Enkel installasjon av java i Ubuntu

For litt sidan sa Oracle opp lisensen som gjorde at Java kunne ligge i Ubuntu sine programarkiv. OpenJDK er no standard, men – som eg opplevde i dag – er det ikkje alt som fungerer like bra. Eg sleit med den javabaserte opplastaren til Adrive. Ikkje kul om opplastaren ville fungere med OpenJDK. Til slutt måtte eg gi opp og prøve å finne ut korleis eg skulle installere Oracle sin Java 6 Runtime.

På nettsidene til Oracle er det ingen Debian (Ubuntu) installasjonspakke. Skulle eg installere Oracle Java, såg det ut til at eg måtte knote med tekstkommandoar for å få det til. Heldigvis fann eg eit skript frå http://flexion.org/. Oppskrifta finn du http://blog.flexion.org/2012/01/16/install-sun-java-6-jre-jdk-from-deb-packages/

Med utgangspunkt i oppskrifta over har eg justert ho slik at ein fjernar OpenJDK frå Ubuntu før installasjon av Oracle Java:

cd ~/
sudo apt-get purge java-common
sudo apt-get autoremove
wget https://raw.github.com/flexiondotorg/oab-java6/master/oab-java6.sh -O oab-java6.sh
chmod +x oab-java6.sh
sudo ./oab-java6.sh

La skriptet utføre magien sin ved å bygge lokale Ubuntu-pakkar av Oracle Java sine programfiler. Det siste du gjer er å installere Java og Java-plugin:

sudo apt-get install sun-java6-jre
sudo apt-get install sun-java6-plugin

Dersom du ikkje vil installere med kommandolina, finn du sun-java-6-jre og sun-java6-plugin i Synaptic programpakkebehandler.

Det er heilt tydeleg at ikkje alt fungerer like godt med OpenJDK, for no fungerer opplastaren til Adrive prikkfritt.

gpg2go og gpg4u – sikker informasjonsutveksling

Dei siste åra har eg hatt ei enkel løysing for kryptering og signering av filer. Løysinga er bygd opp ved hjelp av batch-filer som nyttar gnupg og 7-zip for å løyse ymse oppgåver. Ho skal fungere i alt frå Windows XP til Windows 7.

I dag tok eg finpussen og sjekka ut løysingane slik at eg kunne dele dei med andre og kanskje få nokre innspel på forbetringar. Eg har laga til ei eiga side her på bloggen med lenker til kor du kan laste ned løysinga.

Ver obs på at du brukar dei på eige ansvar!

Jammen har vi nordmenn fått god råd

I dag var det eit innslag i Aftenposten på kven som var lønsvinnarane siste år. Eg nøsta meg tilbake og plukka ut ein tabell frå Samfunnsnotat nr 12 /11 til LO med oversikt over lønsauken frå og med 1990 fram til og med 2010. Deretter besøkte eg SSB som kunne opplyse at konsumprisindeksen frå og med januar 1990 til og med desember 2010 var:

Deretter sett eg meg ned med eit rekneark og gjorde nokre utrekningar som baserer seg på industrien i alt.

For å vere litt romsleg kan vi sei at reallønsveksten, dvs meirauke i løn enn prisstiginga, er på ca 55% i perioden.

Det må vere lov å stille spørsmål om ikkje dette har hatt innverknad på konkurranseevna til Noreg. Det er berre å sjå til Tyskland i artikkelen «Ti år uten lønnsøkning i Tyskland» av Dagens Næringsliv av 28.12.2011:

Deler man de tyske lønnsmottakere inn i ti grupper rangert etter nettoinntekt, så har ti-delen med lavest lønn hatt en reallønnsnedgang på nesten 20 prosent fra 2000 til 2010, mens den ti-delen som tjener best har hatt en reallønnsøkning på 2,7 prosent. Ikke per år, men totalt for alle de ti årene.

Kun to av de åtte andre gruppene har hatt en svært liten reallønnsøkning.

Gimp eller Paint.net

I første halvdel av februar har eg hjelpt Leikanger Båtlag med å få på plass heimesider og drive litt skulder ved skulder-opplæring. Dersom du ser gjennom friluftsliv-kategorien min vil du sjå at eg tek ein del bilete. Noko meir enn litt korreksjon av fargar og kontrast, nedskalering, utsnitt og enkle filter her og der har eg ikkje hatt trong for til dette.

