Apple var nokså standhaftige og nekta mellom anna støtte for Adobe Flash på iPad og iPhone. Har du ei berbar maskin, vil du at ho skal vare så lenge som mogleg mellom kvar lading. Flash med meir skapar utfordringar for batteritida.
Eg har brukt ulike utvidingar til nettlesarane for å blokkere reklame og Flash. No har enkelte nettsider vorte sett opp slik at dei merkar om du har blokkerar installert og gir deg (i det minste) ei tilbakemelding. Etter å ha sett over innstllingane til nettlesarane har eg funne at du kan stoppe automatisk avspeling av tillegg.
Firefox
- I adresselina på Firefox skriv du about:config
- Søk etter plugins.cl
- Dobbelklikk på lina slik at Verdi vert true
Chrome
- Klikk på Skiftenøkkelen og vel Innstillinger
- Vel Avansert
- Klikk på knappen Innstillinger for innhold
- Rulle ned til Programinnhold
- Endre innstilling til Klikk for å spille av
Opera
- Trykk Ctrl saman med F12 for å komme til Innstillinger.
- Vel fana Avansert.
- Klikk på Innhold.
- Merk av Bruk programtillegg bare når jeg ber om det.
Internet Explorer og Safari
Eg brukar ikkje Internet Explorer og Safari og omtalar dei ikkje her.