Tullete botntekstar i e-postar

unodvendig

Eg har lagt merke til, og det irriterer meg, at ein store etat som Skatteetaten vel å hekte på ein slik botntekst på e-postane. Sender vedkomande deg ei lita line, kjem desse linene med standardfrasar i tillegg.

Eg kan sjå for meg at slike botntekstar fort kan tolkast som generiske tullefrasar og vurderast som søppelpost. I beste fall vil e-posten bli sortert til mappa for søppelpost. Det verste som kan skje er at e-posten blir luka bort utan at du nokon gong ser han. Teksten er prega av å vere noko som kjem frå USA der ein har hang til å hekte på ulike former for «disclaimers» eller ansvarsfraskrivelsar på godt norsk. Slikt er framandt i Noreg. Sidan Skatteetaten har klaska meg i ansiktet med hansken, tek eg oppfordringa og vil teste (tulle)påstandane:

«…  vennligst slett den og kontakt Skatteetaten…»

Eg skunda meg til www.skatteetaten.no. No skulle eg finne ut korleis eg kan melde frå om feilsendt e-post. Eg leita vel og lenge under Kontakt oss og forsøkte å finne ut av det med søk. Som de ser av bileta fann eg ingen klar måte å melde det. Alt skal skje via Altinn eller eit spesielt kontaktskjema. Sidan eg er litt nyfiken av meg, logga eg meg på Altinn for å sjå om Skatteetaten hadde lagt til rette for å melde frå om feilsendt e-post. Som du ser av bilete greier eg ikkje å finne noko kategori utanom «Anna». Heller ikkje på Facebook står det noko om å melde frå om feilsendt e-post. Samla sett er det ingen klare måtar eller rettleiing for å få meldt frå om feilsendt e-post. I tillegg er det tungvint å måtte gå via Altinn med innlogging.

Til slutt eit lite hjartesukk om Facebook-sida:

Redaksjonen er berre til stades 8:00 – 15:30 på kvardagar. Det som fanga merksemda mi, på ein laurdag kveld, var at ein person hadde lagt inn eit spørsmål der vedkomande avslørte helsetilstanden sin – uføretrygda. Diagnosen er ikkje nemnt, men vedkomande er ikkje frisk. Informasjon om helseforhold er sensitive personopplysningar etter Personopplysningslova.

I staden for å fylle e-postar med unødig tekst hadde Skatteetaten gjort lurt i å slå av høve til å poste utanom tida redaksjonen er open. Informasjon som ikkje bør ligge offentleg kan bli liggande veldig lenge i periodar med fridagar.