Kompressor til klimaanlegg må skiftast

14.9 vart det nok 250 km i bilen fram og tilbake til/frå forhandlar i Førde. På «menyen» stod utbetring etter tilbakekallinga på setebeltefesta, siste del av fiks knirking i kupe, sjekk av klimaanlegg samt sjekk av kondens i ny spoiler. Heldigvis har problema med Apple CarPlay blitt veldig mykje redusert i løpet av dei siste iOS-oppdateringane. iOS 26.6.x-serien rydda opp det aller meste.

Setebeltefesta og fotplate som knirka er skifta. Undersøkinga av klimaanlegget viste at systemet mangla 2/3 av gassen og forhandlar meinte at det var kompressoren som var årsaken til lekkasjen. Dei ville ta kontakt med meg når dei visste leveransetid på delen.

So kjem det som overraska meg. Eg dokumenterte og delte fleire bilete av kodens i ny spoiler. Når eg skulle hente bilen, plinga det opp ei melding på telefonen om betaling av kr 375 (300+mva). Snakka med kundemottak og det var visst minstetakst på feilsøking. I dette tilfelle hadde forhandlar ikkje greidd å stadfesta mine funn som eg dokumenterte og delte med dei.

Vel, tenkte eg med meg sjølv. Dette er eg ikkje einig i, men eg valde å tige og betale. Kr 375 veltar ikkje budsjettet mitt. Tenkte at eg får krevje det refundert det når/om lykt i spoiler må skiftast for andre gong. Har vore ute for at dei ikkje greidde stadfeste kondensen i 2024 i gamle lykta som blei skift tidlegare i år.

Kondens i ny spoiler

Deja Vu. Hadde problem med kondens inne i lykta på spoileren sidan 2024. Fekk bytt på garanti lykta i sommar. Den 10.9.26 slengde eg eit blikk på den nye spoileren og jammen har ikkje den nye lykta fått kondens i seg. Blir nok ein runde med å få skifta lykta ut på garanti igjen. Er absolutt ikkje nøgd med kvalitetskontrollen hos Hyundai. Dette er ikkje det eg forventa når eg kjøpte bilen.

Mogleg svikt i setebelter

I dag fekk eg brev frå Hyundai på ei tilbakekalling. No er ei tilbakekalling noko positivt. Det er viktig å ta tak i det som kan utgjere ein risiko for ein eigar av bilen. Men i det store bildet av bilen min og modellen, får tilliten nok eit eksempel på at kvaliteten ikkje var god nok i utgongspunktet. Du får lese alt eg har skrive om problem. Einaste trøsta er at kvaliteten på framdriftsbatteria til Hyundai er statistisk sett av beste kvalitet.

PS! Legg merke til at dei refererer til Hyundai Ioniq 9 og ikkje 6 i brevet. Eg tok ein ekstra sjekk. Både registereringsnummeret og understellsnummeret stemmer med bilen min, ein Hyundai Ioniq 6.

Aircondition sviktar

Det er lenge sidan eg har mista tillita til Hyundai som leverandør av kvalitet. Bilen er no på tredje ICCU og er dritlei lange turar berre for å få sjekka og i neste tur fiksa feil. I tillegg til ICCU har det vore skifte av bremselys integrert i spoiler som følgje av fukt på innsida, knirking i sete og interiør og ustabil Apple CarPlay. Når heile bilen sviktar frå maskinvare til programvare, blir det slitsamt.

Eg har slutta å telje turane til forhandlar for å få fiksa ting. Forhandlar gjer så godt dei kan, men eg er ikkje nøgd med korleis Hyundai har handtert den velkjente saka om ICCU. Statistisk hevdar dei at 10% av bilane er påvirka, men når bilen min har skifta to ICCUar og er på den tredje, må eg vere unntaket. Aldri har Hyundai strekt ut ei hand og tilbydd meg nokon form for kompensasjon eller «plaster på såret». Men som eg har sagt tidlegare, svidd kunde er tapt kunde.

Sommaren 2026 har vore begredeleg her vest. Kaldt og vått ver har prega sommaren, men i juli hadde vi nokre varme dagar. Eg var på fjelltur. Bilen stod og varma seg godt opp i sola. På veg tilbake starta eg kjøleanlegget med appen i god tid (10 min) før eg kom til bilen, men temperaturen var ikkje gått ned. Virka som om anlegget blas utelufta inn og ikkje kjølte ho merkbart. Sidan bilen vanlegvis står i garasje, skjerma for sol og sommaren har vore kald, har det blitt lite praktisk testing i etterkant. Men har merka at anlegget ikkje er heilt godt og passasjersona bles til tider kaldare enn førarsona.

