Oracle, som Sun før oppkjøpet, vel å distribuere verktøyliner med Java-klientprogramvare. Verktøylina til Ask.com har vore standard dei siste åra.
Med standard installasjon eller oppdatering av Java, vart dette, i mine auga, unødvendig og irriterande tillegget installert utan at du fekk høve til å takke nei. Berre dei som var klar over at ein kunne la vere å installere verktøylina via avansert installering, unngjekk ho. Heldigvis har det betra seg på to måtar seinhaustes 2014:
Ask blir framleis tilbydd, men du kan no takke nei ved standard installering. Pass på å fjerne krysset.
I programmet Configure Java, vil du under fana Advanced, nederst finne Miscellaneous og ein avkryssingsboks for Suppress sponsor offers when installing or updating Java. Kryss av og klikk på Apply for å sleppe å ta omsyn til Ask ved ei seinare oppdatering av Java.
Eg har over dei siste åra prøvd ulike tenester med eit spesielt fokus på tryggleik og kor vellukka synkroniseringa har vore. Etterkvart som eg har teke på meg ulike oppgåver ser eg nytta av noko meir enn ei rein synkroniseringstenester. Google Drive og Microsoft OneDrive tilbyr applikasjonar i nettlesaren som bygger opp om eit tett samarbeid og publisering av informasjon på ein enkel måte. Uavhengig om du sit på ein fullverdig windows eller linux pc, mac, chromebook eller nettbrett vil du ved hjelp av verktøy få gjort jobben. Ingen kompatiblitetsproblem dersom du ikkje har eller kan ha t.d. Microsoft Office på alle maskiner.
Ulempa er at du må lite på tenesteleverandørane. Amerikanske leverandørar vart sett i dårleg lys nokre år tilbake. Det skal vere teke grep for å betre personvernet. Den største faren er nok ein sjølv. Vi har sett mange eksempel på dårleg passord med påfølgjande publisering av data. Det viktigaste for deg når du skal ta i bruk tenester, der lagrar dine data, er at du set opp autentisering basert på to-faktorar (Google og Microsoft). Når du aksesserer tenesta frå ei ny eining, vil du bli bedt om å oppgi kode som du får tilsendt på SMS eller frå autentikatorprogramvare du har installert på telefonen din. Det enklaste er å basere seg på SMS. Det er kanskje ikkje førstevalet når du set opp autentisering basert på to-faktorar, så ver merksam på det . Fordelen med autentisering med to faktorar er at andre ikkje vil kome inn ved berre å vite passordet ditt. Dei må ha (tilgang til) telefonen din.
PS! Dette fritek deg ikkje frå ein god praksis med periodisk skifte av passord.
Kjeringafjell kan nåast frå både Henjadalen og Kleppa. Frå vest når du Kjeringafjell frå Huksdalen. Stølen Nyastølen ligg rett under vestlia til Kjeringafjell. Dette er den kortaste, og brattaste vegen opp. Vil du heller fordele stigninga over eit lenger stykke, vil det være naturleg å gå inn Eitrebotn. I høve å gå inn Henjadalen eller frå Kleppa, sparar du ein time og vel so det.
På Nyastølen går du gjennom tunet og følgjer stiar/dyretrakk inn Eitrebotn. Nordom deg vil du ha Kaldekletten på 1320 moh og sørom Kjeringafjell på 1314 moh. Stiane/dyretrakka blir svakare og spredd innover botnen. Du kan gå opp på bandet mellom Eitrebotnen og Friksdalen. Når du ser ned i Friksdalen, snur du deg i sør-vestleg retning og går opp Kjeringafjell. Hovudelen av stigninga på turen tek du får inst i Eitrebotnet og opp Kjeringafjell.
Eit tips til rundtur er å køyre vegen i Huksdalen til der linjene kjem saman og parkere. Følg grusvegen til fots fram til parkeringsplassen, gå opp på Nyastølen, inn Eitrebotn og opp på Kjeringafjell. Returen tek du i retning Discohola eller Fagreggi, ned til Dalsete og deretter ned til vegen i Huksdalen og tilbake til der du parkerte bilen.
