15. juni 2024: Resten av Vesterålen

Dagen vart sett av til å sjå oss om i resten av Vesterålen. Vi kom i land i Lødingen (Vesterålen) og var heilt oppe til Andenes den 13. juni samt innom Fiskebøl og omegn i går. Det beste av alt var at Vesterålen var nesten «tom» for turistar. Ein liten brøkdel i forhold til Lofoten. Det vart ein fredeleg tur i flott natur.

Vi starta i Melbu og køyrde til Stokmarknes på vestsida av Hadseløya. Vi tok ein pause og vandra rundt i sentrum før vi heldt fram mot Bø i Vesterålen. Nok ein gong følgde vi ikkje hovudvegen, men vestsida opp til Frøskeland og svinga til venstre i retning Bø. Der blei det lunsj og litt spasering før vi sette oss i bilen og køyrde rundt i området.

Returen la vi opp austsida før vi kom i saman med vegen tilbake til Frøskeland. Der svinga vi nordover til Myre og Stø og start/ende av Dronningruta. Vi måtte også få med oss det gamle nedlagde Nyksund som har fått ein renessanse dei siste åra. Plassen er også start/ende på Dronningruta. Deretter var det tilbake til Myre for ein middagsbit. Flatt og mykje myr i området, staden lever opp til namnet sitt. Vi følgde hovudvegen tilbake til Melbu for ei siste natt på hotellet.

14. juni 2024: Lofoten

Tidleg ferje frå Melbu til Fiskebøl. Truen ned til Å gjekk ikkje etter strake vegen. Vi svinga av til høgre rett etter ferjekaien til Straumsnes og kom ut att på E10 sør om Laupstad. Køyrde innom og rundt Svolvær og såg oss om. Neste på planen var Henningsvær og den berømpte fotballbana ute bland stativ for å tørke fisk mellom bergnappar. Jammen var det mykje folk rundt omkring, turistar overalt. Både Svolvær og Henningsvær kunne samaliknast med ei maurtue.

Frå Henningsvær bestemt vi oss for å køyre på sørsida og ikkje følgje E10. Det var merkbart mindre trafikk på denne vegen. Utsikta var betre, du ser skilnaden på returvideoen som går etter E10. Vi stakk innom Stamsund og Steine før vi var innom Leknes. Køyrde ei knapp mil forbi Leknes sentrum og tok ein pause på ein rasteplass, propp full av turistar. Greidde å få tak den einaste ledige plassen om eg hugsar rett.

Etter ein matbit heldt vi fram mot Å og trafikken tok seg til. Det var kø med bilar heile vegen dit. Det verste eg minnast var at det fremst i køen låg 4 campingbilar. Dei to første var store som rutebussar. Bak dei igjen samla det seg ei lang rekke med personbilar. Campingbilane viste ingen interesse for å sleppe halen dei hadde samla seg forbi. Irritasjonen var påtakande, men her var det berre å halde seg i trøya. Vegane var til tider smale og turistar i campingbil på smale vegar er ikkje ein god kombinasjon. Vermessig viste Lofoten seg frå si beste side. Dessverre fekk vi ikkje filma mykje av turen etter Leknes mot Å. Kamera vart for varmt i den steikande sola og innebygde vernet slo det av.

På Moskenes var ferjekaien rimeleg full i påvente av neste ferje til Bodø. I Å hadde vi planen om å parkere og gå rundt, men den planen gjekk i vasken. Når vi kom til Å, køyrde eg rundt heile plassen og det var ikkje ein einaste parkeringsplass å oppdriva. Ho var smekkfull avav campingbilar med nokre personbilar sprett innimellom. Vi lot bilen gå medan ein kjøpte seg is og vi starta returen tilbake til Fiskebøl.

På returen til Fiskebøl ferjekai følgde vi E10. Kamera var nedkjølt og sola var i ryggen på oss. Fekk med andre ord filma i nordleg retning den distansen vi ikkje greidde å filma på sør. Reine var eit stort kaos. Her finn du Reinebringen og det aula med folk til og frå foten av fjellet og starten på stien. Korkje på vegen sørover eller nordover torde vi ikkje å køyre nedom Reine. Vi registrerte at mange blei ståande veldig lenge i krysset mot hovudvegen og køen ned mot/frå Reine sentrum var lang. Ein anna ting eg beit meg merke turen var at det var folk som sykla langs dei høgt trafikkerte, til tider smale vegene. Det må vere personar med eit dødsønske. Eg hadde aldri sett meg på ein sykkel langs E10 i turistsesongen.