Onsdag denne veka gjorde eg ein ny test. Bilen hadde stått ute i sola i fleire timar. I appen sette eg temperaturen på aircondition til 17 grader og venta i 10 minutt. Bilen var ikkje mykje kjølt. Merka at på førarsida blas berre uteluft inn, utan noko form for kjøling. Eg køyrde ein tur og etterkvart la eg merke til at det var kjølig på passasjersida, medan på førarsida var det framleis inga kjøling av lufta. Alle innstillingar vart sjekka, aircon og sync er på og displayet viste 17 grader (for begge soner).

Var nett utom Leikanger Auto AS og tok ein kjapp prat. Mekanikar kjende etter og kjende kalde aircon-røyrer under panseret på bilen. Trudde ikkje det var mangel på gass. Sidan det var vanleg luft på førarsida og kjøling på passasjersida, meinte han at det kunne vere eit spjeld eller noko som sytte for fordeling av kjøling som ikkje fungerte skikkeleg. La til at han ikkje syntes temperaturen på passasjersida var ikkje kald nok. For min eigen del synes eg heller ikkje kjølinga er bra. Vi har ein eldre bil og når ein set aircondition på kaldast er det plagsomt kaldt. Fordelen er at varmen forsvinn fort. Det gjer den ikkje i Ioniq 6en min.

Etterkvart kom det kjøling på førarsida, men veit ikkje kva som gjord det. Men i høve passasjersida, var kjølinga på førarsida ikkje like sterk. Ny tur for kontroll av aircondition er tinga og nærare 4 timar i bil berre for å kome dit. Er eg heldig må ein tur til for å få det fiksa. Ser for meg 7-8 timar i bil, to fridagar og 500 km før dette blir retta.

Når ein mister fokus på kunden

La oss ta eit eksempel på kundeoppfølging i stjerneklasse. I bygda hadde vi ein butikk som mellom anna selde kvitevarer. Vi handla alltid kvitevarer der fordi vi visste at om det oppstod eit problem, var vedkomande på døra hos oss på dagen eller i løpet av dei neste par dagane. Var det noko som gjekk på garanti, ordna han opp. Nye varer vart levert og sett opp utan at vi trong vere heime. Dei gamle tok han med seg og leverte på avfallsplassen. Ja, vi visste at vi betalte noko meir, la oss sei 20% i høve dei rimelege kjedene der du er overleten til deg sjølv. Dei 20% ekstra var vel verd det. Med ungar i huset, kunne ikkje vaskemaskina stå. Det var gull verdt at den lokale kjøpmannen/reparatør var på plass kjapt. Du visste at du alltid vart godt ivareteken og vi var lojale.

La oss ta eit skrekkeksempel på ivaretaking av kunde av ein lokal bilforhandlar når eg var i slutten av ten-åra på 1980-talet. På den første bilen eg prøvde skjulte seljar problem med oljetrykket ved å dra choken litt ut slik at bilen gjekk på litt høgare tomgang og oljetrykket var innafor. Vart tilfeldig oppdaga når eg prata med ein mekanikar oppe ved stadion her. Ja, det har brent seg inn i minne. Dytta choken inn og oljelampa starta å blinke når bilen gjekk på rett tomgang. Eg burde aldri handla med forhandlaren, men eg trengde ein rimeleg bil og fann ein anna. Etter kvart kom ein lokal verkstad til at det var feil på styresnekka. Feilen var der ved kjøpet og etter mi oppfatning vart eg lurt sidan og måtte legge ut for ein reparasjon som skulle vore teke garanti. Bilforhandlaren tente litt på salet, men sidan har eg ikkje lagt att ei krone der. Ein kan spørje seg kven vart lurt til slutt i eit slik opplegg, eg eller forhandlaren som aldri har fått nokre av kronene eg og familien har handla bil for i løpet av snart 40 år. Brent barn skyr elden.

Skuffande

Eg kjøpte Hyundai Ioniq 6 i midten av desember 2023. Bilmerket valde eg fordi eg hadde oppfatning av at dei leverte botnsolid kvalitet. Å ta turen for service kvar 30 000 km og kanskje ei tilbakekalling var det eg hadde sett for meg.