Eg trudde eg hadde funne løysinga, men det ser ut at den ligg på eit lågare nivå. Det er ikkjeopprettingsdatoen som styrer dette, det er når fila blir ført opp i filtabellen. Eg fann det når eg skulle legge til meir musikk til SD-kortet og deretter køyrde programvare for å justere opprettingstidspunktet slit at den nye mappa og spora fall inn på rett plass i mi sortering. Når eg sette kortet inn att i spelaren, var den siste artistmappa eg la til plassert til slutt.
SD-kortet og minnepinnane mine formatterer eg i FAT32. Musikk dreg eg over med Windows utforskar, men for å få rett sortering:
Alfabetisk rekkefølgje av artistar med
kronologisk rekkjefølgje av plater
må eg i etterkant bruke eit verktøy som sorterer filtabellen for meg. Til dette formålet har eg funne FAT Sorter. FAT Sorter har eit svært enkelt grensesnitt. Du vel stasjonen eller mappa du vil sortere (minnepinnen eller sd-kortet) og klikkar på Sort. Sorteringa tek litt tid og er avhengig av kor mange mapper og filer som skal sorterast.
PS! Eg må køyre FAT Sorter kvar gong eg legg til musikk for å sikre at rekkefølgja blir korrekt.
Om du vil ha oversikt over trådlause nettverk i nærleiken, er WifiInfoView frå Nirsoft eit godt verktøy. For ikkje å forstyrre dei andre netta, justerer eg min trådlause router til ein kanal som ikkje er brukt eller er veldig svak.
På 2,4 ghz-bandet bør det vere 3 kanalar imellom. Ser du på bilete til høgre, vil du sjå at eg har sett opp routeren min til å bruke kanal 9, sidan frekvensområdet mellom kanal 5 og 13 er ledig.
Etter kjøp av Chromebook i haust, vart ein del data flytta over til Google Drive. I kveld sat eg på ei av maskinene med Microsoft Windows og såg over oppsettet i CrashPlan. Der la eg merke til at det var vesentleg mindre data til backup enn det det skulle vera.
Eg sjekka om alt var kryssa av eller at nokon av unntaka mine kunne vere årsaka. Når eg skulle utvide Google Drive-mappa i CrashPlan-applikasjonen, for å sjå undermapper, viste det ingen undermapper. I utforskaren til Windows, var det fullt av filer og mapper.
Det er svært kjedeleg om nokon kjem seg inn på Google-kontoen din og slettar alle filene. Ved synkronisering vil filene bli putta i papirkorga på PCen. Er du litt rask og tømme denne, vil filene vere borte før du er klar over det. Då er siste sjanse 30 dagar før papirkorga på Google Drive på nettet vert sletta, med mindre den sletta filene, tømte papirkorga etterpå.
Sidan eg testar Chromebook, er det naturleg å vurdere korleis det ville vore å flytte alle dokumenta til Google Drive. Eg ser ein vesentleg mangel med Android. Av bilete over ser du at telefonen GT-I9295 har full kontotilgang når han er kopla opp mot Google-kontoen din. Eg treng berre installere Google Drive og så koplar applikasjonen seg automatisk opp mot Google Drive utan spørsmål om brukarnamn og passord.
Korleis er telefonen din sikra? Ein enkel PIN-kode eller ingen sikring. Får nokon tilgang til telefonen eller nettbrettet som er kopla opp mot kontoen er det ikkje mykje som låser einheiten. Får dei kjennskap til PIN-koden eller korleis du låser opp einheten, har dei full tilgang til dine data på din Google Drive.
