
I lengre tid har eg irritert meg stort over at når mine hovudtelefonar byter frå mobil til MacBookane mine, sprett Apple Music opp på MacBookane. Apple Music-appen kan ikkje avinstallerast eller slettas på nokon enkel måte. Kvifor Apple?
Etter ein del månadar fekk eg nok og søkte på internett. Eg kan ikkje vere den einaste som irriterar meg grøn på at Apple Music sprett fram som eit troll or ei øskje. Ikkje fullt så skremmande, men minst like irriterande.
Løysinga fann eg fort og ho heiter noTunes. Lasta ned applikasjonen og drog han inn i Applikasjonar. For la noTunes starte opp når du loggar på, må du inn i Innstillinger under Generelt og Påloggingsobjekter og utvidelser i MacOS. Her klikkar du på + og legg til noTunes.


Når noTunes køyrer, skal du ha eit lite symbol oppe i høgre del av toppraden av skjermen. Her kan du slå av og på om Apple Music startar automatisk.