Det ser ut som om saka om kraftverk i Leikanger kjem opp att no. Fleirtalet går framleis i mot.
Det er mogleg at eg har vanskeleg for å forstå, men slik eg skjønar saka så vart det framforhandla ein avtale av velvilje frå Sognekraft. Her ligg det inne 10 millionar og 1 million til barne- og ungdomsidrett. Skulle ein ha følgt minimumsreglane hadde det vore lommerusk Leikanger kommune ville fått. Prioritet av vasstilførsel er/var òg sikra i avtalen. Avtalen var på plass og godkjent av kommunestyret før nokon av ein eller anna grunn fekk kalde føter eller idear om at ein kunne greie noko betre. Vi snakkar om eit soleklart avtalebrot. Slike har som oftast konsekvensar. Sognekraft var ikkje verre på det enn at dei gjekk i nye forhandlingar.
Det er greitt å spele høgt når ein veit at ein har trumfkortet, men i denne saka har Leikanger kommune ingen ting. Eg er rimeleg sikker på at utbygging blir det uavhengig av kva som måtte skje i kommunestyret. Det vil vere synd om Leikanger kommune kjem til å sitje att med småpengar. 10 mill kjem godt med i ein anstrengt økonomi, men det ser ut som om dei folkevalde meinar at innbyggjarane har evne til å akseptere auka (eigedoms)skattar, avgifter. Ein kan vel heller ikkje sjå bortifrå at vederlag for bruk av kommunen sine lokaler, t.d. idrettshallen og skulen, gjer eit byks. Dei folkevalde får òg ta høgde for eit erstatningssøksmål frå Sognekraft samt betale for kunstgrasbana som ein ikkje lenger vil ha midlar til.
Eg reknar med at framtidige aktørar bit seg merke i korleis politikarane har handtert saka. Eg er ikkje sikker på at andre vil vere like velvillige dersom ein kan sleppe unna med å følgje eit eller anna lovpålagt minimum. Eg veit kva eg ville ha valt…