Vel framme på Fiskebøl ferjekai var det ein ting eg slo fast. Til Lofoten kjem eg ikkje tilbake. Fin natur men det var alt for mykje folk allereie i midten av juni. Grøssar å tenkje på korleis det er i fellesferien, i juli og starten av august.

13. juni 2024: Saltstraumen rundt Andøya til Melbu

Dagen starta med betalingsproblem på hotellet. Heile kassa- og betalingssystemet var nede og når det var tilbake var ute i uvissa, men vi vart einige om at dei skulle sende faktura. Kor vi hamna i dag var også i uvissa. Eg hadde sett på Lofoten, men der var overnattingsprisane nesten «skrivne med gaffel». Kr 6 000 for ei natt i vanleg dobbeltrom Svolvær var drygt, når vi hadde tenkt å vere i området nokre dagar.

Turen til Bognes ferjekai er lang frå Saltstraumen. Første etappe la vi difor til Fauske der vi handla mat og drikke samt at bilen fekk toppe seg opp før ferda heldt fram nordover til Bognes. Fin veg å køyre for det meste, men det er deler av den som minner om gode vestlandsvegar med mykje svingar og nokre slake fjellovergangar. Litt vegarbeid må ein rekne med. Som du ser av videoen under er naturen variert med høge fjell, fjordar, vatn og fjellovergangar med lauvskog. Turen gjekk greitt, nokre få turistar køyrde i sitt eige tempo, men alle andre holdt eit rimeleg greitt tempo.

Eg la merke til inkonsekvent skilting og merking. Det såg ut som om det var parti som i nyare tid hadde fått sett opp forbikøyring forbudt på strekker. Problemet var at vegmerkinga ikkje var oppdatert. Her var det lang striper med opphald (faremerking) som gir førar signal om at ein må vere ekstra forsiktig om ein skal krysse midtlina, men det er ikkje forbudt. Midtlina skulle vore oppdatert til å stemme med skilting med ei heiltrekt sperreline i desse sonene.

Vi kom akkurat til ferja på Bognes og omtrent køyrde direkte på. I løpet av ferjeturen såg vi etter alternative overnattingsstadar som var rimelegare. Lofoten kunne fort ekskluderast, det var i ein heilt absurd prisklasse så tidleg i sesongen. Vi kika nærare på Vesterålen, nord for Lofoten. Her kom vi til at Melbu var akseptabelt. Hotellet der låg på ferjekaien som ville ta oss over til Lofoten. Ein halvtimes ferje tur er grei når prisdifferansen er over kr 4 000 natta.

I land i Lødingen sette vi nasen mot Sortland. Vart hefta av eit stort vegarbeid Gullesfjord og vi merka at trafikken som kom frå Lofoten var større enn forventa. Køen var laaaaang i rundkøyringa i Gullesfjord. Vel oppe i Langvassbukta tok vi av mot Sortland, men når vi nærma oss var det så tidleg på dag at vi meinte vi ikkje kunne køyre direkte til Melbu. Både Vesterålen og Lofoten var på lista vår så vi bestemte oss om å køyre til Andenes og bruke dagen på å sjå oss om i nordlege deler av Vesterålen.

Like etter Risøyhavn, på Andøya, kryssa vi over på vestsida og køyrde ho opp til Andenes. Køyrde litt rundt i byen for å gjere oss kjent. Fann ladestasjon ved taxi-sentralen og tok ein tur i byen. Det var stille, nesten for stille. Det virka som om byen ikkje hadde vakna. Vi gjekk rundt og prøvde å finne oss ein plass å ete, men det meste var stengt. Vi fann ein plass til slutt, men då var bilen nesten full og måtte flyttast sidan det var ekstra kostnader med å oppta ladeplass. Vi køyrde sørover mot sentera og handle litt der i stadenfor. For oss virka det som om turistsesongen ikkje var komen til Andenes enno.

