Er Sogn Avis ubalansert i kraftverksaka?

Det tok nokre dagar der eg vurderte om eg skulle skrive noko om det som hende eller ikkje. Etter kvart som tida har gått, seig det på meg. Mykje skjedde og vart skrive i veka eg var borte.

På feriereise 20.06.09 sende eg inn ein e-post til Sogn Avis der eg viste til bloggen og ville at bloggartikkelen min skulle inn som innlegg i avisa. Eg legg ved eit bilete av e-posten samt teksten:

e-post Har sett i avisa at det er mykje lesarinnlegg og artiklar vedrørande kraftverk i Leikanger. Mitt inntrykk er at det blir negativt fokusert i innlegga og i artiklane. Eg synes fokuset blir heilt feil.
Eg likar å gå i naturen og har vore frå aust til vest og nord til sør i Leikanger kommune. Eg meinar eg har rimeleg bra oversikt over naturen i kommunen. Mitt fokus er at fleire må få moglegheit å kunne nyte vår natur. Slik som det er no er det eit mindretal som gjennom god form som får moglegheit til å kome seg opp i det eg kallar ei naturoppleving. Det er ikkje mykje spaning å traske etter grusveg nede i dalar og stire inn i tettvokst skog.
Kan vi bruke det at ein vil byggje eit kraftverk til å gjere eksisterande arrangement i Kjeringi Open og Sognefjordrennet til vintersportsaktivitet heile året? Har vi moglegheiten å kombinere ei satsing på vintersport med ei satsing på sommaridrett eller -aktvitetar?
Eg vil utfordre lesarar, så vel som avisa, til å vinkle dette til kva ein kan få til som følgje av utbygginga om ein tenkjer seg om og er villig til å satse. Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan lesast eller hentast her:

http://arildbjork.spaces.live.com/blog/cns!63C1C9242D4AB2E6!5931.entry

Både tekst og bilete er mine, så alt i innlegget kan brukast.

Arild Bjørk

Stor var overraskinga når eg las gjennom bunken med aviser etter ferieturen. Sogn Avis hadde brukt e-posten som eit innlegg og vist til  bloggartikkelen. E-posten var til avisa og skulle forklare bakgrunnen for innlegget som låg i bloggen min.

Kva er gale med måten avisa gjorde det på?
I dag er det framleis mange som ikkje har tilgong til nettet. Eg får ikkje delt mine idear og synspunkt med avisa sine lesarar i like stor grad. Meinar du blogginnlegget mitt har relevans, sørg for å sende lenka vidare til vener og kjente eller gi det som utskrift.

Var eg for vag i e-posten, kunne noko misforståast?
Eg ser at eg burde nok ha ordlagt meg litt annleis i setninga: “Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan lesast eller hentast her”. Setninga burde ha lydd “Deg eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan lesast og hentast her” eller “Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt, men kan hentast her”. Men sidan det i setninga under nettadressa (URL) heilt klart går fram at eg gir løyve å bruke både tekst og bilete, meinar eg det burde fjerne tvilen. E-posten inneheldt ingen bilete. Saman med “Det eg har skrive følgjer ikkje vedlagt…” er eg av den klare oppfatning at redaksjonen burde ha skjønt at det var bloggartikkelen som skulle vere innlegget i avisa.

Eg har sjekka innboks og spam-filter. Avisa tok ikkje kontakt for å oppklare dersom dei hadde vanskeleg for å forstå min e-post eller om innlegget ville vore for langt.

Kvifor valde eg å gjere det på denne måten?
Innlegg som skal inn i avisa, må redaksjonen tilpasse i sine publikasjonsverktøy i spalteform. Av det eg har fått med meg baserer ikkje avisproduksjonen seg på Word og Excel. Ei fil med artikkelen sett opp for A4-format må omarbeidast av redaksjonen. Nettpublisering i html er den enklaste måte å gi rein tekst/html-tekst. Bilete er sjølvstendige filer som enkelt kan lastast ned og tilpassast i storleik, form og svart/kvitt-formatet. Eg meinte det var det beste alternativet for at avisa skulle kunne tilpasse artikkelen til papirformatet ved enkelt å bruke klipp og lim inn i sine verktøy samt hente ned og tilpasse bilete.

Ettertanke
Artigt er det å lese innlegget til Ingvild Austad som skriv under som Professor i landskapslanlegging, Høgskulen i Sogn og Fjordane. Innlegget ber preg av nostalgi og romantisering av årsaka til kvifor ho flytte hit for 30 år sidan. Mellom anna fordi kulturlandskapet vart halde vedlike. Tida har gått og i dag kan eg gi eksempel på stadar og turområder som står til forfall:

