Sumhaug er tre sæl/hytter som ligg på vestsida, ved utløpet av Fjærlandssetevatnet. Det er godt mogleg at ein kan kalle det for ein støl, men Fjærlandssete som ligg på austsida av vatnet, er ein større støl med fleire sæl/hytter. Fjærlandssetevatnet med Fjærlandssete og Sumhaug ligg nord om Fardal og Øvstedalen, tett opp mot Leikanger si austre grense mot Sogndal.
Før var den lettaste måten å koma til Fjærlandssete å køyre opp Øvstedalen i Fardal og gå forbi Furesete. På grunn av forlenging av vegen i Njøsadalen er det like lett å nå Fjærlandssete frå Leikanger. Ein køyrer fram til parkeringsplassen ved Tuftahaug og går opp i Hottadalen og over Seltuftebotnen mot Slettebotnen ved Kalvahaugen. Den finaste turen er Skagasete og over Lusaskard der du lett kan velje om du vil gå ned til Sumhaug eller halde fram mot Fjærlandssete.
Vel du å starte i Henjadalen, kan du køyre fram til bommen ved vassinntaket og gå til Flyane etter traktorvegen. På Flyane må du krysse elva og gå fram på austsida av dalen. Det går forholdsvis greitt fram til du har kryssa to små bruer over Reiseteåi, men stien opp Reiseta kan til tider vere vanskeleg å få auge på. Han byrjar å bli attgrodd. For at du skal ha haldepunkt for å ta same turen har eg lagt ut mange bilete til du er på Sumhaug.
På min tur valde eg å gå på nordsida av Reiseteåi sidan Sumhaug ligg på nordsida av utløpet av Fjærlandssetevatnet. Den beste stien kryssar over Reiseteåi ved Vetlavatnet og går på sørsida av Reiseteåi. Du endar opp på feil side av Fjærlandssetevatnet, men eit langt steg over utløpet får deg over på Sumhaug.
Eg merka fort at mitt alternativ ikkje var mykje gått. Det var ikkje mange metrane før trakket enda i buskas som eg måtte trakke oppå/gjennom for å kome vidare. Det såg ut som sauer kunne snika seg under, men born eller vaksne kunne umogleg kome gjennom. Etter litt såg det ut til at trakket/stien svinga tilbake mot eit sæl som ligg over Osane og Hovden som ligg på kanten av Henjadalen. Du ser det i bileteserien ein del bilete før Sumhaug.
Sidan ein skal følgje Reiseteåi til Fjærlandssetevatnet, er det berre å ta av frå stien og gå mot aust i retning elva kjem frå. Ein må krysse ei stor, men rimeleg tørr myr før ein kjem til ei høgd der ein ser bort på Sumhaug. Litt avhengig av kor mykje vatn det er ved Sumhaug må du velje kor du vil gå. Er det lite vatn, kan du gå ned ved vatnet/elva og krysse rett mot Sumhaug. Er det mykje vatn, etter nedbørsdagar, må du gå litt oppe i bakken som kjem ned frå Høgehaug for å kome til Sumhaug.
Frå Sumhaug er det enkelt å kome seg til Fjærlandssete. Ein kryssar utløpet av Fjærlandssetevatnet med eit langt steg og kjem raskt inn på stien til Fjærlandssete og etter 15-20 minutt er du framme.
Fjærlandssete blir om vinteren og særdeles i påsken brukt som eit skiområde. Idrettslaget i Sogndal trakkar løype vidare frå Høgehaug, nord om vatnet, ned på Sumhaug, langs vatnet på sørsida tilbake til Fjærlandssete. Frå stølsområdet går løypa opp til Storavatnet og Jarbruene, Fagreggi og tilbake mot Stedjekammen slik at ein kan få ein solid rundtur frå Hollekve.
Turen til Sumhaug og Fjærlandssete er delt opp i to deler:
- Henjadalen til Flyane
- Flyane til Sumhaug og Fjærlandssete