Tur: Togga i Sogndalsdalen

Togga-000Dette er ikkje den første turen til ein topp i Sogndal kommune, men det er den første turen eg har starta i Sogndal kommune.

Turen startar på parkeringsplassen ved enden av Gunvordalen. Du følgjer hovudvegen parallelt eit par hundre meter mot Vatnasete før du går inn på stien, som tek deg frå ca 430 moh til 1205 moh fordelt over 2,2 km.

Like under 800 høgdemeter fordelt på 2,2 kilometer betyr at det blir bratt. I den første 1/3-delen av turen er stigninga markant, men etter denne «forretten» skrur Togga til. Har du gått for hardt ut nederst, vil du no kome til å merke det. Turen er bratt så lenge at du får nok av høve til å studere vegetasjonen og skotuppane. Ta ein pause no og då og smak på bæra. Det blir litt slakare når du nærmare toppen, men ver inneforstått med at oppstiginga til Togga kan virke nådelaus. Ta den tid du treng! Er du i god form kjem du opp på timen, men sikt deg heller inn mot 2.

Utsikta gjennom skogen er begrensa. Du kan snike deg til ein titt inn Gunvordalen, men når du er over skogen kan du snu deg og sjå ut over Dalavatnet. Stien er godt brukt og tydeleg i terrenget. Du treng ikkje vere redd for å gå deg bort. Joggesko saman med ekstra klede til toppen er lurt, og for all del ikkje gløym drikke.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.