  1. Nyastøl i Henjadalen, ved utløpet av Friksdalen. Meinar å hugse at alt var nedfalle første gong eg var der i ca 1992. Det skal ikkje forundre meg at Nyastøl, i det minste, var på god veg til forfall allereie for 30 år sidan.
  2. Dalhjedla i Henjadalen gror att. Uteløer dett ned og spraken/einene et seg inn på stølsområdet. Stien opp til Stokksete vart, etter det eg veit, forsøkt rydda for ei tid tilbake, men er vanskeleg å finna både frå Dalhjeldla og der han kjem inn på stien frå Raumålsgrinda til Stokksete. Stien er langt frå tydeleg i terrenget.
  3. Fadnastølen i Njøsadalen er prega av at spraken/einene et seg inn på stølsområdet.
  4. Turen opp til Vassvarden på Storeholten, frå Hella, byrjar å bli prega av at landskapet ikkje blir helde i hevd. Første gong eg gjekk han var i 2005. Slik eg hugser det var det i 2005 og 2006 sauer i området over Rud-garden og så vart det slutt. Konsekvensen av at sauen er borte var tydelege allereie i juli 2008. Frå eg gjekk ut av dei uslegne engene med høgt gras på Rud-garden, var det tydeleg at graset og vegetasjon tetna til rundt stien. Frå den nederste stølen Skarde og opp til Rudstølen har mengda av vegetasjon merkbart tjukna til.
  5. 2005 orrasetePå Orrasete over Engjasete, på Grinde, ser eg dei same tendensane. Eg tok turen til Mælen den 28.06.09 og stussa litt over at eg ikkje traff på dyr i det heile på veg til/frå Mælen. Bilete til høgre er frå Orrasete den 29.06.05 og syner at det gjekk både hestar og sauer der.
  6. Eg kan gjerne forsette med Skopasete som gror att og ligg til forfall.
  7. Stien opp frå riksvegen til Eitun-garden i Eitorn er eit villniss av blomster og gras.

No er det ikkje slik at eg krev at grunneigarar og dei som disponerer områda skal halde stiar og gamle stølar i hevd. I dag er det ikkje lenger bruk for den vesle vestlandsbonden med nokre sauer på beite. Vi skal og må drive større og meir effektivt. Eg har den fulle forståing at ein ikkje har ønskje om å springe fjella rundt i Leikanger for å samle inn att sauer. Eg registrerer at storsamfunnet aksepterer og betalar bønder for å gå laus på gamle områder med motorsag i håp om å få tilbake det gamle kulturlandskapet. Det blir vel ikkje heilt det same? Er vi ein gjeng med nostalgiske romatikarar som trur ein “quick fix” er det same som det slitet forfedrene la ned? Eg aksepterer at noko forgår og nye ting kjem.

0520001 Ein liten detalj som dukka opp tidleg i innlegget er: “Henjadalen som et attraktivt nærturområde hvor jeg opp gjennom årene har tilbrakt mye tid med barn og barnebarn på Flya med bading og fiske…”. Eg har utheva detaljen med raud skrift. Sidan Henjaelva er drikkevasskjelde, er både camping og bading forbudt, jf. bilete til venstre. Dersom vi, som følgje av kraftverket, får flytta vassinntaket lenger opp i dalen, vil det bli anledning til både å bade og drive med camping heimom vassinntaket.

I tillegg har vi det famøse innlegget til Anders Anderssen som samanliknar lokaldemokratiet vårt med Iran sitt styresett. Det er godt at våre politikarar set han på plass i avisa laurdag 27.06.09. Eg vel difor ikkje gå inn på innlegget her. Han prøvd å klargjere seg i avisa den 01.07.09 utan at det retta opp mykje av fadesen.

Det positive var innlegget til Janne Dokken:

Kva arbeider ”Henjadalen sine venner” i mot?
At kommunen skal få minimum kr 4.500.000 i skatteinntekter + inntekter på fallrettar til fellesskapet kvart år?
At kommunen skal få kr 10.000.000 av inntektene frå grunneigarane til fellesskapet?
At bønder med styregruppa i spissen, var så framsynte at dei leigde inn eit selskap til å forhandle fram ei avtale (med Sognekraft), som gjer at meir enn halvparten av inntektene går til kommunen/fellesskapet og til eit 60-tals bønder/grunneigarar?
At bønder som held vedlike naturen rundt oss med beitedyr og arbeidskraft, som gjer at du og eg kan gå tur i det vakre landskapet, ikkje får utnytte ressursane sine?
At kommunen får auka budsjett til å ruste opp alle våre felles gode i kommunen?
At Henjaelva får ei minstevassføring som sikrar alle i bygda nok reint drikkevatn?
At vi produserer energi med fornybare ressurser.
At det kjem tunellar i fjellet der vatnet skal renne igjennom?
At det kjem ny og betre veg fram i Henjadalen?
At det blir bygd ut ein skogsveg slik at bøndene kan utnytte ressursane sine?
Kva gjer de når bøndene legg ned fordi næringsgrunnlaget ikkje er til stades lenger, og alle turløyper gror igjen?
Kva gjer de når kommunen på grunn av dårlig økonomi må kutte på budsjettet, slik at våre felles offentlige gode blir reduserte til minimum av det som er forsvarlig?
Kva gjer de når kulturtilbodet blir redusert fordi kommunen ikkje har økonomi?
Kva gjer de når regjeringa kanskje ynskjer å omorganisere forvaltninga og dei statlige arbeidsplassane blir flytta eller lagt ned?
Er de heldige klarar de å selja huset før prisane stuper, og flyttar etter.
Idealisme er flott, men for å få eit bygdsamfunn til å gå rundt er ein og avhengig av verdiskapande virksomhet.

Janne Dokken.

