og roen senkar seg fort.

Turen til Stavatjørni er delt i tre deler:

  1. Etter vegen inn Huksdalen
  2. Stavsete
  3. Stavsete til Stavatjørni

Google styrkar ikkje tilliten til amerikansk nettlagring

Eg har forsøkt etter beste emne å forsøke å organisere bilete på Google+ Bilder, men i veka 4 – 8 . august gav eg opp. Google+ Bilder støttar ikkje korleis eg ønskte å organisere bileta mine på. Eg sletta alle bileta og tømte papirkorgi på Google+ Bilder. Ingen bilete er lenger tilgjengeleg for meg der.  Totalt hadde eg lagra 1,07 GB med bilete. I dag, 24.08 eller snart 3 veker etter, viser kvota på Google Drive at eg framleis brukar 1,07 GB på Google+ Bilder:

20140824 Gphotos tek framles plass

Problemet har eg lagt merke til tidlegare. Etter mitt første forsøk på å prøve å bruke Google+ Bilder som lagring eit år eller to tilbake, la eg merke til at sjølv om eg sletta alle bileta, fekk eg aldri frigitt 0,25 GB lagringsplass.

For å sjå om dette er vanlig oppførsel i nettlagring, har eg testa å laste opp bilder til OneDrive, slette dei og tømme papirkorga. På OneDrive vert lagringskvoten umiddelbart justert.

Eg har meldt problemet inn på Google sine forum:

Picasa: https://productforums.google.com/forum/?utm_medium=email&utm_source=footer#!msg/picasa/bxY6cTxTWGE/f5Ew6vJ6HTQJ

Drivehttps://productforums.google.com/forum/#!msg/drive/vQ5UpKg_xcc/J-fj6wgKmn8J

I tillegg er det meldt via tilbakemeldingar i Google+ til Google, men eg har ikkje høyrt noko derifrå.

Eg ser i foruma at andre har det same problemet. Det kan vere eit problem eller lus i kvotekalkuleringa som gjer at kvoten ikkje blir nulla ut. Når ein ser det i lys av Edvard Snowden sine avsløringar, aukar ikkje min tillit til amerikanske nettlagringstenester.

Tilliten er pulverisert og ligg på eit tilnærma nullnivå. Uansett kor gode erklæringar og vilkår er skrivne på slike tenester, tek eg lærdom av historia. Ho har vist at amerikanarane gjer som dei vil.  Eg har teke konsekvensen av min mistillit og brukar berre ei sikker, ikkje-amerikansk teneste for å sikre mine viktigaste filer. Eg har òg så smått byrja å tenkje på å kutte ut e-post på amerikanske tenester.

I tillegg har spørsmålet om Windows 8, der ein loggar seg på ein Outlook/Live-konto byrja å ulme. Windows 8 og for den del ChromeOS er knytt til tenester styrt av amerikanarar. Er det på tide å melde overgang til open kjeldekode og ein linux-variant?

Kva med Android, Windows Phone og iOS-baserte telefonar og nettbrett som er kopla mot amerikanske tenester?

Crucial v4 byr på utfordringar

v4-ssdEg fekk inn ei maskin med ein Crucial v4 SSD på 128 GB. Maskina hadde Windows 7 installert, men i motsetning til mine maskiner med SSD var oppstart og generell bruk av Windows 7 svært tregt. Crucial v4 er ingen racer i utgangspunktet. Andre SSDar har langt betre spesifikasjon, men dette minte om Windows Vista på ei underdimensjonert maskin i si tid.

Eg såg over Windows-installasjonen, men fann ikkje noko som skulle tilsei denne tregheita. Prosessaktiviteten var låg, minne var det meir enn nok av. Her måtte det vere eit eller anna med SSDen.

Etter søk på nettet inkludert foruma for brukarar på Crucial, såg eg at firmware 22 var utruleg treg. Eg lasta ned den etterfølgjande og siste oppdateringa som er 25. Programpakken for å lage ein oppstartbar minnepinne som Crucial hadde laga var spesiell. Han ville berre akseptere visse minnepinnar, utan at nokon var nemnt. Ingen av mine og dei eg fekk låne passerte nålauga. Eg greidde ikkje lage ein oppstartbar minnepinne med den offisielle firmwaren for å oppdatere SSDen.