Dette likar eg ikkje og undersøkte om eg kunne setje eigen låsekode på Google Drive i Android, men det går ikkje. Løysinga er å installere ein tredjeparts applikasjon som tilbyr dette. Eg valde AppLock. Basisfunksjonalitet med å låse applikasjonar med eigen PIN-kode er gratis. Eg har låst ein del appar, inklusiv Google Drive. Skal eg bruke dei må eg inn med ein anna PIN-kode enn det eg brukar som skjermlås. Berre pass på at du låser moglegheiten for å avinstallere AppLock. Dersom du ikkje gjer det, er det berre å avinstallere AppLock og ein har tilgang til alt som AppLock hadde låst ned.
Eg synes det er dårleg at Google ikkje har implementert slik låsefunksjonalitet for applikasjonar i Android.
Microsoft er kongen på haugen på pc. Google ligg an til å endre noko på dette. Chromebook som køyrer Chrome OS er ikkje fullverdige PCar som vi er van med, men fungerer meir som terminalar opp mot applikasjonar som vert køyrt på plattformen til Google. Med nettilgang har du full tilgang til kontaktar, e-post, kalendar, kontorpakke med meir. Alt er gratis og du treng ikkje vere redd for virus. Du loggar deg på maskina og får tilgang til alt ditt og kan installere små appar som køyrer i Chrome OS. Oppdateringar skjer i bakgrunn.
Etter ei halv veke med Chromebook ser eg at eg kunne meir eller mindre levd med den. Alt det eg i hovudsak driv med kan løysast via denne plattformen. Skrivaren min støtta Google Cloud Print og var enkel å kople til slik at eg kan skrive ut frå maskina.
Om det er noko som ikkje fungerer, må det vere Keepass-løysingane i Chrome-appane. Eg kan lese Keepass-basen, men ikkje skrive til han. Det kan løysast ved at eg overfører den til ei online teneste som LastPass. Eg har ikkje teke stilling til det enno, men er svært skeptisk. Ei teneste som tek vare på brukarane sin innloggingsinformasjon må vere eit stor målskive. Eg må i det minste gjere grundige undersøkingar rundt tenesta og korleis ho er sikra og sikrar informasjonen. Her er 101 ute om uvedkommande får tak i det som er lagra i tenesta.
Bilete kan eg redigere via ulike appar og det fungerer heilt fint til lett bruk. Videoredigering har det tidlegare vore ein del. Det er ikkje noko for ei Chromebook, med mindre det er tenester du kan laste opp råmaterialet til og redigere hos. Sidan denne aktiviteten i dag er på så godt som null-nivå, vil det ikkje tale til ulempe for Chromebook.
Kort sagt: Til vanleg, enkel bruk er Chromebook tilstrekkeleg, om du ikkje er hekta på spesialfunksjonalitet som berre fins til Windows.
Med utgangspunkt i Stavsete vil du ved å svinge nordvestover, opp lia mot Stavafjellet, kome til det eg anser for å vere den mest spektakulere oppturen i Leikanger.
Frå Stavsete følgjer du eit rekkje/sti opp over mot Stavafjellet frå det vestlegast sælet. Omtrent halvveges opp i lia forsvinn det, men du held berre fram oppover. Den første knubben du går opp på ligg på 1168 moh og deretter er det å jobbe seg fram, i nordleg retning, til Stavafjellet på ca 1400 moh.
Her startar den store utfordringa. Mellom Stavafjellet og nordtoppen på Stav går det ei egg. Denne eggja var grensa mellom Leikanger og Balestrand kommune. Etter kvart som du nærmar deg Stav blir ho smalare. På det smalaste er egga 3 meter breid og loddrett på kvar side. På nordsida vil du falle inn i gamle Balestrand kommune. På sørsida ned i steinur i gamle Leikanger kommune. Her gjeld det å ha stålnerver og la tankane svive rundt noko heilt anna.
Eg gjorde nokre forsøk, men kom berre eit stykke inn på det smale partiet før det låste seg mentalt. Ein del av meg bad meg om å halde fram, men delen som styrte beina protesterte vilt og eg vart ståande frosen i ein posisjon. Det enda med at eg fann det best å setje meg ned og heller krabbe eit stykke tilbake. Det var heller ikkje hjelp at eg på veg tilbake til sikrare posisjon, trakka på ei stor helle som balanserte og vippa litt. Restane av mot fordufta som dogg i sommarsol.