Dei to første punkta har blitt meir aktuelle. På NRK Sogn og Fjordane, den 01.07.09, vart Leikanger drege fram som ein kommune som brukte langt meir enn inntektene sine. Vi har allereie merka endringar ved at budsjett blir kutta på t.d. skulen, men det var snakk om ein overforbruk på 10.000.000 – 12.000.000 i året for kommunen. Eg lurer på korleis ein skal greie å ta dette inn. For meg står ikkje Leikanger fram som ein ekstravagant kommune som kastar pengar ut i aust og i vest. Kanskje har vi ikkje gjort optimale investeringar i løpet av åra. T.d. skulen ved stadion som ikkje fekk idrettshall, sjølv om veggen stod klar. Skulen vart kanskje for liten for fort, så nytt bygg måtte på plass. Kort sagt: Det er dyrt å vere fattig. Korleis skal Leikanger kome i balanse og likevel halde eit godt servicenivå for innbyggjarane?

Då er vi tilbake til nostalgikarar og romantikarar både utanfor og i Sogn Avis. Journalisme er å formidle nyhende og historiar, men det finst også kritisk journalistikk som går inn i sakene og stiller spørsmål ved det kjeldene vil formidle. I kraftsaka har eg ikkje fått med meg anna enn at Sogn Avis har stått motstandarane side. Avisa har dekka saka med det eg oppfattar som ei klar slagside. Eg hugsar ikkje at avisa på noko tidspunkt har stilt spørsmål på kva for alternativ motstandarane ser for seg for kommunen:

  • Kva kan sikre inntekter og moglegheit for utvikling av Leikanger?
  • Blir ein kommune meir attraktiv for tilflyttarar dersom han berre kan tilby eit absolutt minimum av tenester?
  • Blir ein kommune meir attraktiv med høge eigedomsskattar og avgifter?
  • Skal vi vere 100% sikre på at staten til ei kvar tid bergar Leikanger?

Eg kan dra inn Luster og deira moglegheiter som følgje av kraftutbygging. T.d. at dei legg pengar på bordet for å få bygd ut breiband. I Leikanger er sentralen plassert ved Leikanger Ungdomsskule. Når du kjem opp i Lundene på Hermansverk, får du problem å skaffe det breiband over 3 Mbit. Byggefeltet Dalen får ikkje levert ADSL av Telenor. Enivest kan levere, men hastigheitene er på lågaste nivå og under. Til og med Frækaland, langt over byggefelta på Leikanger, har betre hastigheiter enn Hermansverk. Sentralen er nær maksgrensa. Eg meinar å hugse at innbyggarar på Solbakken hadde problem med å få breiband for ei tid tilbake. Telefon er Telenor pålagt å føre fram, men det krev liten kapasitet. Det blir fort til at ein splittar liner som hindrar breiband. Var det ikkje eit breibandsselskap som kjøpte fotballrettane for ei tid tilbake? Skal vi vere attraktive for elektronisk pendling i jobben og underhaldning på fritida, får vi jaggu syte for at infrastrukturen er på plass. Verksemdene som er plassert langs Sognefjordvegen har ikkje problem. Dei er ikkje påvirka. Her ligg fiberen i gangvegen, men Telenor kjem ikkje til å oppretta nokon ny sentral på Hermansverk for å sikre at felta der får hastigheitar på 2 eller 3-sifra Mbit. Telenor driv kommersielt og ikkje veldedigheit. Har Leikanger kommune moglegheit for å legge pengar ut for dette?

Det er ufatteleg at ikkje Sogn Avis har stilt kritiske spørsmål til motstandarane, men fungert som eit ukritisk organ for eit mindretal. Sett i lys av det som skjedde med mitt innlegg, meinar eg at det må vere lov å tenke tanken om redaksjonen i avisa skjermar lesarane sine for innlegg som ikkje talar “deira sak”. Er det slik at vi opplever at tomme boksar er dei som skramlar mest?

Berbart utstyr utgjer ein risiko, spesielt i ferietida

Acer Aspire One. Bilete henta frå http://www.acer.no/ Det siste året har det vorte selt mange rimelege mini-berbare med Asus og Acer i leiinga. Ordinære berbare har også vorte rimlegare og kraftigare. Ein ønskjer berbart utstyr framfor stasjonere maskiner, med mindre ein har spesielle behov. I dag vil ein ha fridomen til å sitje kor som helst og vere kopla til internett når som helst. Med fridomen følgjer også ulemper og eit ansvar for å sikre at dine sensitive data, som passord på ulike nettstadar, bilete, e-post og dokument kjem på avvegar. Det er berre å tenkje seg litt om, så hugsar du sikkert personar som har hatt uheldige episodar. Ting har ein tendens til å spreie seg i dag som “eld i turt gras” i dag. Still deg spørsmålet:

Har eg noko på min berbare som eg vil at andre ikkje skal få tak i?
Er spørsmålet Ja, bør du lese vidare.

NA0388Før, når stasjonere maskiner var mest populære, stod desse i huset som du låste huset når du tok deg ein tur. Skulle nokon ha tak i dine data, måtte dei fysisk bryte seg gjennom ei sperre. Berbart utstyr blir teke ut av denne sikringa. Felles for produsentane av berbart utstyr er at dei ikkje tilbyr at dine data skal sikrast mot denne risikoen. Maskiner blir levert med operativsystem og oppsett som gjer at dine data er tilgjengeleg for den som får tak i maskina di. Sjølv med passord på kontoen og kontooppsett som privat i Windows er dine data ikkje sikra.