Ned att til Melbu køyrde vi på austsida av Andøya. La merke til store myrområder her og der. Kryssa brua til Sortland og det var lett å sjå kvifor dette var «den blå byen». Passerte gjennom Stokkmarknes før den siste etappen til Melbu og hotellet, som vart vår tilhaldsstad dei neste tre nettene. Hurtigladarar ved hotellet og ferjekai for Lofoton, det kan ikkje bli betre.

12. juni 2024: Mo i Rana til Saltstraumen og Bodø

Denne dagen tulla videokamera seg mykje. Fekk ikkje filma noko verd å ta vare på før vi køyrde i land på Esøya og då haldt det eit stykke. Heldigvis virka det på turen frå Saltstraumen Hotell, inn og rundt i Bodø og tilbake.

Ein tidlegast mogleg frukost i Mo i Rana vart det. Sette oss i bilen og gjennomførte første etappe på nesten 100 km til Kilboghavn ferjekai. Meinar vi sikta oss inn på ei ferje i 9-tida. Turen ut dit var fin, landskapet variert og sidan vi var tidleg ute var trafikken liten. På ferjekaien i Kilboghavn var det allere ein del campingbilar i det første feltet før vi kom, og etter oss kom fleire campingbilar til. Meinar vi venta i knappe timen, som sagt tidleg ute for å sikre seg plass. Det var ikkje mykje liv på ferjekaien, men vi vandra litt rundt og såg oss om. Såg det låg ei stor ferje over fjorden nordaust om oss. Var det noko slikt skulle ikkje det vere problem å ta med dei på kaia, tenkte eg.

Stor var difor overraskinga når ferja som gjekk der kom. Det var ei lita ferje med styrhus på ei side, utan overbygg over bildekket. Trur det var 3 rader med bilar som det var plass i breidden til. Eg starta å lure på om vi måtte stå over nokre timar. Å plassere campingbilar på ei lita ferje gjer at det kan bli lite plass att til noko anna. Vi kom med, men var siste bilen ombord. Det var plass til eit par personbilar bak meg i fila eg stod i. Du kan sjå bakdelen av bilen og starten på den ledige plassen i bilete nummer 2 under. Eg veit det stod at personbilar på ferjekaien. Ferjemannskapet hadde sikkert side prioriteringar. Det å få vinka ut og fram ei par personbilar slik at dei slapp å stå att i 2-3 timar, var nok ikkje ei av prioriteringane.

Veret var fuktig, men varierande. Ute på dekk, oppe ved førarhuset var det luftig. Vi fekk med oss at vi passerte polarsirkelen og såg ulik busetnad her og der i den ville naturen. Turen mot Jektvik tok omlag ein time. Når vi kom dit, kunne eg sjå her var det ikkje alle som kom med på returen. 4 felt var fyllt opp med for det meste campingbilar. Mange måtte nok bu seg på halve dagen i ferjekø og vel så det med den balja som frakta oss. Utover dagen høyrde vi på radioen at det var store problem med ferjekapasiteten på Jektvik – Kilboghavn. Har aldri vore så glad for at vi førebudde oss på noko slikt og kom av gårde før mange hadde vakna.

Jektvik til Årsgardet er eit lite transportstykke til ein ny ferjekai. Her var det betre med ferjekapasiteten. Turen over til Halsa var vesentleg kortare enn forrige. Vi satsa på Saltstraumen Hotell som vi kom til rimeleg tidleg. Vandra rundt i området og var nede ved Saltstraumen. Eit yrande turistliv og mange som fiska i den sterke straumen.

På kvelden tok vi ein tur inn til Bodø og såg oss rundt. Mellom anna ville eg sjå om det var realistisk å stille seg i kø på ferja ut til Lofoten på morgonen, utan å ha tinga å førehand. Håpet var ikkje stort sidan eg hadde sett at plassane som kunne tingast vart tidleg tekne. Framme ved ferjekaien var det grei konklusjon at vi heller satsar på Bognes – Lødingen neste dag. Heilt tydeleg at feriesesongen var godt i gang.

