
Det er i dag utallige leverandørar som tilbyr lagring og andre tenester på internett. Eg brukar nokre og har testa fleire. Det er ikkje til å legge skjul på at tenestene er hendige. Uavhengig av kor og korleis eg er kopla opp mot internett, får overført oppdaterte data til maskinene mine. Eller eg kan jobbe med dokument i skya.
Slike tenester skapar utfordringar ved at du aldri kan vere sikker på at tenesta er sikker i det forstand at ikkje utru tenarar kan dra nytta av dine personlege data eller at eksterne kan få tilgang på grunn av ditt dårlege passord eller svakheitar i løysinga som kan utnyttast.
«Lit ikkje på nokon» er eit bra utgangspunkt. Det får deg til å tenkje på korleis du kan hindre uvedkomande å få tak i opplysningane frå deg. Ein måte å hindre at viktige data kjem på avvegar er å avgrense bruken av skya for dine mest personlege data. Men desse er oftast dei du vil ha med deg rundt heile tida. Som bank- og førarkortet ditt er det ting som du dagleg har bruk for. Har du, som eg, fleire maskiner med ulike operativsystem og plasseringar, er skya eit sentralt hjelpemiddel i å sikre at du alltid har tilgong oppdaterte, viktige data. Eit godt passord er ikkje alltid nok i slike tilfelle.

Ein måte å løyse det på er å nytte programvare som dannar eit ekstra lag at tryggleik mot dine data. Eit eksempel på slik programvare er Truecrypt som kan kryptere platelager, minnebrikker eller opprette krypterte filer som framstår som virtuelle stasjonar (t.d. F, G osv i Windows). Eit anna eksempel er Keepass som er ein passorddatabase. Begge kan nytte nøkkelfil(er) i tillegg til passord for å sikre data. Men slik sikring krev at du fragmenterer sikringa.
Fragmentering kan skje ved at
- du kopierer over nøkkelfiler til dine pcar ved hjelp av minnepinne eller -brikke. Dette hindrar deg å flytte deler av nøkkelen over internett.
- du brukar 2 tenester på nettet med uavhengige og sterke passord med t.d. minst 12 teikn med a-å, A-Å, 0-9 og nokre lett tilgjengelege teikn på tastaturet. Eksempel på det siste er !»# osv.
Eit døme på alternativ 2 er å bruke Dropbox og GoogleDrive. Ei av tenestene har nøkkelfil(ene) liggande. Den andre har dine krypterte data. Nøkkelfil(ene) skal aldri vere innom same tenesta som dine krypterte data. Dersom tenesta med nøkkelfil(ene) blir kapra, vil dei ikkje skjøne kva dei er. Det viktigaste er at dei ikkje ha tilgong til dine krypterte data. Blir tenesta som har dine krypterte filer kapra, kan dei ikkje låse opp filene sjølv om dei skulle ha kjennskap til passordet. Nøkkelfil(ene) er ein del av sikringa og må vere med for å låse opp dei krypterte filene.
Oppsummert døme 2
- Krypterte datafiler blir sikra med kombinasjonen nøkkelfil(er) og sterke passord med minst 12 teikn med a-å, A-Å, 0-9 og nokre lett tilgjengelege teikn på tastaturet. Eksempel på det siste er !»# osv.
- 2 tenester på internett blir sikra med uavhengige og sterke passord på minst 12 teikn med a-å, A-Å, 0-9 og nokre lett tilgjengelege teikn på tastaturet. Eksempel på det siste er !»# osv.
- Nødvendig programvare for synkronisering blir installert og kopla opp.
- Nøkkelfil(er) blir kopiert over til brukarkatalogen til ei teneste.
- Krypterte datafiler blir kopiert over i brukarkatalogen til den andre tenesta.