Å få målt fart på skot eller kast er alltid populært. Ein treng ikkje radar for å få det til, berre:
- distansen
- stoppeklokke med 100-delar
- skjema for omrekning av tid til km/t
- vegg
Dei som deltek kastar eller sparkar ballen og ein tar tida frå ballen forlet hand eller foten til han treff veggen. Det er alltid ein fordel med noko som gir lyd frå seg, slik at det blir enklare å få med seg når ballen treff. Målinga blir ikkje like korrekt som med radar, men det er likevel underhaldande.
Eg har lagt opp eit rekneark i Excel som du kan bruke. Det du må gjere før arrangementet er:
- Mål opp distansen ballen vil gå i rett line og sett det i feltet for distanse.
- Sett detaljnivået mellom kvar utrekning i 100-deler.
- Legg inn første tid du meiner er realistisk.