11. juni 2024: Herøy og Dønna til Mo i Rana

Som plan B hamna vi i Mosjøen dagen før. Etter frukost sette vi avgårde vestover, i retning Sandnessjøen og Søvik ferjekai. Vi var tidleg og det var ingen problem med å ta ferja ut til Herøy. Kort sagt dagen der ute gjekk på å køyre rundt og sjå seg om, først på Herøy og så på den større Dønna. Eg trur det var knapt ein veg eller avstikkar som ikkje vart køyrt når vi rulla inn på ferjekaien på Dønna med retur til Sandnessjøen. Sidan det var så mange vegar vi køyrde ut på øyene, gav eg opp å illustrere ruta. Det er avgrensingar på kor mange stadar ein kan legge inn i ruta på Google Maps.

I løpet av dagen fanga vi opp på nyhenda at eit frakteskip på veg inn til Mo i Rana hadde kvesta ferja som gjekk mellom Levang og Nesna. Igjen gjekk plan A i vasken, nett som dagen før. Vi hadde tenkt å overnatte i Sandnessjøen, men utifrå det vi høyrde på radio ville det ta tid før ferjesambandet kom i gang igjen. Nok ein gong måtte vi nytte plan B.

Vi bestemte oss for å køyre til Mo i Rana for å overnatte der. Då slapp i ein lang tur om Mo i Rana i morgon for å kome oss til Kilboghavn. Vi frykta at dette ferjestykket kunne fort bli fullt i løpet av dagen og om vi kom oss tidlegare til Kilboghavn, kunne vi sleppe å stå over ei ferje eller to. Det fekk vi rett i, men det kjem i neste dags historie.

10. juni 2024: Rørvik til Sandnessjøen og lenger

Veret var ikkje det store denne dagen. Vått når vi starta etter ein god frukost og ut dagen. Første etappe var å kome seg til Brønnøysund. Vi sette kursen for Holm ferjekai. Turen dit gjekk bra og sidan vi var tidleg var det ikkje problem å kome seg med ferja til Vennesund.

I land på Vennesund heldt vi fram turen mot Brønnøysund. Veret gav oss ingen pause og vi kunne rimeleg sikkert droppe å gå opp i holet på Trollhatten. Vi tok likevel turen ut til Torghatten og snudde tilbake mot Brønnøysund og ein god matbit i sentrum.

Gode og mette sette vi turen vidare i retning av Sandnessjøen, som var planlagt som stopp på ein kortare etappe. Meir om det seinare. På turen må ein over ei kort strekke ta to ferjer. Første er ferja frå Horn ferjekai, deretter blir det ein liten transportetappe før ein tek ferja frå Forvik til Tjøtta. Trafikken hadde teke seg opp og når vi ankom Forvik var det meir bilar enn eg forventa, men vi kom oss med på første forsøket.

Frå Tjøtta køyrde vil til Altstadhaug, og og vandra rundt på området. Om eg hugsar rett var ikkje museet ope når vi var der, men ein god pause før neste etappe til Sandnessjøen. Fjella dei syv søstre gøymde seg i eit slør av skyer. I sentrum, sjekka vi om Scandic hadde rom til oss. Det var fullt og vi måtte over på plan b. Det var ikkje første gong plan a gjekk i vasken på turen.

Etter litt undersøkingar fann vi det like greitt å ta turen inn til Mosjøen og ta ei natt der. Dessverre byrja GoProen å stoppe så turen inn til Mosjøen droppa eg å filma. Først no har eg forstått at det vart for varmt. Sjølv i ein bil med 21 grader på varmeapparatet kan det bli for varmt. Utruleg nok har GoPro, eit actionkamera for fart og spenning, maksimal anbefalt temperatur på 35 grader.

I Mosjøen fann vi oss ei rimeleg overnatting og ein god middag. Etter middag vart det ein liten tur i gamlebyen etter at bilen var lada, klar for neste dag med Herøy og Dønna utanfor Sandnessjøen på planen.