Utfordringa med Leikanger Båtlag sine sider var ønskje om at logoen skulle leggast over eit anna bilete. Til dette må ein nytte eit program som støttar lag. Eg visste om i det minste to:

Gimp Paint.net

Gimp hadde eg arbeidd ørlite med før, utan at eg har gjort meg nytte av funksjonalitet som lag. Gimp har, for meg, eit litt uortodoks grensesnitt. Etter å ha streva ein del måtte eg kaste inn handkledet. Eg lasta ned Paint.net, som også dette er gratis. Som med Gimp er det frivillig å donere nokre slantar til utviklarane.

I Paint.net følte eg meg meir heima med eit meir tradisjonelt grensesnittet samt at det var enklare å forstå korleis eg skulle bruke lag på ein grei måte. Det tok ikkje lang tid før eg fekk taket på lag og til slutt fekk eg til eit bilete som eg og representant for Leikanger Båtlag var nøgd med.

Gimp er kanskje eit langt kraftigare verktøy, men Paint.net er nok mykje enklare for ein nybyrjar.

Minneavtrykk for ulike nettlesarar

Eg har fleire nettlesarar installert i Windows 7 og tenkte det kunne vere interessant å sjå kor mykje minne kvar enkelt gjorde krav på. Testen vart gjort ved at eg lasta følgjande sider i faner:

Internet Explorer 9  32-bit

Chrome 16.0

Firefox 10.0.1

Opera 11.61

Safari 5.1.2

Det ser ut til at Opera og Safari krev minst minne for å vise desse sidene.

Ver merksam på online backuptenester

Eg har starta å sjå litt på tenester som tilbyr backup over nettet og har avskrive to.

Ubuntu One
Sidan eg har testa ymse versjonar av Ubuntu, sjekka eg ut Ubunu One. Dei er rimeleg opne og tydelege på at overføringa dit er sikra, men at lagringa ikkje skjer sikra/kryptert fordi du skal ha moglegheita til å dele filer med andre. Med andre ord har systemadministratorar eller brukarar med høge nok administrative tilgangar hjå Ubunu One moglegheit til å lese filene dine. I verste fall kan informasjonen lagra i dei bli utnytta. Det synes eg ikkje noko om.

Jotta
Jotta er ei norsk teneste som breier om seg, òg under andre merkenamn som PCWorld osv. Eg oppretta ein konto og testa klienten. Programvara er enkel å setje opp, men så la eg merke til at ein kunne dele filer med andre. Det betyr at Jotta enten må lagre dine data på sine serverar ukryptert/opne. Dersom data blir lagra kryptert er nøkkelen for å dekryptere, for deling, tilgjengeleg hos Jotta. Då sit ein att med same risiko som hos Ubunu One. Det synes eg ikkje noko om.

Det eg synes mindre om at Jotta ikkje er opne om det. I ofte stilte spørsmål unngår dei å svare på spørsmålet. Dei seier at overføringa er sikra, men så tek dei ein kjapp ein og berre svarar på om Jotta tilsette overvakar filene. Er data lagra ukryptert eller nøkkel for dekryptering tilgjengeleg hjå Jotta, kan tilsette hjå Jotta lese filene og i verste fall utnytte informasjonen i dei. Slike moglegheiter skal, ikkje må, men SKAL IKKJE vere til stade.

Slutning
Korkje Ubuntu One eller Jotta kan eg på noverande tidspunkt tilrå for dine tryggleikskopiar. Systemeigar har tilgang til dine data.

Libreoffice og Unity-integrasjon

Eg tenkte å gi Ubuntu 11.10 og Unity ein sjanse til og har jobba litt med det i snart i over ein månad. Det første eg la merke til var at LibreOffice ikkje kom med menyen sin integrert i toppraden. Sidan dette er eit brot på utforminga av Unity søkte eg etter ei løysing. Det viste seg at integrasjonen ligg i Programvaresenteret til Ubuntu.

På nettsider såg eg at årsakene til at menyintegrasjonen ikkje vart installert som standard var manglar/lus. Eg har likevel brukt integrasjonen ein månads tid utan at eg har støytt borti problem.

I dag skulle eg frysa kolonner og rader i eit rekneark. Eg leitte på menyen Vindu, men fann ikkje han. Så søkte eg litt på nettet og fann at ein mistar Vindu-menyen med menyintegrasjonen med Unity. Det var nok til at eg fjerna lo-menubar.

NRK nett-tv og Ubuntu

Det ser ut til at Bjørn Forbord har sendt meg den best løysinga på å få NRK nett-tv til å fungere med Ubuntu-baserte linux-distribusjonar som t.d. Pinguy og Linux Mint. Eg har testa løysinga på 11.10 og ho fungerte glimrande. Ifølgje Bjørn Forbord skal ho også fungere med Chromium.