Bilen har ikkje levd opp til forventingane. Det har vore for mykje feil og som følgje mykje bortkasta tid for meg. I slutten av november 2024 rauk første ICCU, bilen måtte hentast og stod over ein månad på verkstad. Når eg henta bilen, hadde ei pumpe starta å laga lyd. I påsken 2025 rauk ICCU nummer 2. Bilen er no på sin tredje ICCU. For å unngå at ICCU tek kvelden på ugunstig tid og stad, ladar eg aldri med vekselstraum når eg er på ferie eller turar.

No seinast har eg hatt problem med førarsete og knirking samt Android Auto og Apple Carplay (AA/AC). Mest det siste som er like stabilt som eit korthus. Samla sett er denne bilen den dårlegaste bilopplevinga eg har hatt med tanke på alle feil som har dukka opp. Neste bil blir ikkje koreansk.

500 km for å rette ein feil

Feil skjer, men kor godt blir eg som kunde ivareteken? Greit at eg har fått lånebil når bilen stod på verkstad i lengre tid. Men forhandlar er 125 km frå meg, ein veg. Oppstår det eit problem er det slik at eg må køyre bilen til forhandlar, dei må sjekke ut problemet og så får eg ein ny time seinare. Det betyr at det blir 2 turar tur/retur for å få fiksa ein feil, eller 2 * 2 * 125 km som er 500 km. Eg arbeidar og må ta meg heilt eller delvis fri kvar gong. Heldigvis har eg ein jobb og fagfelt som gjer eg kan arbeide kor som helst ifrå, men framleis er det snakk om 3,5 timar køyring per tur eller totalt 7 timar i bil fram og tilbake for å få retta ein feil. Forhandlaren har samarbeid med ein lokal verkstad på eit anna merke. Eg har forsøkt å få forhandlaren til å engasjere den lokale verkstanden til i det minste få gjort diagnostiseringa og med det spare meg for 3,5 timar køyretur og ta meg fri. Inga lukke så langt.

Kunde, ein kjeltring?

Service, skifte av høgtsitjande bremselys pga av fukt og knirkinga tok si tid og eg kom seint avgarde frå Førde. Allereie etter nokre 100 meter merka at knirkinga ikkje var fiksa, men eg hadde ei avtale eg måtte nå og kunne ikkje snu tilbake. Nok ein tur til Førde måtte påreknast, eg er lei.

På same tid sleit eg med ustabil AA/AC. Hadde valt å jobba vidare med det for å sjå om eg kunne løyse det sjølv. Er godt oppegåande på IKT med erfaring heilt tilbake til tidleg 1980-tal. Både Bluetooth- og Carplay-oppsett i bil og på telefon vart sletta gjentekne gonger for å starte frå botn av. Eit par omstartar av infotainmentsystem til bilen vart gjort i tilfelle noko hang, men alle forsøk var nyttelause. Nemnde det til forhandlar like før eg reiste frå service at eg sleit med AA/AC og fekk beskjed om at eg måtte ha rette kablar.

I veka før ny tur til Førde blei det gjort forsøk med både nye og gamle kablar eg har liggande. Mange gonger har eg drege ut og sett kablar i kontakten som støttar AA/AC. Det verste eller beste av alt er at AA/AC har vorte meir stabil. Det kan gå lengre tid mellom det kuttar. Det peikar tydeleg i retning av kontaktproblem i USB-porten på bilen. For å eliminere feilkjelder som kablane eller at det kontaktproblem i USB-C-kontakten på den nye telefonen, kjøpte eg Carlinkit Utra Mini 1 som eg set i USB-A-kontakten i bilen og får trådlaus AC eller AA. Etter testing i veka har det fungert betre, men eg kan høyre avvik i musikken, men AA/AC forsvinn ikkje så ofte. Med andre ord betre enn det som har vore, men ikkje friskmeldt. På turen til Førde fungerte AC i 100 km før det starta å svikte.

Forhandlar hadde ikkje greidd å få fram problemet med AA/AC. USB-A-porten kunne difor ikkje skiftast på garanti. Eg såg for meg fleire turar til Førde. I ettertid har eg kome på at eg har opplevd det same før. Allereie i 2024 peika eg på fukt i høgtsitjande bremselys integrert i ekstern spoiler. Heller ikkje då greidde dei å gjenskape problemet. Men i vår (2026), når bilen fekk skifta dekk lokalt, fekk eg klar beskjed at delen ikkje skulle vere slik og måtte skiftast. Eg dokumenterte med bilete og video i store mengder. Delen vart skifta saman med 60 000 km-servicen.