20.08.2020 valde eg på nytt å utfordre mine demonar. Ja, det er 6 år sidan forrige forsøk, men eg har valt å halde meg vekke frå anleggsområdet under kraftutbygginga. No når utbygginga snart er ferdig, var det på tide å med eit nytt forsøk, med støtte av gode kollegaer.
Før kryssinga valde vi taktikk. Eg gav meg sjølv «skylappar» mot nord og konsentrerte meg om personen som gjekk framfor. Etter ei vellukka traversering av eggja eller «Stavabrui», kom eg opp på nordspissen av Stav. Toppen er flat og vid. Skal du få utsikt må du gå til ytterkantane i alle retningar. A gå rundt den vesle varden er ikkje nok. Etter brui var toppen eit lite antiklimaks.
Tilbake til dei med aversjonar mot høgder, fins det alternativ. Ein kan halde seg nedom Stavabrui og gå mot sørspissen av Stav og kome seg opp på nordspissen frå sørsida. Som du ser av bilete slepp du å gå på ei skarp egg:
Turen til nordtoppen av Stav via Stavafjellet er delt i tre deler:
Skarholten er eit av dei høgaste punkta i Leikanger kommune på 1543 høgdemeter. Fjelltoppen ligg i nordaustleg del av kommunen, nord for vassreservane våre.
Den enklaste måten å gå til Skarholten er via Huks-/Grindsdalen der du går fram til Stavatjørni før du går opp ryggen til Skarholten. Stavatjørni ligg på ca 1000 høgdemeter og du går borti i lia til aust for vatnet og følgjer eit tydeleg rekkje/sti oppover eit stykke. 500 meter opp i lia blir det meir utydeleg, men det er enkelt å følgje ryggen oppover. Cluet er å følgje gras og mose oppover til du kjem til «steinørkenen». På den første delen av stigning er det lurt å halde seg i nordleg del av ryggen. Går du for tett på Fossadalen, i sør for Skarholten, vil du risikere å gå litt opp og ned. Det er betre å halde ei jamn stigning oppover enn å tape høgdemeter.
Når du er i starten på «steinørkenen», vil du legge merke til områder med snøkvit kvartstein. Mot slutten kan du ta ein titt ned i Fossadalen og går du over på nordleg side av ryggen kan du sjå ned i Ryssebotn og bort på Ryssebotnrana. I austleg ende av Ryssebotnrana, som ligg nord for Skarholten, kan du skimte varden på 1604 høgdemeter. Det er «tre-punkten» der grensa mellom Balestrand, Sogndal og Leikanger kommune møtes. Omtrent rett aust for Skarholten, bak vestlege delen av Myrdalsbreen, kan du skimte varden på 1570 høgdemeter der grensa mellom Sogndal og Leikanger kommune møtes. Om du kunne ha gått ned breen på baksida av varden, ville du kome ned i Gunvordalen i Sogndal kommune. Vender du deg gradvis mot sør har du utsyn over Myrdals- og Voggesbreen i søraust. Nedanfor Voggebreen kan du skimte Friksdal. Vest for Friksdal ser du heim Friksdalseggi mot Kaldekletten og Kjeringafjell.
Du må rekne med 3 til 4 timar på turen opp til Skarholten. Eg parkerte i nærleiken av Myklebru og brukte noko under 3 timar. Hadde eg parkert heilt heime ved den gamle skytebana, reknar eg med at det ville teke 4 timar og 30 minutt. Når eg no kjenner ruta, kan eg nok korte ned på gangtida noko. Første gongen blir det ofte pausar for å vurdere alterative trasear.
Etter bileta mine skal det ikkje vere store utfordringa å gå nord om breen og bort til Synnevaskjer, ned Trastadalen og heim Henjadalen. Vel du ein slik tur må du setje av ein heil dag og ta med godt med niste og godsaker. Drikke kan du fylle mange stadar på turen.