I månadsskifte mai/juni var eg sørover til Normandie og besøkte mellom anna landgangstrendene under andre verdskrig. Tidleg i august sette eg avgårde på mi andre reise denne sommaren for å gjere meg kjent med deler av Norden eg ikkje har vitja før. Turen gjekk nordover gjennom senter av Nord-Sverige (E45) med ein svipptur innom Kiruna før eg kryssa over til Finland og Inari, nordaustlege hjørne av Finland. Køyrde nedover austsida av Finland med stopp innom skistadar som Rovaniemi, Ruka og Kuusamo. Komen ned til Finskebukta snudde eg vestover til Helsinki og oppover vestkysten tilbake til Botnvika før turen gjekk heim via skogane i Sverige og Härjedalen, Røros og over Sognefjellet.
Om det er to ting som kan oppsummere turen er det skog og reinsdyr. Vær budd på lange strekker med skog. I Nord-Sverige er det litt kuppert slik at du til tider kan sjå lengre enn veggen av tre langs vegen. I Finland er det flatare. Avbrota frå veggen av tre langs vegen er sjeldnare. Ver budd på at «Rudolf» vandrar i vegen og grøftene i dei Nord-Sverige og -Finland. Det beste med å køyre i Sverige og Finland er at vegane er mykje betre enn i Noreg med mindre trafikk. Skal du til Finnmark er E45 vegen å køyre. Bubilar er det lite av, men det er enkelt å passere dei takka vere dei gode vegene. I Noreg er det langt verre, Sognefjellet og Lustrafjorden er eit mareritt om sommaren.
Lading: Som under forrige reise valde eg å basere meg på Tesla og Ionity-abonnement. Dei er klart rimelegast, omlag halv pris med kr 3 – 4 per kwh. Ionity hadde førsteprioritet sidan dei støttar 800 volt-arkitekturen i bilen. Vanlegvis kjem eg til ladarane med 15-20% igjen på batteriet. Eg køyrer ikkje batteriet i botn sidan eg likar å vere budd på det uforutsette. Alt fungerte og eg var ofte einaste bilen som lada. Med maks ladefart på 240 kw og ei rimeleg flat, trinnvis kurve er eg med ein 350 kw Ionity-ladar vidare på mellom 15 og 20 minutt. Etter 3-4 timar i bilen er det godt å bruke minuttane til å gjere nødvendige ærend og gå litt rundt før neste økt bak rattet. Med ein Tesla-ladar, som i dag berre leverer 400 volt, er maks ladefart rett under 100 kw og ladestoppet vert i overkant av 30 minutt.
Førarstøtte: Er veldig nøgd med førarstøtta, ho skuffar ikkje. Bilen har full oversikt over det som skjer rundt han som gjer det veldig avslappende å køyre. Det einaste kjedeleg er at eg ofte må svakt røske i rattet når bilen kjeftar på meg fordi han meiner eg ikkje har hendene på rattet på dei laaaaange, rette strekkene.
Med litt aktiv køyring på vestlandsvegar som inkluderer kapping av svingar og å legge seg ut på eller over kvitestripa for å passere møtande bilar, får eg ofte opp «Ta deg ein pause»-varslet. Må trekke på smilebandet når det kjem opp 5 minuttar etter min siste stopp, men ein lita berøring av bremsen fjernar som oftast varslet. Skulle gjerne hatt moglegheit å slå det heilt av, men den innstillinga er ikkje tilgjengeleg.
Navigasjon: Det er framleis lite tilfredsstillande at Tesla-ladarene ikkje er med i navigasjonen til Hyundai. Eg må nytte Chargefinder for å sjå om det er Tesla-ladarar på neste strekket om det er for langt mellom Ionity-ladarane. Lista over dei geografisk næraste ladarane, der du er eller ved destinasjon, i bilen sin innebygde navigasjon er smart om ein må gå for ein anna ladeleverandør.
Komfort: Det har teke meg litt tid til å bli komfortabel i førarsete. Setet er ikkje like komfortabelt som i min forrige bil, Byd Tang. Eg må passe på å variere sitjestillinga meir. Skulle gjerne hatt meir støtte under låra, men i Ioniq 6 kan du ikkje trekke ut framdelen av seteputa.
Underhaldning: Med Android Auto har eg naturlegvis musikk og bøker via strauming, men det eg lyttar mest på under turane mine er NRK som radio-app. Alltid kjekt å få med seg nyhende, Reiseradioen og anna underhaldning på turen.



