I desse tider med Snowden som hevdar at etterretningstenster kan få tilgang til det meste av informasjon, har eg for moro skuld sett litt etter alternativ. Ikkje det at eg har så mykje interessant, men eg meinar at mine filer skal eg i utgongspunkt ha full kontroll. Inntil no har eg inngått visse kompromiss. Det viktigaste har eg sikra på best mogleg måte eller ikkje lagt på skytenester.
Eg har sett på ulike synkroniseringstenester som Tonido eller ei meir lokal teneste som BiTtorrent Sync, Alt har sin pris eller sine ulemper. ownCloud virkar som eit betre alternativ Med Tonido må ein registrere konto. Kor er då krypteringsnøkkelen osv? BiTtorrent Sync fungerer greit innafor eige nettverk, men krev litt meir over internett. I tillegg vert ikkje filer lagra kryptert (på synkroniseringsserver). ownCloud virkar i så måte betre ved at ein mellom anna kryptering på serversida.
Til prøveoppsettet mitt brukar eg ein WAMP-server, komplett med Apache, MySQL og PHP er dette eit godt utgongspunkt. Eg justerte nokre rettar og passord på MySQL-serveren av personlege preferansar. Oppsettet av ownCloud gjekk rimeleg greitt. I første forsøk blinksa eg litt når det gjaldt kva for brukarnamn og passord relatert til MySQL. Eg trudde at ownCloud bad om å oppretta ein ny databasekonto, men det var root-kontoen (standard administrator) eg skulle legge inn. ownCloud-oppsettinga genrerer automatisk sin eigen brukarkonto til MySQL. I tillegg opplevde eg at eg vart låst ute av serveren når eg aktiverte kryptering av filer på server. Eg trur at det kan tilskrivast mine eksperiment. Når eg sette opp i andre forsøk, gjekk alt «meget bedre».
Med ownCloud oppe byrja arbeidet med å klargjere den for internett. Standard oppsett køyrer ownCloud over http utan kryptering. Dette er greitt nok over ditt eige private nettverk, men skal synkroniseringa skje via internett må ein implementere ein kryptert kanal, slik som nettbankane. Med ei linux-maskin fekk eg enkelt generert eit sertifikat som kunne brukast til å sikre kommunikasjonen:
openssl req -x509 -nodes -days 3650 -newkey rsa:2048 -keyout server.key -out server.crt
Ettter at sertifikatet var på plass og kommunikasjonen mellom klientena og server var sikra mot sniffing, var tida komen for å sikra Apache-sereren best mogleg. Ein må sørge for å reudsere svakheiter og slå av ulike modular samt gjere nokre justeringar i oppsettet. Mellom anna vil du ikkje ha grensesnittet til WAMP-serveren ute på internett. Tenaren din må ikkje vere ein open invitasjon til tvilsomme sjeler å hente ut mest mogleg informasjon. Eit søk etter hardening Apache server løyste det meste. Det som gjenstod var ei lita justering av internettrouteren slik at ein obskur port vart opna for å motta og vidareformidla trafikken til rett maskin.
Totalt sett trur eg at eg har greidd å sikre min eigen tenar rimeleg godt. Det som gjenstår er å sjå om synkroniseringa vil fungere tilfredsstillande…