9. juni 2024: Rundt om Rørvik

Ein kan ikkje kaste vekk kvelden. Etter mat og ein pause frå dagens køyring med ei vandring rundt i Rørvik, fann vi ut at det var mykje spanande å sjå på øynene utom Rørvik. Vi sette oss i bilen og valde å bruke eit par timar med å vere inn Lauvøya, Lyngsnes og Valøya. Var det veg dit var vi der, om eg ikkje hugsar feil. Minnes Lyngsnes med rasteplass på neset var fint. Utsikt ut mot holmar og skjer i nordleg retning.

9. juni 2024: Bjugn til Rørvik

Søndagen starta roleg. Vi tok ein tur på utsida av Bjugn vitja mellom anna Skåholmen, Valsøya og Lysøya før vi returnerte til Bjugn med knutepunktet i rundkøyringa der vi sette retning mot Åfjord. Vegen går på innlandet av Fosen langs naturlege dalar i naturen.

I Åfjord stod vi over å ta ruten ut til Stokksund og haldt fram turen mot Namsos. Vi tok ein avstikkar til Bessaker ute ved kysten før turen gjekk inn att i landet der turen enda ut på riksveg 17 litt nord for Namdalseid. Frå der følgde vi vegen vidare til Bangsund med ein liten handlestopp før det som var planen dagens stopp, Namsos.

Vi kom til Namsos såpass tidleg på dagen at vi fann ut at vi heller satsa på ei overnatting i Rørvik. Den plassen virka noko meir spanande med mykje natur. Det blei berre eit kort ladestopp før vi køyrde vidare mot Lund ferjekai. Hekta meg på ein lokal ambulanse som var på veg dit, men ikkje på utrykning. Greitt å ha nokon som kjenner vegen og farten slik at du kan legge det eit lite stykke bak og køyre på bremselysa til bilen. Eg gjer det ofte på meir utfordrande vegar enn vegen til Lund ferjekai.

Traff rimeleg bra på ferja, men var overraska over kor mange som skulle med. Byrja å lure på om det var fleire som hadde tenkt det same meg, ta ferie tidlegare. Frå Lund tok vi ferja til Hofles, ein tur på omlag 30 minutt. Frå Hofles valde vi ikkje å ta den vanlege vegen, men køyrde via Varøya før vi enda ut på fylkesveg 770 inn til Rørvik og Kysthotell Rørvik. Vandra rundt omkring i Rørvik etter ein god middag. La merke til Kystmuseet og ikkje minst sjøbuene samt andre byggverk som var hekkeplassar til sjøfuglane. Minnast og ei spesiell kyrkje der på ein haug.

8. juni 2024: Hermansverk til Fosen

Som følgje av turen året før med den markante turistrafikken, valde vi å starte ferien tidleg. Tanken var å sleppe det verste trykket som kjem i fellesferien. Samtidig gir det oss litt meir rom til å ta dagane som dei kjem og ikkje planlegge i detalj og låse oss fast til planen utan moglegheit til avvik.

Målet med årets reise var å ta kystvegen frå Fosen opp til Saltstraumen før vi sette nasen mot Lofoten. Første etappe var å kome seg til Fosen og som vanleg kryssar vi Sognefjellet. I dagane og vekene før hadde det vore greitt ver der, men dagen vi kryssa over var det snø i lufta. Men sidan det ikkje var kulde i bakken, gjekk det greitt på sommardekk. Eit lite melisslør ute i landskapet, men berre våt veg. På austsida av fjellet var veret lettare. Fint å få sleppe fuktig vestlandsver.

Turen går som vanleg til Lom over fjellet til Sel, Dombås og Hjerkin og nordover. Litt før Berkåk svinga vi av mot Orkanger. Vi følgjer dalen ut til Orkanger før vi endrar retning til Valset for å ta ferja til Brekstad. I land på Brekstad valde vi å køyre så langt sør vi kom på Fosen mot Rabbsjøen før vi snudde tilbake mot Ørland og vitja Hoøya kystfort. Valde å enda dagen på Bjugn hotell i Botngård.

