
Med utgangspunkt i Stavsete vil du ved å svinge nordvestover, opp lia mot Stavafjellet, kome til det eg anser for å vere den mest spektakulere oppturen i Leikanger.
Frå Stavsete følgjer du eit rekkje/sti opp over mot Stavafjellet frå det vestlegast sælet. Omtrent halvveges opp i lia forsvinn det, men du held berre fram oppover. Den første knubben du går opp på ligg på 1168 moh og deretter er det å jobbe seg fram, i nordleg retning, til Stavafjellet på ca 1400 moh.
Her startar den store utfordringa. Mellom Stavafjellet og nordtoppen på Stav går det ei egg. Denne eggja var grensa mellom Leikanger og Balestrand kommune. Etter kvart som du nærmar deg Stav blir ho smalare. På det smalaste er egga 3 meter breid og loddrett på kvar side. På nordsida vil du falle inn i gamle Balestrand kommune. På sørsida ned i steinur i gamle Leikanger kommune. Her gjeld det å ha stålnerver og la tankane svive rundt noko heilt anna.
Eg gjorde nokre forsøk, men kom berre eit stykke inn på det smale partiet før det låste seg mentalt. Ein del av meg bad meg om å halde fram, men delen som styrte beina protesterte vilt og eg vart ståande frosen i ein posisjon. Det enda med at eg fann det best å setje meg ned og heller krabbe eit stykke tilbake. Det var heller ikkje hjelp at eg på veg tilbake til sikrare posisjon, trakka på ei stor helle som balanserte og vippa litt. Restane av mot fordufta som dogg i sommarsol.
20.08.2020 valde eg på nytt å utfordre mine demonar. Ja, det er 6 år sidan forrige forsøk, men eg har valt å halde meg vekke frå anleggsområdet under kraftutbygginga. No når utbygginga snart er ferdig, var det på tide å med eit nytt forsøk, med støtte av gode kollegaer i Digitaliseringsdirektoratet.
Før kryssinga valde vi taktikk. Eg gav meg sjølv «skylappar» mot nord og konsentrerte meg om personen som gjekk framfor. Etter ei vellukka traversering av eggja eller «Stavabrui», kom eg opp på nordspissen av Stav. Toppen er flat og vid. Skal du få utsikt må du gå til ytterkantane i alle retningar. A gå rundt den vesle varden er ikkje nok. Etter brui var toppen eit lite antiklimaks.
Tilbake til dei med aversjonar mot høgder, fins det alternativ. Ein halde seg nedom Stavabrui og gå mot sørspissen av Stav og kome seg opp på nordspissen frå sør-/vestsida. Som du ser av bilete slepp du å gå på ei skarp egg:

Turen til nordtoppen av Stav via Stavafjellet er delt i tre deler:
- Etter vegen inn Huksdalen
- Stavsete
- Stavsete til eggja mellom Stavafjellet og Stav















































Da va fele smalt dar oppe…spektakulært må eg seia.