Lang køyretur dagen før, men i dag var planen å ta Sognefjellet. Stor var overraskinga når eg sjekka kameraene på fjellet. Her låg det nysnø i vegbana. Med sommardekk vart det nett som ved avreise, å finne ein anna veg. Vi bestemte oss for å køyre E39, ta av mot Åndalsnes og slå to fluger i ein smekk ved å køyre Trollstigen og gjennom Geiranger før vi var heime på velkjente trakter i nord av tidlegare Sogn og Fjordane.
Først etappe er å koma seg gjennom Trondheim til Orkanger. Det blei eit ladestopp på Klett før Orkanger. Gårsdagen vart lang så vi hadde ikkje lada opp bilen for neste dag. Deretter var det gjennom tunellane og fleire soner med automatisk trafikkontroll over lengre strekker. Må vere nokre skikkelege grisekøyrarar her i området med så mange soner.
I Orkanger er det å koma seg på E39 mot Halsa ferjekai. Vegen er under utbetring og vil bli veldig bra etter kvart. Trafikken var ikkje den store tidleg denne dagen, men det er no alltid litt å forsere. Lastebilar og trailerar har ikkje kraft nok til stigningane og så tek ein att turistar som køyrer i sitt eige tempo. Men det går greitt og vi kom rett på ferja til Kanestraum.
Derifrå var det å følgje E39 mot Molde for å ta av mot Sølsnes litt før. Her greidde vi akkurat å ikkje nå ferja. Hadde vi vore nokre minuttar raskare hadde vi kome med. Uansett greitt med eit beinstrekk når det er berre 20 minutt mellom ferjene. Etter å ha kome oss over fjorden var neste strekke å koma seg til Åndalsnes for lading og lunsj.
Veret vart dårlegare og regnfullt når vi køyrde inn dalen mot Trollstigen. Det var lite trafikk opp og over Trollstigen. Eg hadde forventa å stoppe eller for den del rygge om eg møtte ein stor bubil eller buss, men det var det aldri trong for. Frå toppen av Trollstigen er tek ein seg ned den lange dalen ned mot Sylte i Valldal. Det blei ikkje stopp ved Gudbrandsjuvet. Vi holdt stø kurs mot ferjekaien på Linge for å kome oss over Eidsdal.
Første bil ut av ferja og opp dalen for å kome over og ned i Geiranger. På vegen ned vart dei ein liten stopp. Ein av bussane som var på veg motsett veg av oss koka. Vi kom forbi etter litt og tok oss ned svingane til Geiranger. Sjølv om denne dagen ikkje var overfyllt med turistar i Geiranger, var det slik at vi merka det godt. Men trafikken fekk flyta greitt. Som forventa kom vi etter saktekøyrande buss og turistar mot toppen og mot Strynefjellet, men kom forbi greitt.
Det var vegarbeid i den nederste tunellen på Strynefjellet og det vart ein stopp på omlag 30 minutt før vi vart losa gjennom med ledebil. Deretter var det fritt ned og ut dalen til Stryn. Frå Stryn var det berre å følgje fjorden og kome seg til Utvik, over fjellet og ned til Breim. Her vart det ein obligatorisk stopp på Bakar Jon før vi heldt fram mot Sogn.