  1. Opne ein terminal
  2. Kopier og lim inn i terminalen

    sudo apt-get install totem-mozilla gstreamer0.10-alsa gstreamer0.10-ffmpeg gstreamer0.10-fluendo-mp3 gstreamer0.10-nice gstreamer0.10-plugins-bad gstreamer0.10-plugins-bad-multiverse gstreamer0.10-plugins-base gstreamer0.10-plugins-base-apps gstreamer0.10-plugins-good gstreamer0.10-plugins-ugly gstreamer0.10-pulseaudio gstreamer0.10-tools gstreamer0.10-x

  3. Trykk enter/lineskift for å installere.

På NRK sine nettsider brukar du standard innstillingar som er Windows Media Player og det skal fungere som i Windows.

Det var en gang en maur….

Eg er usikker på kor historia kjem frå. Søk på Mauren løven kakkerlakken gir fleire nyare treff. På engelsk vert historia kalla «The ant fable». Historia er til ettertanke:

Det var en gang en maur. Den gikk til jobben tidlig hver morgen for å arbeide. Mauren var flittig og likte jobben sin. Lederen, løven, ble overrasket da han fikk se at mauren var effektiv uten noen over seg som ledet arbeidet. Han tenkte, om mauren er så effektiv uten arbeidsledelse, så bør mauren være ennå mer effektiv med noen til å lede arbeidet.

Løven ansatte Kakkerlakken som hadde lederutdanning og var kjent for sine grundige rapporter. Kakkerlakkens første oppdrag var å lage et arbeidsskjema. Han behøvde også en sekretær for å føre rapporter så han ansatte en edderkopp for å holde rede på arkivet og svare på telefoner.

Løven var begeistret over de rapporter som kakkerlakken skrev, og ba ham om å lage diagrammer over produksjonen og analysere utviklingen. Disse dokumentene kunne Løven vise sjefen sin. Kakkerlakken var tvunget til å kjøpe en pc og ansatte flua som ansvarlig for IT-avdelingen.

Mauren, som tidligere var en glad og produktiv arbeidstaker, hatet sin nye jobb, han var jo tvunget til å gå på ulike møter og beskrive sitt arbeide i ulike rapporter og registrere alle avvik!

Løven syntes det var på høy tid å ansette en sjef til enheten der Mauren jobbet. Sjefsstillingen ga han til Kleggen, hvis første innsats var å kjøpe en fin matte og en ergonomisk arbeidsstol til kontoret. Den nye sjefen, Kleggen, behøvde naturligvis også en pc, og en personlig assistent for å kunne framstille en plan for å optimalisere arbeidet og budsjettet.

Enheten der Mauren jobbet var ikke lengre en trivelig arbeidsplass, alle var irriterte og urolige for sin framtid. Da foreslo Kleggen til Løven at man burde foreta en arbeidsmiljøkartlegging. Det framkom at Maurens enhet hadde høyere kostnader og produktiviteten hadde minsket. Da ansatte Løven Uglen, en velrenomert konsulent som skulle foreta en undersøkelse og komme med forslag til forandringer. Ugla gransket virksomheten i tre måneder og fikk fram en gigantisk rapport hvor resultatet viste at :

“Det er for mange ansatte…”

Gjett hvem Løven avskjediget først?  Naturligvis Mauren, da rapporten viste at han led av “mangel på motivasjon og hadde en negativ innstilling”.

Gamalt nettverksproblem framleis til stades i Ubuntu 10.04

Eg starta maskina i Ubuntu 10.04 og skulle kopla meg til Telenor trådløs sone på hotellet. Såg ei lita feilmelding frå Ubuntu 10.04 om at network manager var slått av og eg la merke til at ikonet som let meg vise tilgjengelege nettverk ikkje var tilgjengeleg på lina.

Heldigvis var det rimeleg enkelt å kome seg på nettverket. Eg opna berre menyen:

System – Innstillinger – Nettverkstilkoblinger og la til manuelt telenor.

Eg søkte litt rundt på nettet og fann at dette var ein gamal bug som stammar trass i å ha vore til stades i eldre versjonar ikkje ser ut til å vere retta enno i Ubuntu 11.04:

https://bugs.launchpad.net/ubuntu/karmic/+source/avahi/+bug/327362

Eg prøvde eit par av løysingane som var foreslått, utan at det løyste problemet. Ein kan visst byte ut network manager med noko anna, men det var no like greitt å legge inn innstillingane manuelt. Eg må berre hugse på det neste gong eg støyter på dette igjen.