For ei lita stund sidan oppdaterte eg mi hovudmaskin med SSD. Fordelen er responsen og farten frå SSDen. Ulempa er at eg fekk vesentleg mindre plass tilgjengeleg. Filer som til dømes musikk og råvideo måtte f lyttast til ekstern disk. Å flytte mapper og filer skapar utfordringar. Musikk er linka opp i mediaspelaren via spelelister som peikar til feil plass. Videoprosjektfilene i Pinnacle Studio peikar til filer med råvideo som ikkje lenger ligg der.
Ordinære snarvegar, som du dreg og slepp i Windows utforskar, kan ikkje løyse dette. Dei er filer og ikkje lenker/peikarar på filsystemnivå. For å opprette slike lenker/peikarar må du bruke kommandoen mklink:
MKLINK [[/D] | [/H] | [/J]] Kobling Mål /D Oppretter symbolsk kobling for katalog. Standard er symbolisk kobling for fil. /H Oppretter en fast kobling istedenfor en symbolsk kobling. /J Oppretter et katalogknutepunkt. Kobling angir navnet på den nye symbolske koblingen. Mål angir banen (relativ eller absolutt) som den nye koblingen refererer til.
Eg tek musikken som eksempel. Han låg i felles-mappa under Musikk. Når det gjeld Windows 7 og Vista, må ein ha på minne at ting ikkje er slik det ser ut på overflata. Filsystemet har engelske namn som i det grafiske grensesnittet blir overlagt med eit språk. Du ser det enklast ved å bruke utforskar og navigere deg inn på stasjon c, så dobbelklikker på Brukere. Dersom du klikkar deg inn i adresselina, på toppen av utforskarvindauga, vil du sjå at adressa endrar seg til C:\Users\.
For å vere sikker på å ha alle rettar ved oppretting av lenker, må du starte Ledetekst frå Start-knappen – Alle programmer – Tilbehør – Ledetekst. Det er viktig at du høgreklikkar på Ledetekst og veljer Kjør som Administrator. Deretter brukar du kommandoane cd og dir for å navigere deg rundt og sjå deg om.
cd.. gå eit nivå opp, t.d. frå C:\Windows\system32 til C:\Windows\
cd \ tek deg til rotnivå, t.d. c:\
dir listar filer og mapper
cd «mappenamn» plassere deg inne i mappa. Pass på hermeteikn dersom det er mellomrom i mappenamnet.
I mitt tilfelle flytta eg meg til C:\Users\Public ved å skrive cd \Users\Public\. Sidan Musikk eller i realiteten mappa Music er standard i Windows og inneheld ei skjult fil, er det enklast å fjerne mappa i utforsrkaren i Windows. Pass difor på at mappa er fjerna før du køyrer mklink. Musikken har eg flytta til D:\Musikk. Lenka opprettar eg slik:
C:\Users\Public>mklink /J Music D:\Musikk\
Eg har valt å bruke /J og ikkje /D fordi eit katalogknutepunkt vil virke om du deler mapper med andre. Når eg startar min mediaspelar, trur han framleis at musikken ligg i C:\Public\Users\Music\ og alle spelelister er intakte.