På returen starta problema etter vel 5 mil i Kjøsnes-tunellen og det var to gonger til at AA/AC kutta før eg var heime. Testa att på søndag 28.6 og ustabiliteten er tilbake for fullt, heilt frå eg starta bilen. Kom meg ikkje ut utkøyrsla før AA/AC kutta og var vanskeleg å få til å kopla til etterpå.

I ettertid ser eg ei kundehandsaming etter straffesaksmetoden: «All tvil skal kome tiltalte/bilen til gode». Med andre ord vil kunden aldri ha rett, alt skal bevisast slik at det aldri kan vere tvil. Har ei viss forståing med tanke på dyrare deler som f.eks. det høgtsitjande bremselyset integrert i spoiler, men ein USB-kontakt kan ikkje kosta skjorta å skifte. Kan den eller dei som har fastsett denne kundehandsaminga plassere seg i kunden sine sko og sjå det frå den vinkelen? Er vi kundar kjeltringar og svindlarar? Kva skjedde med at kunden har alltid rett? Eg blir fornærma av slike haldningar.

Noko å lære av Tesla?

Sidan eg var i Førde, stakk eg innom Tesla. Dei har ikkje krav om jamnleg service. Kupefilter kunne eg skifte sjølv. Dersom eg hadde problem med bilen eller det kunne vere snakk garantireparasjonar der bilen ikkje trong å løftast, ville det kome ein mobil mekanikar til meg for å sjekke og eventuelt skifte del(er). Det kan eg like, nett som den lokale leverandøren av kvitevarer. Hm, du tradisjonelle bilforhandlar, kvifor tilbyr min forhandlar ikkje dette?

Minner om at Tesla er det mestseljande merket i Noreg. Har dei tradisjonelle forhandlarane ikkje fått med seg det?

Læringspunkt

  • Neste bil må kunne ivaretakast nær der eg bur.
  • Tesla kan bli unntaket til regelen. Eg likar at ein mekanikar kan kome og fikse bilen, nett som den lokale butikken som kom og reparerte kvitevarene våre.

Alle gode ting er tre?

I dag var avtalen med forhandlar å hente ut lånebil i 14-tida for ei lengre feriereise. Like før kl 9 ringde telefonen min. Forhandlar lurte på om eg kunne kome til kl 11. Dei hadde fått inn ny ICCU/ladestyringseining til bilen min og ville montere den. Heldigvis har eg ein slik jobb som gjer at eg kan kaste meg rundt, køyre knappe 2 timar og plukke opp att der eg slapp. No kryssar eg fingrane for at den tredje ICCUen bilen har hatt aldri utviklar ein defekt. Eg er lei.

Medan eg sat der oppe tikka det inn ei melding frå Hyundai Motor Norway om eg kunne vurdere det siste verkstadbesøket mitt. Det var servicen 9. mai, gjekk eg ut ifrå. Når dei vel å pirke i ein gretten bjørn/kunde, skal eg jammen klore frå meg. Dei fekk ein kort versjon av det under.

Forhandlar gjer som godt han kan, og er fanga mellom borken og veden. Mi harme er retta mot Hyundai Norge, som ikkje vil ta ansvar for noko knytt til problema med ICCU. No har det kosta meg 1500 km ekstra køyring som utgjer gode 22 timar i bil att og fram. Og det er ikkje slik at reparasjonar kan takast utanom mi arbeidstid.

Hyundai er vel kjent med problemet, men har ikkje rekt ut ei hand til kundane. Dei let forhandlarane ta støyten. Nei, Hyundai, har de levert langt under pari kvalitet, må de stå rakrygga og ordne opp. Slik det er no står kundehandsaminga til stryk. Som kunde er eg IKKJE NØGD, for å stave det ut med store bokstavar. Eg veit ikkje om eg kan eller vil tilrå folk å kjøpe Hyundai i dag. Alt ekstra trøbbel og bortkasta fritid slit på humøret og ikkje minst tilliten til bilen. Eg forventa meg eit problemfritt bilhald med service kvart andre år eller 30 000 km.

