For litt sidan sa Oracle opp lisensen som gjorde at Java kunne ligge i Ubuntu sine programarkiv. OpenJDK er no standard, men – som eg opplevde i dag – er det ikkje alt som fungerer like bra. Eg sleit med den javabaserte opplastaren til Adrive. Ikkje kul om opplastaren ville fungere med OpenJDK. Til slutt måtte eg gi opp og prøve å finne ut korleis eg skulle installere Oracle sin Java 6 Runtime.
På nettsidene til Oracle er det ingen Debian (Ubuntu) installasjonspakke. Skulle eg installere Oracle Java, såg det ut til at eg måtte knote med tekstkommandoar for å få det til. Heldigvis fann eg eit skript frå http://flexion.org/. Oppskrifta finn du http://blog.flexion.org/2012/01/16/install-sun-java-6-jre-jdk-from-deb-packages/
Med utgangspunkt i oppskrifta over har eg justert ho slik at ein fjernar OpenJDK frå Ubuntu før installasjon av Oracle Java:
cd ~/ sudo apt-get purge java-common sudo apt-get autoremove wget https://raw.github.com/flexiondotorg/oab-java6/master/oab-java6.sh -O oab-java6.sh chmod +x oab-java6.sh sudo ./oab-java6.sh
La skriptet utføre magien sin ved å bygge lokale Ubuntu-pakkar av Oracle Java sine programfiler. Det siste du gjer er å installere Java og Java-plugin:
sudo apt-get install sun-java6-jre sudo apt-get install sun-java6-plugin
Dersom du ikkje vil installere med kommandolina, finn du sun-java-6-jre og sun-java6-plugin i Synaptic programpakkebehandler.
Det er heilt tydeleg at ikkje alt fungerer like godt med OpenJDK, for no fungerer opplastaren til Adrive prikkfritt.