Tur: Korahola

Turen til Korahola startar på Sanden. I staden for å gå opp traktorvegen du følgjer eit stykke mot Bjørgahaug, går du over bøen du kjem inn på. Hald deg i øvre del av bøen og du vil kome inn på ein kjerreveg. Etter eit stykke skiftar det til sti gjennom skog før du endar ut i ei steinur. Den siste halvdelen av turen fram til fjellet, der Fatlaelva renn, er å gå gjennom steinur.

sanden-korahola-001

Om du ser på bilete som viser Fatlaelva og Fatlaberget, ser du dei to øvre fossane. Under den nederste av dei følgjer du elva nedover og ser at det er støypt opp kantar rundt elveløpet. Om ikkje eg hugsar feil kom dette på plass som ledd i sikringa for Fatlatunnelen. Korahola ligg like under enden på støypekanten. Når du går gjennom hola, kjem du ut på kanten, og starten, på nederste og siste vassfallet til Fatlaelva. Du skimtar det over trekrunene.

I steinurene er stien merka med små steinvardar. Det er viktig å sjå kvar du set foten. Alltid stopp når du skal sjå på utsikta. Det er fort gjort å trakke feil med risiko for beinbrot om du ikkje er fokusert. Høge sko med ankelstøtte kan vere lurt.

I staden for ein bileteserie av turen, kan du sjå ein video som tek deg med på heile turen gjennom hola og ut ved fossevallet. Under videoen vil du finne bilete frå Korahola og Fatlaelva.

Tur: Bjørgahaug frå Sanden

Bjørgahaug-fra-Sanden-064Bjørgahaug er ein av dei mest populære turane i Leikanger. Turen blir som oftast starta på transformatorstasjonen på Njøs. Kidlestigen er bratt og til tider luftig. Er du mindre glad i å høgd og å forsere berg, kan det vere lurt å ta turen opp frå Sanden, ca. 400 meter frå Fatla-elva. Du kan parkere på stoppestaden på nedsida av vegen eller på oppstillingsplassen på oppsida av vegen. På sistnemnde står du ikkje i vegen for turistane i sesongen og slepp å krysse vegen til fots.

Du går nokre titals meter i retning Fatla før du tek av. I byrjinga følgjer du ein traktorveg, men forlet denne i den andre krappe svingen, der traktorvegen svingar tilbake i retning Fatla-elva. Her held du fram i retning Hermansverk på tydeleg sti. Etter kvart byrjar stigninga og du går i sikk-sakk opp lia. Det er ingen stadar som set deg på dei same utfordringane som Kidlestigen. Kven som helst kan gå her. Etter ca 1,5 km kjem stien saman med stien frå Njøs, like under Bjørgahaug. Der er det att ca 200 meter til Bjørgahaug, der du kan nyte utsikta eller halde fram turen vidare til Hangsete eller Våkeldahaug.

Nøyer du deg ikkje med det, kan du kan ta ein langtur til Skriki, eit fjell på vel 1.200 moh som ligg ved Øvstedalen i Fardal i Sogndal kommune. Du kan gå over Mjellhaugane eller Bergsete og ned Moldbakken til Havrane. Frå Havrane kan du gå ned til Tuftahaug eller Fadnastølen i Njøsadalen og gå ned Njøsadalen til Kvålen eller gå stien frå Fadnastølen heim til Njøs. Frå sistnemnde er det berre å gå ned vegen til forskningsstasjonen og tilbake til bilen du parkerte på Sanden. Hugs å ta med godt med niste og ver budd på å bli «knemøyre».