No vil dei som har kjennskap til Windows Vista hevde at Vista vert levert med eit slikt verktøy. Ja, versjonane Vista Business og Vista Ultimate har eit slikt verktøy: BitLocker. Problemet er at dei maskinene vi som privatpersonar kjøper vanlegvis har Vista Basic eller Vista Home Premium som ikkje har BitLocker. Windows XP, som blir levert på dei aller fleste mini-berbare, har heller ikkje slik funksjonalitet.

Verksemder og offentlege etatar krypterer heile disken for å sikre seg mot at data kjem i feil hender. Det same bør du også gjere og det er ikkje farleg eller vanskeleg. Einaste forutsetninga er at du tek backup av alle dine data før du startar, dersom uhellet skulle vere ute. Med så mange gode tilbod på eksterne platelager, er det inga orsaking å ikkje ta backup. Med systemkryptering blir heile disken kryptert og ikkje separate filer. Det er ikkje mogleg å lese innhaldet på disken utan å ha passordet eller kodesetningen. Den som prøver å undersøke disken, vil sjå han fyllt med tilfeldige data.

Truecrypt

truecryptEg har tidlegare teke for eit verktøy i eit innlegg her på bloggen. Eg har valt å gå over til Truecrypt som, sidan februar 2008, har vorte utvida til å omfatte full systemkryptering. Truecrypt hadde frå før moglegheit til å generere virtuelle diskfiler, kryptere minnepennar, minnekort, eksterne platelager og andre deler av disken som ikkje er systempartisjonar. Kort og godt eit komplett, gratis verktøy for å sikre data på ein enkel måte. Truecrypt er også optimalisert til å dra nytte av dagens prosessorar med 2 eller fleire kjerner. Du vil ikkje merke nokon vesentleg hastigheitsreduksjon.

Før du byrjar med systemkrypteringa bør du hugse:

  1. Har du laga gjenopprettingscd/-dvdane til maskina?

    Mange maskiner blir levert med verktøy for å lage gjenopprettingscd/-dvdar. Alltid opprett desse CD/DVDane slik at du kan gjenopprette maskina til fabrikkstandard når du skal selje ho eller om Windows får ein skikkeleg vondsinna infeksjon av virus eller anna dritt.
  2. Backup av dine data for sikkerheits skuld.Tøffe gutar tek ikkje backup, tøffe gutar gret mykje. Ta backup av data med jamne mellomrom!
  3. Ein CD-R med mindre du legg inn eit mellomrom og /n i snarvegen til Truecrypt.Det siste gjerast dersom du skal kryptere system på ein berbar eller mini-berbar uten CD/DVD/BlueRay-brennar. Årsaka er at Truecrypt prøver å vere idiotsikker ved å krevje at du lagar ein rednings-cd, som Truecrypt verifiserer, slik at du kan få tilgang til dine data dersom seinare eit virus rotar til oppstartsdelen av disken. Denne idiotsikringa kan vere litt tungvinn. Ein måte å sikre at fila ikkje blir liggande på ein kryptert disk, fanga til evig tid, er at du legg fila på ein minnepinne eller ekstern disk. Ein rednings-cd kan seinare lagast av fila på ein anna pc. Berre pass på å ikkje mikse saman filer. Ei redningsfil/-cd er IKKJE universell, men spesifik for kvar pc som du krypterer disken på.
  4. Tenkt ut ein god kodesetning.

    Det er betre med ein god kodesetning, som er lett å hugse, enn eit langt intetsigande passord. Eksempel er setningen for å hugse tonane på strengene til ein 6-strengs gitar: “En Annen Dag Gikk Han Ensom” Bruk store og små bokstavar samt tal. Unngå norske bokstavar som æøåÆØÅ og andre teikn. Tastaturoppsettet er ikkje det same i først oppstartsfasen til maskina som i Windows.

meny Når 1-4 er klart, kan du setje i gong og velje menyen System > Encrypt System Partition/Drive og følgj instruksjonane. Etter at maskina har gjennomført ein del steg inklusive restart og Truecrypt har funne at alt fungerer som det skal, vil du kome inn att i Windows og kryptering av disken startar. Du kan arbeide med maskina medan dette pågår.

Kraftverk i Leikanger

Troeggi Det har vore ein del støy rundt kraftverket i Leikanger i Sogn i våren 2009. Motstandarar bruker eit kvart knep og eit av hovudargumenta er ofte naturopplevinga (i Henjadalen). Eg har gått i fjella frå Hella med Storholten og Troeggi i vest til Skriki i aust. Frå nord har eg vandra nesten til/frå grensa til Fjærland i Grindsdalen og frå Gunvordalen (nesten på Vatnasete) til Hermansverk. Sidan eg kjenner naturområda rimeleg godt, kan eg ikkje skjøne kva dei meinar er så flott med dalar med grusa veg. Å spasere på grusveg nede i ein dal er kort og godt kjedeleg. Takka vere at vi nesten ikkje har sauer att, til å halde vegetasjon nede, er sidene mykje grodd att eller på god veg til å bli det. Det er ikkje lett å finne att gamle stiar i liene.

Skrik Nei, skal ein ha ei naturoppleving, må ein opp over tregrensa. Ikkje noko er flottare enn Troeggi, Mælen, Hest, Kjeringi, Skrik, Lusaskard og Synnevaskjær. Og då sit eg ikkje å studerer Grindsdalen eller Henjadalen. Dei er berre nødvendige «transportetappar» for å kome opp eller ned. Eg har høyrt hjartesukk frå folk over kor lite spanande og interessant vandring det var frå Åsenosi, fremst i Henjadalen, til Syril stadion. Nei, eg har ikkje nøkkel til bommen så ein god marsj er einaste alternativet. Eg har heller ikkje suv, så Huksdalen (austsida av Grindsdalen) fordrar også ein lang marsj.

