Alt forsøkt, men framleis defekt

I går gjorde eg det eg ikkje ønskte å gjera, nullstille min Google Pixel 8. Tok sikkerheitskopi til skyen før nullstillinga, men det gjekk som venta. Eg hadde eit svara strev med å gjenopprette sikkerheitskopien. Problemet er at framgangsmåten ved oppsett ikkje tilbyr deg tydeleg nok alternativet med å gjenopprette og dermed gjorde eg i starten feil val fleire gonger. Sat att med ei kjensle av at nokon har utforma dette for å IQ-testa brukarane. Her må du lese nøye småteksten og mellom linene.

Fekk til slutt gjort dei rette vala og såg at appar blei installert og lagt i dei gamle, velkjente samlingane. Men problemet er at du etter at appane er installert framleis må autentisere deg i eller setje opp att kvar jævla app. Du får ikkje tilbake appane ferdig oppsett slik appen var før du nullstilte telefonen. Gjenoppretting i Android er i mine auge verdilaust. Du kan like gjerne setje opp alt frå grunnen av og med det sleppe å laste ned appar som du tidlegare hadde installert, men ikkje brukar lenger.

Testa med «blank» telefon før vellukka gjenoppretting samt etter gjenoppretting. Problemet var der framleis, det er ingen moglegheit å aktivere trådlaust nettverk eller Blåtann på telefonen. Eg har gjort alt, det blir ikkje meir Google-telefonar.

Framleis knekt

Viser til Google knakk Wifi og Bluetooth. I går 17. desember kom det ei lita systemoppdatering til min Google Pixel 8. Tenkte at no kjem fiksen på problema telefonen min har hatt sidan tidleg i desember:

Skuffa kunne eg etter oppdateringa slå fast at ho løyste ingen ting for meg. Trådlaust nettverk eller blåtann kan framleis ikkje aktiverast. Tolmodet mitt med Android er syltynt sidan dette ikkje er det første flaggskipet for Android eg har hatt problem med.

Google knakk meir

Viser til gårsdagens posting om det eg har opplevd etter desemberoppdateringa av Android 16. No ser det ut til at min Google Pixel 8 har fått eit ekstra problem. Telefonen greier ikkje oppdatere til den siste oppdateringa av Google Play. Telefonen laster ned, startar på nytt. Det tek ca 1 minutt og telefonen startar på nytt igjen. Når eg sjekkar status på Google Play-oppdateringa, er Google Play framleis berre oppdatert til 1. november 2025.

Eg har forsøkt å oppdatere tre gonger dei siste dagene. Det same skjer kvar gong. For meg virkar det som om telefonen lastar ned forsøker å installere oppdateringa, men veljer å rulle oppdateringa tilbake. Under har eg lagt ved «skjermskot» over det som skjer:

Google knakk Wifi og Bluetooth

På min Pixel 8 fekk desemberoppdatering av Android 16 uventa konsekvensar. Den trådlause nettverksdelen samt Blåtann får eg ikkje lenger slå på. Med det ryk moglegheita til å:

  • spele trådlaust musikk til musikkanlegg eller headset
  • «caste» video til TV
  • fjernstyring av ulike eingar via Blåtann
  • gjenfinning av Blåtann-merker
  • trådlaus Android Auto
  • bruke telefonen som nettverksrouter på reis
  • og sikkert andre ting eg har gløymt…

Eg har brukt timar på å gå gjennom rettleiingar og råd for korleis ein kan fikse alt frå enkel restart til det å slette/nullstille all konfigurasjon av nettverk og blåtann. Har sett gjennom postingar i fellesskapet til Google samt registrerte saker i Android issue tracker og kan konkludere med at eg ikkje er åleina med dette problemet. Ei nullstilling av telefonen vil ikkje heller hjelpe meg. Men før eg hadde gjort noko slikt måtte eg kjøpt meg ein ekstra telefon, slik at eg får overført kontrollert dei delene som eg er avhengig av tryggleiksmessig.

Eg er djupt skuffa og vonbroten over kvalitetssikringa til Google. Har tidlegare hatt Google-telefon, ein Nexus 5. Det er nokre år sidan, men eg var framme på Styggevatnet i Jostedalen ein sommar. Eg tok bilete frå demninga av området rundt og brått gjekk telefonen i svart. Telefonen var død, fekk ikkje slått han på lenger. Bileta eg tok på turen tok telefonen med seg til dei «digitale jaktmarker».

Min Pixel 8 har eg hatt i knappe to år no. Før desemberoppdateringa har eg ikkje hatt noko å setje fingeren på. Men eg synes det er ytterst merkeleg at Google greier å øydelegge for sin eigen telefon-serie på denne måten. Kor er kvalitetskontrollen? No tel eg på knappane med å melde overgang til Apple. Har hatt iPhone og iPad og kan ikkje hugse noko tilsvarande frå den kanten.