Til og med ein 1984 Skoda 120 GLS eg «piska» att og fram til Oslo i studietida, for snart 40 år sidan, var langt meir driftssikker enn Ioniq 6en min. Skodaen kasta aldri inn handklede, sjølv om han ofte låg opp mot turtallsperra.

Hyundai kan hente inn att situasjonen ved å vise at dei set pris på kundane sine. Eg meinar at alle vi som har vore utsett for vanskane burde fått «eit plaster på såret» for ulempene og irritasjonen defekte ICCU(ar) har skapt. For min del kunne eg sett føre meg kompenasjon av denne typen:

  • 3 servicar kostnadsfrie for kunden
  • 3 år gratis lading på Charge MyHyundai

Hyundai, ikkje la ideane mine vere avgrensande og gjerne kombiner. Overrask oss kundar med noko postitivt. Som sagt kundehandsaminga hittil står til stryk. Frå botn kan det berre gå oppover.

ICCU stadfesta, ingen dato på levering

I dag var bilen 30 000 km service. Ny ICCU vart av forhandlar tinga 23. april, i håp om at han kom fram til servicen og kunne skiftast same dagen. Det gjekk ikkje, alle restordrar på ICCUar av typen til Ioniq 6 har ingen estimert leveransedato. Her kan det bli snakk om at det er «høgt opp og langt fram» til bilen blir reparert. For min del nærmar det seg ein lang bilferie. Forhandlar jobbar med å gi meg ein lånebil turen, men når ein kjøper ny bil var det ikkje dette eg forventa. To havari av ICCU, kva er sannsynet?

Hyundai har store problem med ICCU

Plukka opp denne artikkelen som baserer seg på funn av ADAC i Tyskland, dvs. søsterorganisasjonen til NAF i Noreg. Statistikken viser at Hyundai Ioniq 5 har mest stopp med 22,4 stopp per 1000 køyretøy. Årsaken er feil på ICCU, slik som eg har opplevd med min Ioniq 6 i slutten av november og no i påsken. Same plattform gir same feil på desse modellane. ADAC dreg fram problema ICCU i denne oppsummeringa av deira undersøking:

I den andre enden av skalaen finn du Tesla Model 3 med 0,5 stopp per 1000 køyrtøy. Det vil sei at ein Hyundai Ioniq 5 har 45 gonger større sjanse for å stoppe enn ein Tesla Model 3. Om ein samanliknar Hyundai med fosilbilar, har den meir enn dobbelt så mange stopp per 1000 køyretøy.

Kort og godt gjer feil på ICCU Hyundai til dei mest upålitelege elektriske køyretøya.

Hyundai Ioniq 6 – ICCU igjen?

I slutten av november rauk ICCU etter ca 21800 km og sette ein effektiv stoppar for ein velfortent ferietur. Bilen vart fiksa og eg henta han i starten av januar, men hadde fått seg ein ulyd som viste seg å vere ei pumpe til kjølesystemet som hadde bestemt seg for å spele opp. Etter skiftet har bilen fungert heilt eksemplarisk fram til ca 28000 km.

Gjennom natta til 16.4 lada eg bilen til 100% og vi sette nasen austover i retning Hamar, Kongsvinger og enda opp med å overnatte i Karlstad. Eg tok med meg ladekabelen på turen. Sidan eg vakna tidleg torsdag 17.4, gjekk eg ut og plugga bilen i ein 22 kw Mer-ladar. Lading starta og alt såg ut til å fungere som det skulle, bilen mottok ca 11 kw. Rett før frukost sjekka eg appen til bilen att og såg at bilen lada ikkje lenger, men den hadde teke mot ca 11 prosentpoeng frå ladestart. Eg gjekk ut og såg at uttaket var daudt. Alt var svart, ikkje det minste teikn til liv. Kabelen sat fast i bil og ladar og både puls og blodtrykk steig litt. Etter litt tid til å finne fram til brukarstøtta til Mer i Sverige, fekk eg hjelp. Dei restarta heile stasjonen. Både uttak og bil gav slepp på ladekabelen kort etter. Stolpeuttaket som bilen min var kopla til framstod framleis som daudt, ingen tekst eller teikn til liv på displayet. Det andre uttaket viste diagnoseinformasjon som IP-adresse med meir i løpet av restarten.