Energi er ikkje noko vi kjem til krevje mindre av. Etterkvart som olje og gassressursar går tomme eller dei ikkje blir politisk eller økologisk korrekte nok lenger, må vi erstatte dei med andre former for energi. Vindmøller skapar store stridar. Hundrevis av vindmøller plassert på land, så vel som i havet, ser ikkje bra ut. Det er store monster som produserer dyr energi. Eg kan heller ikkje sjå for meg at solfarmar, med titusenvis av kvadratmeter med solceller, skal vere betre. Dette er langt meir skjemmande enn nokre små inngrep, skjult langt inne i to dalar.

Kvinnafossen Ikkje vil inngrepa skjemme fronten mot Sognefjorden fordi dei skjer langt inn i dalar, som buktar kilometervis – om ikkje ei mil – nordover. Turistar på cruiseskip og private yachter vil vere uanande om kva dei djupe dalane skjuler. Elvene våre er knapt synlege frå der båtane passerer, like oppunder Borlaug, på veg til Flåm og Gudvangen. Og så var det fiske. I Henjaelva er det stopp etter ca 1 km opp elva, under ei demning, for fisk. Laksehøl var/er ein attraktiv plass, men sidan eg var barn var dette ein plass som ikkje var tilgjengeleg for ålmenta. Her vart ein jaga av grunneigar eller fiskar. Oppom og fram i Henjadalen er det for det meste fisk i storleiken “kattemat” å få. Fjærlandsetevatnet, Trastadals- og Myrdalsvotni er betre for fiske. Einaste elva vi må ta vare på er Kvinnafossen, ho er eit postkortmotiv.

Henjadalen Vi skal vere glade for vi har ressursar tilgjengeleg som vi kan hauste av. Det blir ikkje mykje i kassa av ein byråkrat som tek på seg det siste i treningsantrekk og joggar, syklar eller går på ski i dalane. Eg trur løypene på Øvstestølen er betre til det siste. Ein får i det minste sol der, ein godversdag. Det blir klaga når grunneigarar ønskjer å forlenge skogsvegar, for å kome fram til sine områder. Men i ettertid får ein enno lengre vegar å jogge på. Ser ein på Njøsadalen har det blitt lettare å ta seg inn i dalen og kome seg opp over tregrensa til opnare turterreng. Heldigvis krev ingen bompengar enno.

Det er godt mogleg at slik som det blir ordna no ikkje vil gi optimal avkasting for kommunen sine ressursar. Men når ikkje kommunen sjølv har økonomisk ryggrad til å vere med å etablere kraftverk, får vi ta til takke med det som er mogleg å få til. Vi må satse på selskap som baserer inntening på realverdiar. Mang ein kommune har svidd seg på dansen rundt gullkalven dei siste åra. Verdiane og avkastinga har forsvunne som dogg for sola. Nokre har valt å satse på hasardspel med godkjenning av departement. Andre har festa som om det var siste dag i tidsrekninga. Dei hadde det kjekt og har i det minste fått minner att for pengane, sjølv om prisen var høg.

Hest frå SmørklettDet eg håpar er at ein kan bruke bygging av kraftverk til å utvikle dalane i Leikanger. Vi må sjå til Kjeringi Open og Sognefjordrennet og bygge vidare på arbeidet eldsjeler har lagt ned. La oss også sjå til Voss og kva dei gjer med Ekstremsportveka. La meg ta nokre eksempel:

  1. Leikanger har ikkje ein god skibakke. Det er berre tilfeldigheitar om ein greier å halde han open og han er svært kort. Bakken ligg for lågt i høve det varmare veret. Snøkanoner kan ikkje brukast fordi ein ikkje har nok tilførsel av vatnen ovanfrå. Kva med ein skikkeleg slalombakke ned frå Hest (ca 1350 moh) til Grindsdalen eller at ein bygger opp om dette frå Kjeringi (ca 1300 moh) og ned i Grindsdalen eller evt. ned mot Friksdalen?
  2. Kva med eit skianlegg fremst i Grindsdalen, i området Eitrebotnen til framom Stavsete? Mykje av området her er ope og vil ha tilgong på sol om vinteren. Snøforholda ser veldig bra ut for meg.
  3. 0413002 Austsida av Henjadalen grensar til populære skiløyper som går over Høgehaug til Fjærlandsete og tilbake til Hodlekve. Dette er ypperleg skiterreng som no ikkje er lett tilgjengeleg frå Leikanger. Ein må til Sogndal for å kome dit om ein ikkje vil kjempe seg fram ei mil i Henjadalen og så opp liene i tett skog.
  4. Kva med ei snøskuterbane i Friksdalen, slik at ungdom og vaksne kan herje frå seg utan at vi risikerer å møte dei i full fart i skiløypene om vinteren?
  5. Kva med å kombinere nye skibakkar og anlegg med terrengsykkel osv?
  6. Kva med moglegheit for paragliding og hanggliding frå toppen av nye skibakkar, t.d. frå Hest eller Kjeringi?

