Tur: Huksdalen

Huksdalen ligg vest om tettstadane Hermansverk og Leikanger på vegen mot ferjekaien på Hella. Dalen har to namn. På austsida av elva heiter han Huksdalen og startar under Huke. På vestsida heiter den Grindsdalen og går frå Grinde. Du kan kome deg fram dalen frå begge sidene, men å kome seg frå Grinde er vanskelegare enn frå Huke.

I 2022 er det god grusveg frå Huke-sida. Vær merksam på at det er ein bomveg for bilar. Rett etter det siste bruket står det kamera som registrerer skilnummeret på bilen. Herifrå er det ca 6 km fram til enden av den opne vegen og parkeringsplassen.

Framme ved enden parkeringsplassen er det ca 15 minutt opp til Nyastølen med Kjeringafjell kneisande bak. Rett nordover er det 30 minutt fram til stølen Stavsete. Du følgjer for det meste ein privat grusveg fram til Stavsete. Mellom Nyastølen og Stavsete er det flotte, opne turområder utan store stigningar. Eller kva med å ta turen nordover, forbi Stavsete mot Skar og kanskje Øvre Rommedal?

For dei som ønskjer å kome opp i høgda er det fritt val både i aust og vest med Kjeringafjell, Kaldkletten, Svindalseggi, jamvel Friksdalseggi og Myrdalsbreen eller for den del gå opp Stavafjellet og til nordspissen på Stav. Frå der kan du gjerne gå over til sørspissen og gå ned Troeggi mot Vassvarden for å enda opp på Hella ferjekai.

Huksdalen har eit par ess opp i ermet. Ved å køyre heilt fram kan du gå den kortaste turen til Kjeringafjell. Du går opp til Nyastølen, inn Eitrebotn og svingar sørover, på bandet mellom Eitrebotn og Friksdal, opp på Kjeringafjell. Ved å starte på ca 700 moh, tilsvarande litt under Sevi eller på Kallbakk over Stokksete, vil dette vere ein mindre slitsam tur enn frå Henjadalen eller Kleppa.

Eit anna ess er at ein kan følgje traktorvegen opp Gildalen og halde fram mot Hest. Du vinn nokre hundre høgdemeter i forhold til Engjasete og du sparar ein del kilometer. Totalt sett blir turen til Hest lettare.

2 thoughts on “Tur: Huksdalen

  1. Hei,
    Er det merka løype fra Huksdalen til Stavsete, det gamla selet til Krokane?
    Kor lang tid tar det å gå fra der ein må parkere bilen?
    Er det overnattingsmulighet der, 1 natt?

    • Stien er tydeleg i terrenget fram dalen. Å finne fram byr ikkje på noko problem.

      Om du går frå bommen, må du rekne med vel 2 timar rask gange. Har du litt høg bil og kr 50 kan du kome fram eit stykke og spare ein 30 minutt til 45 minutt av gåturen. Berre dei med skikkeleg høge bilar kan køyre heilt fram til enden av vegen.

      På Stavsete er det kun private sel/hytter. Skal du overnatte, ta med telt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.