Med ujamne mellomrom undersøker eg om utstyret mitt har fått ny firmware, bios eller liknande. I dag sjekka eg D-link DIR-880L og fann ut at det var komen ny firmware eller programvare.
Oppgraderinga vart gjennomførte eg via kabla nettverk og i web-grensesnittet. Alt gjekk om på skinner, tilsynelatande utan problem og D-link DIR-880L var restarta. Internett var på plass og såg ut til å fungere som det skulle.
Ved månadsskifte er det tid for backup eller sikkerheitskopiering av data. Eg hadde ei større mengde som skulle til Jotta. Forrige månad var hastigheita opp 3 MB i sek sidan eg har ei 30/30 Mbit-line. Stor var overraskinga at no var farten avgrensa til i overkant av 0,2 MB i sekundet opp.
Eg testa alle deler av oppsettet frå fiberinntaket via straumnettet til routeren. Konklusjonen var at feilen måtte ligge i D-link DIR-880L . Ikkje kunne eg forstå kva som var årsaken og frykta i verste fall at den nye programvaren hadde ein vesentleg feil.
Før eg byrja å søke etter den gamle programvareversjonen, tenkte eg at eg skulle sjå innom QoS (Quality of Service) der ein kan setje avgrensingar på trafikk. Jammen fekk eg rett, under QoS var det sett inn tal som var langt under mi nettline. Eg endra tala slik at det er 30 Mbit ned og 100 Mbit opp. D-link DIR-880L vart restarta og no var alt tilbake til «gode gamle dagar».
Tips:
Sjekk alltid QoS på ein D-link DIR-880L etter oppgradering av programvare.