Skal vi gjere Leikanger attraktiv for aktive unge og vaksne i distriktet og på Vestlandet, må vi kunne tilby eit vidt aspekt av friluftaktivitetar i attraktive områder. Attgrodde dalar har ikkje stor verdi.

Måle fart på kast eller skot

Å få målt fart på skot eller kast er alltid populært. Ein treng ikkje radar for å få det til, berre:

  • distansen
  • stoppeklokke med 100-delar
  • skjema for omrekning av tid til km/t
  • vegg

Dei som deltek kastar eller sparkar ballen og ein tar tida frå ballen forlet hand eller foten til han treff veggen. Det er alltid ein fordel med noko som gir lyd frå seg, slik at det blir enklare å få med seg når ballen treff. Målinga blir ikkje like korrekt som med radar, men det er likevel underhaldande.

Eg har lagt opp eit rekneark i Excel som du kan bruke. Det du må gjere før arrangementet er:

  • Mål opp distansen ballen vil gå i rett line og sett det i feltet for distanse.
  • Sett detaljnivået mellom kvar utrekning i 100-deler.
  • Legg inn første tid du meiner er realistisk.

Å øydelegge….

Som ved implementering av Java i Internet Explorer for vel 10 år sidan, skapar Microsoft nok ein gong problem for andre med si implementering av støtte for Open Document Format. Likskapen mellom Java og Open Document Format er at dette ikkje er teknologi som er Microsoft sin. I stadenfor å implementere teknologi som ikkje er eins eigen skikkeleg, ser det ut til at Microsoft furtar som ein liten unge å øydelegg for andre. Eg berre håpar at det ikkje er slik at dei ikkje lenger har evnen til å levere gode produkt.

For meg har det største problemet vore Office 2007, som eg ikkje kan utstå designendringa på. Når dei greier å gi brukaren av Vista moglegheita til å bruke Windows 2000-design på skjermen, i stadenfor det glorete Vista-designet, kan eg ikkje fatte at Microsoft ikkje kunne gjere det same for Office-brukarane. Store verksemder hoppar ikkje på nye versjonar fordi dei ser hippe ut. Store endringar krev store ressursar til opplæring og kostar meir pengar enn evt prisendringar i lisensstrukturen. Ergo blir ikkje slikt innført før det er absolutt nødvendig eller når kontorpakken ikkje lenger fungerer under Windows-versjonen. Det er høgt opp og langt fram til, som vi seier her. Fordelen med endringa av Office-pakken er at eg har gått over til OpenOffice og ikkje lenger er bunden til Microsoft.

Vista er ikkje så gale, men her viser vel markedet at produket var so som so. Det blei vel ikkje så mykje att etter kvart som dei strippa vekk funksjonalitet dei ikkje fekk til å implementere då det gjekk under kodenamnet «Longhorn», som t.d. nytt filsystem. Vi får håpe at Windows 7 blir betre, men ulike variantar av Linux ser meir attraktive ut etterkvart. Får gjort det meste her, men skulle gjerne hatt Pinnacle Studio (12) i linux-versjon, så fekk heller Windows gått på nokre maskiner som skal brukast til underhalding og av ungane.

Tur: Kjeringafjell i april

Skitur til Kjeringafjell startar på Kleppa, vel 5 kilometer frå Sognefjordvegen. Til turen må du hugse å ta med nok drikke og mat samt varme klede. Du skal opp frå ca 400 til 1.314 moh. Rekn med å bruke 3 timar på turen opp.

Frå Kleppa kan du gå på snøen opp til Øvstestølen. Deretter følgjer du løype fram til Damefall. Her stoppar du for å legge på feller eller smørje skia slik at dei klabbar skikkeleg. Frå Damefall vil du stige nesten 800 høgdemeter til Kjeringafjell og treng festet. Cirka 1 kilometer frå Damefall går du forbi stølen Stokksete før du går vidare til Kallbakk. Frå Kallbakk svingar du opp under Rjupeskar før du siktar deg inn på vestre del av Fagreggi. Oppe ved Fagreggi, må du ned i Discohola. Ikkje spør kvifor ein kallar det for Discohola, eg veit ikkje. I Discohola er det godt med ein matpause for å samle krefter til den kraftiga stiginga. Start roleg etter matpausen. Du skal frå ca 950 moh til 1150 moh på kort distanse. Det blir sikk-sakk opp fjellsida før du kjem opp ved varden på Kjeringi. Det er ikkje berre ulemper med den bratte stiginga. Tek du tida til å nyte utsikten medan du kviler på stavane frå tid til anna, vil du ha ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Stølsheimen i vest og inn til Frønningen og munningen av Aurlandsfjorden.

Frå varden på Kjeringi er det litt motbakke att før du er på ca 1250 moh og skal til å runde over Skuledalen mot vardane på Kjeringafjell. I forhold til det du har vore gjennom er dette så godt som flatt terreng. I austre enden av Kjeringafjell finn du i 2016 radiobua. Frå Kjeringafjell har du ei fantastisk utsikt som strekkjer seg frå Balestrand og Stølsheimen i Vest og heilt til Jotunheimen med Hurrungane i aust. I nordleg retning har du Voggebreen og Myrdalsbreen med Friksdalen under Kjeringi. I sørleg retning ser du Hermansverk og Nokkaneset samt over til Feios, Borlaug, Fresvik, Frøninngen, Fimreite-neset og munningen av Aurlandsfjorden.