Eg byrja å sjå etter andre måtar og oppdaga at det var referert til ein konkurrent sin firmware som passa til kontrolleren på Crucial v4. Eg er, og du, skal alltid vere skeptisk til å bruke firmware frå andre produsentar. For min del hadde begge alternativa ti løysing på problemet same utgang for eigaren: Crucial v4 måtte skiftast om eg ikkje oppgraderte eller oppgraderte og øydelagde SSDen. Eg innhenta løyve til å gjere forsøket.

Oppdatering av firmware nullstiller heile SSDen så det første eg måtte gjere var å ta eit bilete av installasjonen med CloneZilla. Då slepp eg å installere Windows 7 og programvare frå grunn av. Det tok ca 20 minutt å ta bilete. Eg følgde rettleiinga til punkt og prikke og oppdateringa av firmware gjekk perfekt. Deretter var det å legge tilbake Windows-installasjon med CloneZilla som tok ca 10 minutt.

Maskina starta og Windows lasta. No var opplevinga noko anna. Som sagt er ikkje Crucial v4 nokon racer, men no fungerte Crucial v4 vesentleg betre enn ein ordinær, treg snurredisk. Eigar vart godt nøgd med resultatet.

Pioneer DEH-X8500DAB og organisering av musikk på SD-kort

Sommaren 2014 var det på tide å byta ut min radio og MiniDisc-spelar i bilen. Etter omlag 20 år har spesielt MiniDisc gjort si teneste i bilen, men har i dei siste åra vorte meir og meir akterutsigla sidan ein må ta opp frå CD på den gamle måten.

deh-x8500dabEg søkte etter ein spelar som hadde alt eg trong frå DAB, hands free for telefon til og med avspeling av SD-kort. Løysinga fann eg i modellen Pioneer DEH-X8500DAB, som vart tinga og montert av min lokale forhandlar Erling Røysum AS.

Organiseringsproblem

Vel heime starta eg med kopiering av musikkfiler til SD-kortet. Eg organiserer musikken i mappe for albumartist, årstall-albumnamn og så spor. Eg hadde konvertert heile samlinga frå tapsfri lyd til 128 kbps MP3 og kopierte utvalde artistar over på SD-kortet med Windows filutforskar. Organisering har fungert utan problem med spelarar som taklar MP3-filer i leigebilar og vår andre bil. Stor var overraskinga når eg bladde gjennom strukturen på Pioneer DEH-X8500DAB: Artistar, album og spor var ofte i feil rekkefølgje.

På sporet

Frå organisering av bilete har kjennskap til nykker i Windows når det gjeld å merke frå og til filer i ei liste i IrfanView for organisering i rett rekkefølgje. Eg har òg lagt til merke ved kopiering av mappestrukturar blir det ikkje kopiert i alfabetisk organisert frå A-Å eller 1-9 og det var det som sette meg på sporet.

Løysinga

Eg memorerte rekkefølgja av spor på eit album og starta undersøkinga i filutforskaren i Windows. Tipset er å slå på deltaljert visning slik at du kan klikke på kolonnene over for å sortere. Sortering etter alfabetisk organiseringa skulle gitt korrekt resultat, sortering etter sist endra tidspunkt skulle òg gitt rett rekkefølgje.

Det neste var å sjekke tidspunktet for oppretting av fila. Her må du klikke på kolonnene over i filutforskaren og legge til kolonna «Opprettelsesdato». Når eg sorterte etter denne kolonna, kjende eg att sorteringa på Pioneer DEH-X8500DAB.

Verifisering av løysinga

Eg nyttar SyncBack Free frå 2brightsparks til å kopiere over filer til backup eller synkronisering mellom PCar via nettverksdisk. Eg har fått med meg at SyncBack Free kopierer i alfanumerisk rekkefølgje. Eg kopierte over ein mappestruktur med SyncBack Free og testa i bilanlegget. Musikken var no endeleg i rett rekkefølgje når eg bladde gjennom filstrukturen.