6000 km i Norden med Ioniq 6

I månadsskifte mai/juni var eg sørover til Normandie og besøkte mellom anna landgangstrendene under andre verdskrig. Tidleg i august sette eg avgårde på mi andre reise denne sommaren for å gjere meg kjent med deler av Norden eg ikkje har vitja før. Turen gjekk nordover gjennom senter av Nord-Sverige (E45) med ein svipptur innom Kiruna før eg kryssa over til Finland og Inari, nordaustlege hjørne av Finland. Køyrde nedover austsida av Finland med stopp innom skistadar som Rovaniemi, Ruka og Kuusamo. Komen ned til Finskebukta snudde eg vestover til Helsinki og oppover vestkysten tilbake til Botnvika før turen gjekk heim via skogane i Sverige og Härjedalen, Røros og over Sognefjellet.

Om det er to ting som kan oppsummere turen er det skog og reinsdyr. Vær budd på lange strekker med skog. I Nord-Sverige er det litt kuppert slik at du til tider kan sjå lengre enn veggen av tre langs vegen. I Finland er det flatare. Avbrota frå veggen av tre langs vegen er sjeldnare. Ver budd på at «Rudolf» vandrar i vegen og grøftene i dei Nord-Sverige og -Finland. Det beste med å køyre i Sverige og Finland er at vegane er mykje betre enn i Noreg med mindre trafikk. Skal du til Finnmark er E45 vegen å køyre. Bubilar er det lite av, men det er enkelt å passere dei takka vere dei gode vegene. I Noreg er det langt verre, Sognefjellet og Lustrafjorden er eit mareritt om sommaren.

Lading: Som under forrige reise valde eg å basere meg på Tesla og Ionity-abonnement. Dei er klart rimelegast, omlag halv pris med kr 3 – 4 per kwh. Ionity hadde førsteprioritet sidan dei støttar 800 volt-arkitekturen i bilen. Vanlegvis kjem eg til ladarane med 15-20% igjen på batteriet. Eg køyrer ikkje batteriet i botn sidan eg likar å vere budd på det uforutsette. Alt fungerte og eg var ofte einaste bilen som lada. Med maks ladefart på 240 kw og ei rimeleg flat, trinnvis kurve er eg med ein 350 kw Ionity-ladar vidare på mellom 15 og 20 minutt. Etter 3-4 timar i bilen er det godt å bruke minuttane til å gjere nødvendige ærend og gå litt rundt før neste økt bak rattet. Med ein Tesla-ladar, som i dag berre leverer 400 volt, er maks ladefart rett under 100 kw og ladestoppet vert i overkant av 30 minutt.

Førarstøtte: Er veldig nøgd med førarstøtta, ho skuffar ikkje. Bilen har full oversikt over det som skjer rundt han som gjer det veldig avslappende å køyre. Det einaste kjedeleg er at eg ofte må svakt røske i rattet når bilen kjeftar på meg fordi han meiner eg ikkje har hendene på rattet på dei laaaaange, rette strekkene.

Med litt aktiv køyring på vestlandsvegar som inkluderer kapping av svingar og å legge seg ut på eller over kvitestripa for å passere møtande bilar, får eg ofte opp «Ta deg ein pause»-varslet. Må trekke på smilebandet når det kjem opp 5 minuttar etter min siste stopp, men ein lita berøring av bremsen fjernar som oftast varslet. Skulle gjerne hatt moglegheit å slå det heilt av, men den innstillinga er ikkje tilgjengeleg.

Navigasjon: Det er framleis lite tilfredsstillande at Tesla-ladarene ikkje er med i navigasjonen til Hyundai. Eg må nytte Chargefinder for å sjå om det er Tesla-ladarar på neste strekket om det er for langt mellom Ionity-ladarane. Lista over dei geografisk næraste ladarane, der du er eller ved destinasjon, i bilen sin innebygde navigasjon er smart om ein må gå for ein anna ladeleverandør.

Komfort: Det har teke meg litt tid til å bli komfortabel i førarsete. Setet er ikkje like komfortabelt som i min forrige bil, Byd Tang. Eg må passe på å variere sitjestillinga meir. Skulle gjerne hatt meir støtte under låra, men i Ioniq 6 kan du ikkje trekke ut framdelen av seteputa.

Underhaldning: Med Android Auto har eg naturlegvis musikk og bøker via strauming, men det eg lyttar mest på under turane mine er NRK som radio-app. Alltid kjekt å få med seg nyhende, Reiseradioen og anna underhaldning på turen.