Etter ein god rast med god mat og drikke, er det berre å fjerne fellene eller smurningen å begi seg på turen ned att. Ta deg god tid til å sigle på sikk-sakk i dei brattaste partia for å nyte nedturen og utsikta.


I videoen går eg ikkje opp bratthenget, nordom Discohola, men følgjer ruta trakkemaskina nyttar for å koma opp dagane før Kjeringi Open.

Når ikkje ei einaste fjør blir til eit hønsehus…..

Det er ikkje til å tru, men her har vi eit grelt eksempel på propagandaen som Israel fører. Eg likar godt det han seier:

– Artikkelen er helt gal og jeg er forferdet. Jeg snakket med
journalisten lenge, i to omganger, og jeg sa det stikk motsatte. Men
det passet visst ikke inn i skjemaet hennes
, sier Hercz til Dagbladet.

For meg indikerer dette at her har vi propagandamaskineriet i gong. Her skal det produserast løgner over ein lav sko. Eg skulle gjerne ha lirt or meg det eine og det andre, men eg må nok konkludere at her fell Israel for eige grep.

Vil du lese meir om dette kan de finne artikkelen i Dagbladet.

Musikkbransjen – sin eigen fiende?

Over tid har eg følgt med musikkbransjen si jakt på dei som lastar ned musikk. La meg gjere det klart: For meg er nedlasting av musikk og bruk av noko som du ikkje har rettar til eller har kjøpt, det same som tjuveri/nasking. Berre fordi ein ting ikkje er fysisk teken frå butikken, betyr ikkje at det er lovleg.

Eg skal ikkje legge skjul på at eg i lasta ned noko musikk for 3-4 år sidan, men konkluderte med at musikken var av alt for dårleg kvalitet. MP3 i 128 kbs er ikkje høyrandes på, med mindre det er ei lydbok. Ein misser for mange detaljar i lydbilete. Kassettspelaren kasta eg på 80-talet, så noko tilsvarande vil eg ikkje ha att. Aller helst vil eg ha ukomprimert lyd, men greier meg fint med MP3 i variabel bitrate frå 220 kbps til 320 kbps.

Problemet med musikkbransjen er at dei har drege føttene inn i den digitale tidsalder. I alt for lang tid har dei basert seg på at folk skal labbe vegen til ein musikkforretninger for å kjøpe musikken sin eller tinge musikken over internett for å få den i posten ei veke seinare. For dei på alder med meg, er ikkje det noko problem. Vi er van med å dette. Men for dagens ungdom og yngre vaksne, er ein vant til å nuet. Her har ikkje platebransjen følgt med i det heile. Dei burde fanga opp trendane lenge før Napster og lignande stadar dukka opp. Folk vil ha produkta sine tilgjengeleg.

Eg prøvde dei første idiotiske forsøka til platebransjen. Eg veit ikkje kven som greidde å overtale dei, men DRM er “defective by design”. Dei som valde å implementere dette, kan ikkje vere forbrukarar av musikk. Eg ser for meg kvinner og menn i drakt og dress med hovudfag innafor økonomi og juridikum, så langt unna den gjennomsnittlege forbrukar som det går an å kome.

Eg har kjøpt 2 plater i Windows Media Audio med DRM. Ei til meg sjølv, for å teste DRM. Som eg forventa, fungerte ikkje musikken når eg skifta maskin og då måtte eg laste ned ein ny lisens på musikken. Eg skiftar utstyr ofte, så eg fann ut at DRM ville gjere musikken utilgjengeleg innan rimeleg kort tid. Det blei ikkje kjøpt meir. Eg tykkjer synd på dei som har kjøpt i store mengder for så å oppdage at musikken ikkje lenger kan spelast. Musikkforretningen din på nettet er lagt ned og du kan ikkje få tak i ny lisens for å låse opp musikken.

La meg dra fram eit anna problem med for bransjen: Eg har masse vinyl ståande, men har kvitta meg med platespelaren. Det er fleire årsaker til det. Eg er interessert i å kjøpe att ein del musikk i form av cd eller som nedlastbar. Problemet er at svært lite av dette er tilgjengeleg. Musikken er ikkje av den siste typen med 50-åringar springane rundt som 20-åringar. La meg ta nokre eksempel:

Smokie
Albuma frå 70-talet er plater med masse god musikk. For nokre år sidan ville eg kjøpe alle desse platene, men det var eit stor problem. Til og med i dag kan du ikkje få desse platene via iTunes. Eg ser at Amazon har CDar, men er usikker på om alle er på plass. Det blir alt for mykje “samleskrammel”. Eg noterer meg at CDon truleg har mesteparten av platene i dag, til 159 pr stk. Det er bra. På tida eg jakta etter dei, greidde eg ikkje å platene. Det kan vere at eg leitte på feil plassar. Eg kunne naturlegvis ha lasta dei ned gratis via ei eller anna fildeling, men kvaliteten er for dårleg. Då var løysinga allofmp3, som no er nedlagt. Her kunne eg velje kva for kvalitet eg ville ha og betale deretter.

Ronnie James Dio
Ein liten mann – fysisk – innafor heavy metal, men for ei stor stemme og lang karriere. Eg vil gjerne samle på platene han har vore med på. Plater med Rainbow, Black Sabbath og Dio, har ikkje vore problem å få tak i. Derimot har plater med gruppa Elf, som han var med i før Rainbow, ikkje vore lett å få tak i. Heller ikkje her finn du platene på iTunes. Ikkje ligg dei på CDon. Ser at Amazon har tilgjengeleg 2 av platene i dag. Som med Smokie vart allofmp3 løysinga. Berre velje kvalitet, betale og laste ned.

