
Turen til Fagreggi er ein litt lenger tur enn til Rjupeskar. Begge plassane kan imidlertid besøkast i same slengen. Rjupeskar ligg i den vestlege enden av ein rygg som strekker seg frå Fagreggi. Går du ryggen i austleg retning endar du opp på Fagreggi etter ca 15 minutts gange.
Om du ikkje vil opp på Rjupeskar går du opp på ryggen litt aust for Rjupeskar og følgjer han mot Raude Kross-boksen som står like under Fagreggi. Du har att ei siste oppstiging før du går inn til den vesle varden og kan skue ut over Sognefjorden med meir.
På Fagreggi kan du i aust sjå Fjærlandsetevatnet med Jotunheimen og Hurrungane i bakgrunn. Snur du deg sakte sørover, ser du både Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki, Bjørgahaug før du i sørvest ser innover fjorden mot Fresvik og Aurlandsfjorden. Feiosdalen skimtar du samt deler av Vik og Balestrand, Stølsheimen og ryggen til Rjupeskar. Fagreggi gir deg i vest god utsikt mot Grindsdalen med Mælen, Dalsbotnen, Hest og Gildal. Over Discohola kan du sjå Dalsete på Huks-sida av Grindsdalen. Nordom har du Kjeringasteinen og Kjeringi.
Turen er splitta i fleire deler:
- Frå Kleppa til krysset der du kan ta av til Smørkletten – Bilete 002 – 016
- Frå krysset til Smørkletten og opp til Rjupeskar – Bilete 001 – 030
- Nede ved foten av Rjupeskar til Fagreggi




