Konklusjon

Pioneer DEH-X8500DAB sorterer mapper og lydfiler etter opprettingstidspunkt.

 


PS! Det ser ut til at Windows Media Player ville kunne kopiere over på SD-kortet i vald rekkefølgje. Eg trur MediaMonkey gjer ting i paralell som fører til at neste fil kan få eit tidlegare opprettelsestidspunkt.

Tur: Njøs til Bergsete via Hangsete

bergseteDet som skulle vorte ein støl, Bergsete, ligg like under Mjellhaugane, over Havrevatna. Dei byrja å bygge opp sæl av stein for fleire mannsaldrar sidan, men gav opp sidan det var for lite ved i nærleiken. I dag trur eg det skulle vore fullt mogleg å hatt støl der. Tregrensa har drege seg oppover og det er ikkje langt til veden. Drikkevatn var ei anna utfordring på Bergsete. Det er fleire måtar å kome seg dit på:

Turen er splitta i tre deler:

  1. Njøs til Bjørgahaug
  2. Bjørgahaug til Hangsete
    eller som eit alterantiv til 1 og 2 går du traktorvegen mot Hangsete.
  3. Hangsete til Bergsete

Per Norvald Henjesand merka stien frå Hangsete til Bergsete med små raude skilt og raude merke. Når du står på stølsplassen, ved trimpostkassen, skal du gå vidare inn over Hangsetedalen. Eit par hundre meter frå stølsområde står det skilt med to anvisningar, innover dalen til Skrik og nordover til Bergsete. Du tek av og går opp lia, gjennom skogen til du passerer ca 800 høgdemeter og kan sjå ryggen til Mjellhaugane røyse seg opp. Du vil sjå ein staur med skilt på mot horisonten i starten av ryggen. Skiltet som peikar deg i retning Bergsete, som du òg vil sjå frå dette punktet. Samla sett er denne ture på 5,2 km så du kan forvente at det tek 1,5 – 2 timar.

Eg kan tilrå den som ein del av ein rundtur. Personleg likar eg å gå opp Kvannskar til Bergsete og så heim via Hangsete og ned på Njøs. Kanskje har det noko med at eg likar best å gjere unna oppstiginga så rask som mogleg.

PS! Albumet er ikkje komplett då eg gjekk Bergsete til Hangsete og i ein liten periode mista stien. Skulle du gjere det same, er det berre å sikte seg mot kløfta der Fatleelva renn utover eller høgspentmastene på kanten av fjellveggen på andre sida av fjorden, over tunnellen ved Borlaug.

Lite håp for nynorsk i Google Docs

Eg har dei siste åra følgd spent med på utviklinga av tenester på nettet. Google ligg langt føre, medan Microsoft slit med arven sin som programvare leverandør til maskinvare på pulten din. Det siste året har eg valt å ta i bruk Google Docs for noko av det eg driv med. Utruleg fint å sleppe å sende filer på kryss og tvers når eg berre kan gi dei som treng tilgang lese- eller skrivetilgang.

Funksjonaliteten i Google Docs er tilstrekkeleg og grensesnittet er enkel og tradisjonelt, noko eg set stor pris på. Eg har aldri fått grepet på Microsoft Office og dette med band. For meg er det eit kaos og til tider ustrukturert. Microsoft Office 2013 er meir plagsom med ekstra «hjelp» når eg skal gjere noko. Det blir som om nokon skulle setje støttehjul på sykkelen min. Eg kan sykle og støttehjula vil ikkje vere til hjelp, men ei sann plage.

På eit punkt slit Google Docs og det er støtta for nynorsk. Her er den konkurrerande tenesta Microsoft Office Online betre. Eg stilte Google spørsmål om dei hadde ein tidsplan for implementering av nynork, i det minste stavekontroll:

https://productforums.google.com/forum/?utm_medium=email&utm_source=footer#!msg/drive/fxtpQgHcHnQ/C9JatiwDIxEJ

Dessverre var svaret lite oppløftande:

Hi Arild,

Thank you for posting and for the feedback. Unfortunately I do not have a timetable on when the Neo-Norwegian/Nynorsk language will get implemented. The team is aware of the requested implementation.
Best,
Kevin