Whitesnake
David Coverdale sitt band var heller ikkje enkelt å få tak, når eg skulle erstatte vinylsamlinga. Det meste greidde eg over tid å skaffe via CDon, men det første fulle albumet med Whitesnake, var klin umogleg å få tak i. Eg søkte på internett, spurte den lokale musikkbutikken om dei kunne skaffe det, men nei. Det var som sokke i jorda. Allofmp3 vart redninga igjen. Heldigvis har “Trouble”, vorte relansert, så det vart kjøpt att på ordinær cd.

Status Quo
Boogierockarane som framleis held koken, slepte på 70-talet og i byrjinga av 80-talet mange album. Du må vere daud om du ikkje kjenner det i rockefoten. Som med Whitesnake, Smokie og Elf var det rimeleg umogleg å skaffe i det minste ei plate, Just Supposin’, frå 1980. No var ikkje det ikkje dei eg høyrde mest, så her vart det ikkje prioritert å kjøpe musikken frå allofmp3. Heldigvis vart platene frå 70-talet relansert for nokre år sidan. No står Just Supposin’ i samlinga som ordinær cd.

Motörhead
Her har eg ikkje hatt problem med å skaffe platene, men ei tid ønskte eg berre å få tak i dei 4 ekstra spora på plata samleplata No Remorse frå 1984. Det var plent umogleg, så det enda med at eg kjøpte heile plata.

For meg har MP3-spelaren ført til ein ny vår i lytting til musikk. Når ein er fleire i huset, er det ikkje så populært å setje seg ned og skru opp. Men ein god mp3-spelar, musikk av komprimert i svært høg kvalitet og eit godt headset, er det berre å legge ut på tur. Det er ingen som forstyrrer deg på di ferd samstundes som du får litt trim. Så hendig det er med 100vis av plater i ein liten dings på storleik med eit stort kredittkort, for ikkje å snakke om at musikken aldri hoppar eller lagar bandsalat. Eg trur faktisk ikkje musikkbransjen har forstått potensiale av denne oppfinninga.

La oss få tilgang til komplett musikkatalog i full cd-kvalitet no. Pøs på, slepp han utan idiotiske låsar til maskiner eller spelarar. Gi oss det i FLAC (free lossless audio codec). Eg vil velje kva for kvalitet vil vil ha det over på spelaren i. I det minste: Kvifor tilbyr ikkje platebransjen ei løysing som allofmp3 hadde, der ein betalte etter kvaliteten ein ønskte?

Som venta….

Dagbladet refererer ein statsvitar og forfattar i Israel. Tabloidmessig meinar han at nordmenn er eit barbarisk og uintelligent folkeferd, med ein sjukeleg trang til å trosse
verdsopinionen. Som vanleg blant desse, så vert andre verdskrigkortet spelt:

Det er ikke tilfeldig at Norges eneste bidrag til internasjonal statsvitenskap er navnet «Quisling», sier han.

No er eg ikkje sterk i historie, men eg meinar å hugse av barbariet forsvann med vikingepoken. Vi har vel hatt våre slag sidan den gong, men i forhold til vikingtida, har eg ikkje lagt merke til stort. Ja, vi var barbariske, men det er mange hundre år sidan den gong. Kan vi tolke dette som at vi fann ut at det var for krevjande å fare rundt om i Europa og Nord Amerika og herje, som villmenn. Kan vi dra konklusjonen at vi vart klokare? Ser vi nasjonar i dag som driv barbari? Det er ikkje mange månadane sidan paven karakteriserte Gaza som ein stor konsentrasjonsleir.

Som vanleg blir verdskrigkortet spelt ut. Uttrydding av alle typar folkeslag er utåleleg. Som under andre verdskrig, var det like gale i Rwanda i nyare tid. Kortet har ingen verdi for meg. Det skal ikkje gi Israel blankofullmakt til herje som dei vil. På ingen måte får det meg til å føle synd på dei, eller sjå dei som stakkarslege i notida.

Vi trassar verdsopinionen. Vel, har min gode mann nokon gong lese eventyret "Keiserens nye klær". Vi har i nesten 8 år hatt ein person i førarsetet av ein stor nasjon som har spelt på denne måten: Anten er du med oss eller mot oss. Dersom du er mot oss, vil vi ikkje snakke med deg. Du er ein terrorist. Har vi fått det betre av den grunn? Har andre land som har følgt denne lina fått det betre? Ein manns terrorist er ein anna manns fridomskjempar. Kor hadde vi vore om ikkje fridomskjemparane hadde vunne fram under andre verdskrig?

Det er heilt absurd å ikkje lytte og snakke med andre folk, for å prøve å kome til rota av kva som har forårsaka situasjonen ein er oppe i. Endå verre blir det når den store leiaren fremmar demokrati og ei regjering blir demokratisk valt for så å bli definert som terroristar. Ein må heller sjå at vi har eit problem dersom ein får polariseringar. Eg har inga tru på at verda blir betre fordi vi bombar nokon tilbake til steinalderen. Det nører berre meir opp under eit underliggande hat og/eller avsky. Problem må løysast gjennom dialogar for å danne eit felles grunnlag for fred.