Turen startar i Huksdalen. Følg grusvegen fram Huksdalen til parkeringsplassen under Nyastølen. Her set du frå deg bilen og spenner på skia. Aust for deg, over Nyastølen, vil du sjå Kjeringafjell på sørsida av Eitrebotn, dalen bak Nyastølen. Nordom Eitrebotn og Kjeringafjell kneiser Kaldekletten, nokre høgdemeter over Kjeringafjell.
Første delen av turen går ca. 2 kilometer etter snølagd traktorveg, fram til du kryssar den snødekte Reppa-elva over til Stavsete. Når du nærmar deg Stavsete, vil du aust for deg, bak Kaldekletten, sjå Svinadalen og Svinadalseggi. Fjella framover mot Skarholten er ein del av Firksdalseggi, skiljet mellom Huksdalen og Friksdalen saman med Vogga. Vestom deg vil du passere under Sauaholten og skimte nordspissen av Stav samt Stavafjellet, der Sognefjordrennet har starta dei siste åra.
Framme på Stavsete kan du nyte utsikta og planlegge kor turen skal gå. Du er over tregrensa og her er det berre å velje og vrake blant toppturar. Vil du gå i slakare terreng er det berre å halde fram nordover i dalen.