Resten av turen lada eg på lynladarar og alt gjekk utan problem. Eg ville unngå at kabelen igjen skulle setje seg fast i både uttak og bil. Frå bilen kan eg alltid få kabelen fri, men frå stolpen kan det by på ei utfordring og sidan vi gjekk inn i påskehelga unngjekk eg å lade på vekselstraum.

Sidan veret slo om til kaldt og vått, valde vi å returnere heim, vestover på laurdag til sol og varme. Vi rulla inn i garasjen med 20% igjen på batteriet og sette bilen på lading. Ladaren starta lading på rett tidspunkt. På morgonen, søndag, sjekka eg appen på bilen og la merke til at bilen framleis stod på 20%. Med 10 amper lading i tidsrommet avsett til lading, skulle batteriet vore på rundt 40%. Eg gjekk ut og såg at ladaren min var daud. Sjekka sikringsskåpet og såg at sikringen var slått av. Eg slo på sikring og gjorde eit nytt forsøk. I appen til ladaren såg eg at ladaren gjennomførte lastbalansering, venta på bilen og akkurat når ladinga starta gjekk ladaren i svart.

Dette likna på det som skjedde i Sverige og eg byrja å stusse på om ladekabelen var problemet. Eg reiste ut på jobb der vi har ladarar med eigne kablar som eg har nytta før reisa utan problem. Kopla i bilen og når ladinga starta gjekk ladaren på jobb i svart. Eg kan konkluderer med at feilen må vere i bilen og ikkje i ladarane eller ladekabelen min.

Etterpå tok eg ein sjekk av hurtiglading på 50 kw Mer-ladar og det fungerer framleis som det skal. Bilen treng ikkje hentast på bergingsbil denne gongen. Men no byrjar det verkeleg å tære på tolmodet mitt. Årsaka er at det er ICCU som handterer lading med vekselstraum og syter for at den blir konvertert til likestraum for å lade batteriet. Den første rauk etter nesten 22000 km og no har eg sterke mistankar om at den nye ICCUen har feil, etter berre 6000 km.

Sidan eg planlegg ei lenger reise frå og med 17. mai på 5000+ km, er eg avhengig av at alt fungerer som det skal. Dessverre byrjar tilliten til kvaliteten som Hyundai leverer å få seg ein solid knekk. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg sett føre meg dette, gitt den etablerte oppfatning av Hyundai som ein leverandør av kvalitet.

Pumpe skifta, lyd borte

Dette er oppfølginga til innlegget om nye problem etter skifte av ICCU på min Hyundai Ioniq 6. Bilen var hos forhandlar for diagnose den 17. februar. Det viste seg at det var ei pumpe til kjølesystemet under panseret, nær torpedoveggen, på passasjersida, som hadde bestemt seg for å bli musikar. Forhandlar tinga ny pumpe og bilen fekk time i dag, 25. februar. Kan ikkje klage på akkurat det. Pumpa er no skifta og lyden er borte. Det var heilt fantastisk å køyre heim att utan pipinga frå «gnomen som sat og spelte på leirgauk». Ein kan bli tullete av mindre.

Innlegget viser òg til ein del uforståelege hendingar med bilen tidleg til medio januar. Etter den tid har eg ikkje opplevd tilsvarande uforklarlege hendingar. Eg veit ikkje om det kan ha hatt noko med det å gjere at eg tok ein reset på infotainment-systemet, men eg har ikkje store trua på det. Heller utilslørte mentale truslar som har skremt bilen i «giv akt».

Når ein bryt uskrivne reglar….

Eg har i løpet av dei siste fire ti-åra handla fleire bilar. Heilt fram til hausten 2023 har eg følgt ein uskriven regel om å kjøpe merker som har forhandlar nær meg. Det er enklast når det er snakk om garanti og service. Denne gongen valde eg å bryte regelen. Førde, ein to-timars tur ein veg, var akseptabelt. Eg skulle berre på service kvar 30 000 km eller annakvart år med bilen. Det har ikkje gått som planlagt.

Først var det tilbakekallinga for oppdatering av ICCU sommaren 2024. I slutten av november takka ICCU for seg og eg måtte opp og hente lånebil. Etter ein god månad var det opp att for å hente reparert bil. I februar vart det to turar, diagnosering og reparasjon. Eg kjem til 5 turar som utgjer 1250 kilometer og omlag 20 timar køyring. Neste gong eg handlar bil, trur eg at eg må følgje min gamle, uskrivne regel.