Asus X32U med sin AMD E-450-prosessor vart litt for blodfattig. Eg skifta ho ut med ei Lenovo IdeaPad Z380 med Intel Core i3-2370M. Eg registrerer at batteritida er noko dårlegare, men til mitt formål er ho betre. Den ekstra krafta kjem til tider godt med. Førstnemnde, med ei batterid på opp mot 8 timar takka vere eit større batteri, passar best for studentar til notering under forelesingar.
Den største utfordringa med Lenovo IdeaPad Z380 etter installasjonen, er at høgreklikkinga på trackpaden ikkje fungerer. Med litt søking fann eg ein diskusjon i forumet som såg ut til å vere løysinga. Sidan september har det vore nokre oppdateringar av kjernen. Han er i dag versjon 3.2.0-33-generic-pae, om du brukar 32-bit versjonen av Ubuntu 12.04. Eg har lagt opp ein modifisert versjon som let seg kompilere og installere for noverande kjerne her: psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2
Det eg gjorde med psmouse-3.2.0-30-generic-pae.tar.bz2 frå forumet var at eg pakka ho ut, redigerte dkms.conf ved å endre PACKAGE_VERSION=»3.2.0-30-generic-pae» til PACKAGE_VERSION=»3.2.0-33-generic-pae». Deretter lagra eg dkms.conf, endra namnet på katalogen og pakka katalogen ned att slik at eg fekk fila psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2.
Eg går utifrå at du kan gjere tilsvarande om du hentar fila ved eit seinare høve, etter at Ubuntu 12.04 har fått ei nyare oppdatering av kjernen. Du finn kjerneversjonen ved å opne ein terminal og skrive uname -r. Eg har ikkje testa det med 64-bit versjonen av Ubuntu 12.04, men eg går utifrå at du brukar uname -r for å finne versjonsnavnet på kjernen og legg det inn i PACKAGE_VERSION=»»xxxxxxxxxxxxx». Tilsvarande må du tilpasse alle kommandoane under der teksten 3.2.0-33-genereic-pae er brukt.
For å få på plass drivaren er framgangsmåten slik (med linjeskift etter kvar kommandoline):
- Last ned fila psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2 til katalogen Nedlastinger under din brukarkonto.
- Opne ein Terminal
- cd ~/Nedlastinger
- Skriv sudo apt-get install dkms build-essential
- Skriv tar jxvf psmouse-3.2.0-33-generic-pae.tar.bz2
- Skriv sudo mv psmouse-3.2.0-33-generic-pae /usr/src
- Skriv cd /usr/src
- Skriv sudo chmod -R a+rx psmouse-3.2.0-33-generic-pae
- Skriv sudo dkms add -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
- Skriv sudo dkms build -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
- Skriv sudo dkms install -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
- Skriv sudo modprobe -r psmouse
- Skriv sudo modprobe psmouse
- Skriv sudo dkms status
Tilbakemeldinga på den siste kommandoen skal vere omtrent slik:
«psmouse, 3.2.0-33-generic-pae, 3.2.0-33-generic-pae, i686: installed»
Deretter restartar du maskina og sjekkar om høgreklikk er på plass. For å avinstallere drivaren:
- Opne ein Terminal
- Skriv sudo dkms uninstall -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae
- Skriv sudo dkms remove -m psmouse -v 3.2.0-33-generic-pae –all