Skitur: Rindabotn til Kvålen om Høgehaug

Å gå frå Rindabotn til Leikanger ein vintersdag er ei flott oppleving. Når sola varmar og det er påskeføre, kan ein ikkje klage. Til turen treng du tur- eller fjellski. Å gå med løypeski vil eg frarå. 1/3 av turen vil gå utanfor trakka løype. Ski med kortfeller har eit greit kompromiss mellom feste og gli.

Du startar ved trekkhytta i Rindabotn og følgjer trakka løype for runden om Høgehaug, Sumhaug, Fjærlandssete og Jarbruvotni. Sidan du skal til Høgehaug på 980 moh, følgjer du den trakka løypa vest/sørvestover opp til det høgste punkte. Frå Rindabotn er det ca 5 km opp til Høgehaug og stigning heile vegen.

På Høgehaug vil du i nord sjå inn i Trastadalen, vestover mot Myrdalen og Myrdalsbreen. På nordsida av Friksdalen ser du Sovlsetfjellet og ellers langt inn i Friksdalen. Du skimtar også Skarholten på 1540 moh vest for Voggebreen. Du ser Kaldekletten på 1360 moh samt Friksdalseggi, i enden av Friksdalen, der han svingar inn mot Vogga. Kjeringafjell på 1314 moh og heile ryggen heim og ned mot Kjeringasteinen sør om Kaldekletten. Du skimtar Fagreggi på 1004 moh samt Okslahaugane over Aoreveitane og Stokksete. I sør røyser både Lusaskard og Skriki seg mot himmelen med sine 1004 moh og 1227 moh. Under deg ser du Fjærlandssetevatnet med Sumhaug i vest, ved utløpet mot Henjadalen. Aust for vatnet ser du sæla på Fjærlandssete samt heimover mot Øvstedalen.

Frå Høgehaug sigler du ned ca 200 høgdemeter til Sumhaug. Løypa går austom Pipehaueg og Hovden samt Lomavatnet og Hovdavatnet. Nede på Sumhaug kryssar du utløpet av Fjærlandssetevatnet på solid snøbru. Når brua ber ei trakkemaskin, treng du ikkje vere uroa for vekta di. Du følgjer trakka løypa ca 2 km langs Fjærlandssetevatnet, austover mot Fjærlandssete. På vegen passerer du Kringlevatnet før du endar opp ved skilta, som står litt sør for sælbøen på Fjærlandssete.

På ein helgedag kan du følgje trakka løype sørover mot Øvstedalen, forbi Kalvavatnet og ned til der Kløvjavegen kjem i hop med stien/løypa frå Øvstedalen, litt over Furusete. Du ser starten i det siste bilete, den slake ryggen må du over/rundt for koma inn på Kløvjavegen. Du får ei lita oppstigning før du skråsigler ned mot området bak Geitadalen.

Eg saknar trakkemaskina til Per Steinar Melås. Ho var til stor hjelp når ein skulle over til Njøsadalen. Løypa var lagt i kløfta i det nest siste bilete, før den svinga nordover inn i løypa frå Øvstedalen. I dag er alternativet å følgje scooterspor her. På tidspunktet eg gjekk turen, var det ikkje køyrt. Følgjer du scootersporet, krev det at du må ta fleire høgdemeter. Du kjem høgare opp i Seltuftebotn og må over ryggen i bilete for å sigle ned på flatene over Geitadalen. Alternativt kan du ta deg ned til Hottadalen og ned Strupen til Geitadalen.

Frå Geitadalen følgjer du scooterspor ut Njøsadalen. Desse er smale og vanskelege å ploge i. I tillegg er det lett å få ski i lås i sporet etter styreskiene på scooteren. I dei brattaste partia kan det vere lurt å ta av seg skia eller sigle med feller på skia ut dalen. Rundt påsketider må du rekne med å minsta gå frå Dalsete, over Pyttane. Det kan vere lurt å ha eit par jogge-/tursko i sekken for å sleppe å slite ut sålen og bindingsfeste på skiskoa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.